Historisk arkiv

Stortingspensjonar - Innst. O. nr. 38 (2008-2009) – godskriving av tid som statsråd m.m.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys ber Stortinget klargjere spørsmål om godskriving av tid som statsråd, i samband med at pensjonsordninga for stortingsrepresentanter blir overført til Statens Pensjonskasse.

Stortingets presidentskap, har i Innst. O. nr. 38 (2008-2009) lagt fram forslag til endringar i lov om pensjonsordning for stortingsrepresentanter. Forslaget vart handsama i Odelstinget den 3. februar 2009. Kongen i statsråd har i dag sanksjonert lova som overfører det administrative ansvaret for lov om pensjonsordning for stortingsrepresentanter. Administrasjonen av pensjonsordninga vert lagt til Statens Pensjonskasse (SPK).

Presidentskapet har lagt til grunn at Pensjonsstyret sin praksis vedkommande medrekning av statsrådstid skal vidareførast når ein skal gi rett til pensjon etter 75-årsregelen. Dette kan reise spørsmål i høve til den alminnelige juridiske forståinga av ” 2 tredje ledd andre punktum i lova, slik det går fram av Ekspertutvalet sin drøfting i punkt 4.2. Med utgangspunkt i enkelte synspunkt vedkommande tilhøvet mellom lov og praksis som kom fram under debatten i Odelstinget, kan det virke noko uklart om Presidentskapet sitt syn bør leggjast til grunn i den vidare handsaminga av saker etter lova.

Difor ber vi Stortinget klargjere følgjande spørsmål:

  1. Kvalifikasjon til pensjon: I kva mon har statsrådtid vore tatt med når ein skal fastslå om det skal bli gitt rett til stortingspensjon etter 75-årsregelen?
  2. Utrekning av pensjon: Har statsrådtid vore tatt med i den pensjonsgjevande tenestetida når pensjonsordninga har rekna ut pensjonen som skal verte utbetalt? Er det noko skille mellom tid der statsråden og har vore stortingsrepresentant, og tid der statsråden ikkje har vore det?

SPK vil etter kvart ha eit betre grunnlag for å ta opp ulike spørsmål om praksis knytta til einskilde saker, som ikkje er departementet sitt ansvarsområde. Eg vonar at det vert etablert gode samarbeidsrutiner mellom Stortinget sin administrasjon og SPK. Særleg den første tida, men og seinare kan det vere trong for å få innsyn i det som har vore praksis.

Ut over dette er eg kjend med at det er nedsett eit pensjonsutval som arbeider med forslag til nye pensjonsordningar for politikarar. Departementet vil avvente dette arbeidet og lovendringar som følgje av dette.


Med helsing


Heidi Grande Røys