Innvandrarar skal kvoterast inn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Pressemelding | Dato: 19.12.2007
1. januar 2008 startar forsøksprosjektet med moderat kvotering av innvandrarar ved tilsetjingar i 12 statlege verksemder. Blant innvandrarbefolkninga er arbeidsløysa tre gonger så høg som elles i landet. Vi har ikkje råd til å la verdifull arbeidskraft stå ubrukt, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.
1. januar 2008 startar forsøksprosjektet med moderat kvotering av innvandrarar ved tilsetjingar i 12 statlege verksemder. Blant innvandrarbefolkninga er arbeidsløysa tre gonger så høg som elles i landet.
- Vi har ikkje råd til å la verdifull arbeidskraft stå ubrukt, og vi kan ikkje akseptere slike skeive tilstandar i arbeidsmarknaden, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.
Moderat kvotering betyr at dersom to søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, skal innvandraren ha forrang.
- Vi synest det er riktig å starte forsøk med positiv særbehandling for å få fleire innvandrarar ut av arbeidsløysekøen og over i arbeid. Kvotering på andre område har vist seg effektivt, seier Grande Røys.
Husbanken er ei av verksemdene som prøver ut moderat kvotering.
- Vi er glade for å bli med på forsøket fordi tilsette med fleirkulturell bakgrunn styrkjer ei verksemd. Innvandrarar tek med seg nye perspektiv og har verdifull kultur- og språkforståing, seier Bård Øistensen, viseadministrerande direktør i Husbanken.
Følgende statlige virksomheter deltar i prosjektet:
- Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- Utlendingsdirektoratet
- Arbeidstilsynet
- Arbeids- og velferdsdirektoratet
- Statsbygg
- Forsvarsbygg
- Husbanken
- Departementenes Servicesenter (DSS)
- Oljedirektoratet
- Nasjonalt Folkehelseinstitutt
- Sosial- og helsedirektoratet
- Politidirektoratet