Rosar Telemark for breibandsarbeidet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Pressemelding | Dato: 16.09.2008
Fornyingsminister Heidi Grande Røys rosar arbeidet som er lagt ned i Telemark for å skaffe alle tilgang til breiband. - Dekninga vi no ser i fylket er oppnådd gjennom godt gammaldags spleiselag mellom operatørane og lokale, regionale og nasjonale myndigheiter.

Dette sa fornyingsminister Heidi Grande Røys under markeringa av at arbeidet med å skaffe dei siste husstandane i fylket breiband no er i gang. Markeringa fann stad i dag på Haukeliseter fjellstue. Fjellstua er den første av Den norske turistforeininga sine hytter med fiberbreiband i veggen.
- Telemark fylke er blant dei meir krevjande norske fylka å dekkje med breiband sidan store delar av fylket har ein vanskeleg topografi og spreidd busetnad. Di viktigare er det at fylket ikkje vert hengjande etter i utviklinga, og di meir imponerande er det at Telemark snart har full breibandsdekning. Dette arbeidet hadde ikkje vore mogleg utan fylkeskommunen som ei drivande kraft og koordinator for dette arbeidet og tilskot frå kommunar, kraftselskap og operatørar, sa Grande Røys.
Den siste store breibandssatsinga i fylket har kosta rundt 80 millionar kroner. Av dette er om lag 40 millionar kroner statleg støtte frå regjeringa. Fylkeskommunen i Telemark ventar at utbygginga i fylket vert ferdig i 2009.