Historisk arkiv

Dugnad for fornying!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av fornyingsminister Heidi Grande Røys på Kartellkonferansen, 1. desember 2005.

Dugnad for fornying!

Innlegg av fornyingsminister Heidi Grande Røys på Kartellkonferansen, 1. desember 2005.

1) Ein konstruktiv dialog

Aller først - takk for invitasjonen. Det er ei stor glede for meg å vere her! Som fornyingsminister har eg no fått ansvaret for å samordne regjeringa sitt fornyingsarbeid. Dette arbeidet vil ha høg prioritet. Eg har eit direkte ansvar for IT-politikk, konkurranse- og forvaltningspolitikk. Eg er òg her fordi mitt departement har ansvaret for den overordna arbeidsgivarpolitikken i statleg sektor – og dermed også for staten sin personalpolitikk. Den vil eg kome inn på seinare i innlegget.

Ei av dei viktigaste oppgåvene vil vere å leggje forholda til rette for eit trygt og godt arbeidsliv for alle.

Skal regjeringa lukkast, treng vi mange gode hjelparar. Vi treng eit aktivt og godt samarbeid med fagrørsla. Ei sterk fagrørsle er ein garanti for demokratiet. Vi ønskjer å trygge velferdsstaten for framtida. Då må vi òg utvikle og fornye offentleg sektor.

På den måten kan vi sikre folk: Gode tenester, valfridom og medverknad.

Her og no vil eg difor invitere LO Stat til ein konstruktiv dialog om dei viktige oppgåvene regjeringa skal ta fatt på. Og eg forventar at LO Stat stiller opp for å fornye offentleg sektor! Det betyr ikkje at vi vil vere samde om eitt og alt. Og det er greitt. Sjølv i saker der vi er usamde, vil eg leggje opp til ein konstruktiv dialog.

I Soria Moria-erklæringa har regjeringa sett seg ambisiøse mål i fornyingsarbeidet. Desse måla er det ikkje mogleg å nå utan:
Felles innsats, entusiasme og pågangsmot.

2) Ein nordisk modell som er skapt for framtida

Noreg overtok nyleg ansvaret for leiinga i Nordisk Ministerråd.

Vi vil særleg leggje vekt på tre utfordringar

· Samarbeidet i nordområda

· Den nordiske velferdsmodellen

· Kunnskap, fornying og verdiskaping

Vi vil leggje til rette for ein aktiv dialog for å sikre ei god utvikling på desse områda.

Ein rapport som er laga i samarbeid med Nordisk Ministerråd, peikar på følgjande: Norden har forholdsvis høgt skattenivå, store offentlege sektorar og omfattande rettar for arbeidstakarane. Samtidig er Noreg særleg mellom dei land i verda som har den høgaste levestandarden - og ein sterk økonomisk vekst. Nokon vil kalle det eit paradoks – vi vil seie det er sjølvsagt.

Den nordiske modellen er nemleg som skapt for framtida. Dei nordiske velferdsstatane er bygde på eit felles sett av verdiar. Verdiane likskap, tillit og inkludering har gitt grunnlag for ei god økonomisk utvikling. Den nordiske modellen kombinerer effektivitet og vekst med ein stor grad av omfordeling. Det handlar kort sagt om å skape – og å dele.

Vi ønskjer å byggje vidare på verdiane likskap, tillit og inkludering. Dei sikrar ein god dialog mellom partane i arbeidslivet. I tillegg tek det offentlege ansvar for å betale ting som ligg på bedriftene i andre land (t.d. sjukeløn, permisjonar, helsevesen). Regjeringa meiner at eit godt samarbeid mellom partane, eit ordna arbeidsliv – låge lønsforskjellar og kort veg mellom tilsette og arbeidsgivar er eit konkurransefortrinn for norsk arbeidsliv.
Eit fortrinn vi ønskjer å byggje vidare på!

3) Full fart i fornyinga av offentleg sektor

Det er gått 20 år sidan dei første ”fornyingsplanane”. Mykje har skjedd sidan administrasjonsdepartementet gav ut planen med den opplyftande tittelen ”Den nye staten”. Då var eg nettopp ferdig med grunnskulen!
Det har vore formidable endringar. Det har også Fafo dokumentert tidlegare på denne konferansen. Det er berre 10 år sidan Telenor var Televerket, men det blir opplevt som ei lita æve sidan. Offentleg tilsette har vist ein vilje og evne til å vere med på omstilling eg trur politikarar i dei aller fleste andre land - ja alle land - vil misunne oss.
Til gjengjeld har vi fått kanskje den beste offentlege sektoren i verda.
Vi blir rangerte heilt i verdstoppen både når det gjeld livskvalitet og næringslivet si konkurranseevne.

