Betre nynorsk i staten
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Pressemelding | Dato: 22.10.2008 | Sist oppdatert: 16.10.2013
Regjeringa set no i verk ei rekkje tiltak for å styrkje nynorsken. Mellom anna lanserer fornyingsminister Heidi Grande Røys eit prosjekt for klart språk i staten. Ho ønskjer at offentleg tilsette skal meistre nynorsk betre. Både tilsette i statleg som kommunal sektor vil få tilbod om kursopplegg.
Regjeringa lanserer eit prosjekt for klart språk i staten. Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys ønskjer at offentleg tilsette skal meistre nynorsk betre. Både tilsette i statleg som kommunal sektor vil få tilbod om kursopplegg.
– Nynorskkunnskapane er for dårlege hos dei som har nynorsk som sidemål, og resultatet er ofte at det dei leverer på nynorsk, er tungt og klossete. Dette må vi endre på, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.
Prosjektet omfattar både nynorsk og bokmål og har som siktemål at språket i statsforvaltninga skal bli enklare å forstå.
Saman med kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell og kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa presenterte Grande Røys i dag nynorsktiltaka frå regjeringa på eit arrangement i Ivar Aasen-tunet i Ørsta-Volda.
Sjå lista over tiltak frå Regjeringa (PDF)
Auka løyvingar
Regjeringa legg også vekt på å gi spesielle nynorskinstitusjonar gode rammevilkår, og har derfor i forslaget til statsbudsjett for 2009 foreslått auka løyvingar til fleire institusjonar.
Sjå óg:
- Regjeringa satsar på nynorsk (pressemelding frå Kunnskapsdepartementet).
- Regjeringa satsar på nynorsk (nyhet frå Kommunal- og regionaldepartementet).