Nye medlemmar til KOFA
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Pressemelding | Dato: 15.12.2006 | Sist oppdatert: 16.12.2006
Lagdommarane Jacob Wahl og Magni Elsheim er i statsråd i dag oppnemnt som nye medlemmar av Klagenemnda for offentlege anskaffelser (KOFA). Åtte av dei andre ti medlemmane vart gjenoppnemnt.
Pressemelding
Nr.: 54/2006
Dato: 15.12.06
Nye medlemmar til KOFA
Lagdommarane Jacob Wahl og Magni Elsheim er i statsråd i dag oppnemnt som nye medlemmar av Klagenemnda for offentlege anskaffelser (KOFA). Åtte av dei andre ti medlemmane vart gjenoppnemnt. Medlemma skal fungere i to år. KOFA er eit uavhengig organ som handsamar klager om brot på det offentlege innkjøpsregelverket.
Frå 1. januar 2007 vil leiaren for nemnda fortsatt være advokat Bjørg Ven. Dei gjenvalde medlemma er: professor Kai Krüger, høgsterettsdommar Jens Bugge (pensjonert), advokat Siri Teigum, professor Per Christiansen, advokat Andreas Wahl, advokat Morten Goller og lagdommar Inger Marie Dons Jensen.