Denne regjeringa ønskjer å ha full fart framover i fornyinga av offentleg sektor. Gjennom fornyinga vil vi:

· For det første, innrette tilbodet til brukarane. Vi vil organisere det offentlege tilbodet slik at det møter folk sine behov der dei er – uavhengig av lommebok og sosial status. Det skal vere enkelt å ta kontakt med det offentlege – og du skal få rettferdig behandling.

· For det andre, må vi alltid ha som mål å løyse fellesskaps-oppgåvene så effektivt som mogleg - for å frigjere pengar til høgt prioriterte oppgåver. Men det skal ikkje gå ut over kvaliteten på tenestene.

· Offentleg sektor skal vere ein spennande og utviklande stad å jobbe.

Vi har vore kritiske til korleis fleire tidlegare reformer har blitt gjennomført. Likevel er det ikkje tvil om at det har vore behov for fornying på mange område – og det vil vere stadig trong for omstilling og fornying. Tenk på Skatteetaten. Å fylle ut sjølvmeldinga er ei heilt anna oppleving i dag, enn for berre få år sidan. Sjølvmeldinga på nettet er kåra til den beste offentlege nettstaden i 2005. Heile 1,25 millionar skatteytarar leverte på nett i år. Og Skattedirektoratet gjennomfører brukarundersøkingar for å bli endå betre neste år.

3.1 Kvifor treng vi å fornye?

For det første, fordi vi i regjeringa har høge ambisjonar. Vi vil at det offentlege framleis skal spele ei nøkkelrolle for velferd, sosial tryggleik og verdiskaping.

Dette kjem kanskje som ei overrasking for nokre: Vi har kalkulatorar i SV òg. Forskjellen er å berre tenkje med kalkulatoren – eller å ha tankar i tillegg sjølv òg.

Av omsyn til industrien og nye generasjonar skal vi ha handlingsregelen som rettesnor på bruken av oljepengar. Dersom vi skal klare å innfri våre ambisiøse mål, må vi i tillegg frigjere pengar gjennom effektivisering.

Eldrebølgja gjer det ekstra viktig. La meg illustrere det. I 1995 var det 3 nordmenn over 80 år for kvar nyfødd. Litt forenkla kan vi seie at den nyfødde hadde tre oldeforeldre. I 2050 er det ikkje lenger 3, men meir enn 8 nordmenn over 80 år for kvar nyfødd. Mange vil oppleve å ha alle oldeforeldre på plass når dei blir fødde.

Den andre grunnen til at vi vil fornye, er at vi vil sikre oss at dei pengane vi set inn i offentleg sektor, faktisk gir dei resultat som innbyggjarane forventar. ”Supergenerasjonen”, dei som no er mellom 40 og 60, vil ikkje nøle med å etterspørje private løysingar om vi ikkje klarer å fornye offentleg sektor. Denne, til no mest privilegerte generasjonen, vil tvinge det offentlege til å tenkje nytt. Både når det gjeld brukarmedverknad – og når det gjeld individuell tilpassing av tenestene.

Men dette vil eg gjere heilt klart: Vi vil ikkje gå inn på vidare privatisering av helse, omsorg og utdanning. Det betrar verken effektiviteten eller kvaliteten på tenestene!

Vi skal lytte til brukarane – og vi skal møte dei med respekt. Vi vil ha ein offentleg sektor som yter tenester av høg kvalitet – og som er tilpassa det brukarane etterspør. Det gjeld alt frå barnehageplass, til informasjon som småbedriftene treng og til fornying av pass og førarkort. Men det gjeld òg for menneske som no ”fell mellom to stolar” - eller som ”blir kasteballar” mellom ulike etatar. Det er gjerne dei som ikkje ropar høgt og som heller ikkje er kravstore.

Den siste grunnen til at vi skal fornye, er at vi alltid skal vere sikre på at offentleg sektor er i takt med tida. Sjølv dei av oss som eigentleg synest det er mykje godt med fylkeskommunen, må innsjå at den i si noverande form har nokre utfordringar. Den har sakte blitt tømt for innhald, den fungerer ikkje godt nok som eit demokratisk nivå, og snart har dei fleste statlege etatar funne andre regioninndelingar på eiga hand. Vi må difor vere opne for å vurdere og fornye våre eigne velferdsordningar - og måten desse er organiserte på. Dei er ikkje blitt til ein gong for alle. Vi må tilpasse dei etter kvart som behovet endrar seg - for at dei skal bli stadig betre.

3.2 Kva vil vi gjere?

Vi er allereie i gang med store reformer som kjem til å bety mykje i åra framover.

Det er sjølvsagt viktig at pensjonsreforma kjem i hamn. Forliket i Stortinget var eit viktig vendepunkt, men mykje står framleis att. Oppteningsmodellen skal spikrast, AFP og tidlegpensjon må avklarast, offentleg tenestepensjon må tilpassast – for å nemne noko.

Av organisatoriske reformer vil NAV - den nye arbeids- og velferds-forvaltninga - vere den største. Den vil få verknad for om lag 16 000 årsverk i Aetat, trygdeetaten og på sosialkontora. Vi trur at denne reforma, kan hjelpe oss med eit av dei største problema vi møtte då vi overtok regjeringskontora: Dei nærare 700 000 som står utanfor arbeidslivet på ulike sosial- og trygdeordningar. For å setje det i perspektiv: I 1995 stod 20 prosent av dei i yrkesaktiv alder utanfor arbeidslivet på ulike trygdeordningar. I 2004 var andelen auka til 24 prosent. Utan denne auken ville vi hatt nesten 100 000 fleire i arbeidslivet. No er om lag like mange arbeidslause.

Allereie no veit vi noko om dei reformene vi skal ha på teiknebrettet dei neste åra. Regionreforma vil vere ei av dei viktigaste. Formålet vil vere å etablere eit fornya og meir robust regionalt forvaltningsnivå. Regionnivået skal vere den sentrale aktøren for regional utvikling. Regjeringa vil sjå på korleis det regionale folkevalde nivået skal organiserast, kva for oppgåver som skal desentraliserast og korleis ein kan gjennomføre ei omorganisering av fylkesmannsembeta.

Reformarbeidet vil innebere at det må gjennomførast ei vurdering av fylkesmannsembeta si rolle, oppgåver, organisering og inndeling. Som administrativt overordna fylkesmannsembeta, vil mitt departement ha ei sentral rolle i dette arbeidet.

Det vil få verknad for mange statlege tilsette fordi vi skal sjå på om oppgåver skal desentraliserast, og ein skal serve nye, kanskje større regionar, men same kommunekart. Vi må òg vurdere om noko skal gjerast med regionorganiseringa i nokre av dei statlege etatane.

Timeplanen er realistisk, men ambisiøs: Vi har sagt at reforma skal kunne setjast i verk frå 1. januar 2010. Då har vi ikkje meir enn tida og vegen. Dette har vore utgreidd så lenge, og skuva på fordi det er ei vanskeleg sak. No er tida inne for å ta ei avgjerd.

Mitt ansvar er å køyre prosess – vere oppteken av at ikkje dette blir ein stor flyttesjau med mykje uro. Spørsmålet er: Korleis skal statsforvaltinga sjå ut – både sentralt og regionalt – viss vi får større regionar, men same kommunekart?

Dei offentlege oppgåvene skal løysast på ein effektiv og god måte, både sett frå vår side, men ikkje minst frå mottakaren av tenesta si side. Nokre oppgåver løyser faktisk staten best. I motsetning til den førre regjeringa, vil vi legge mykje større vekt på å inkludere dei tilsette - og deira organisasjonar.

Når det er sagt, forventar eg at organisasjonane viser vilje og evne til fornying - både gjennom ord og handling.

Opningstider

Opningstidene i det offentlege må tilpassast behovet til innbyggjarane på ein betre måte. Fysiske opningstider er framleis viktig fleire stader, sjølv om offentlege tenester også blir tilgjengelege på nettet. Mange statlege verksemder er opne for innbyggjarane innanfor den generelle arbeidstida sommar og vinter. Avtalane i staten er ikkje til hinder for å nytte andre arbeidstidsordningar enn den ordinære.

Vi må vise vilje til å prøve ut nye og fleksible arbeidstidsordningar for å oppnå meir brukarvenlege opningstider – også i staten.

4) IKT-politikk

IT speler ei sentral rolle i den samfunnsøkonomiske utviklinga. eNoreg 2009-planen har fokus på mellom anna:

· fornying av offentleg sektor,

· å sikre at kvar enkelt deltek i det digitale samfunnet, og

· å vidareføre ein aktiv næringspolitikk innan IT som sikrar innovasjon og vekst i næringslivet

Regjeringa vil følgje opp fleire av dei prosjekta som den tidligare regjeringa tok initiativ til – til dømes eNoreg 2009, men vil prioritere dei noko annleis – og ha ein annan retorikk i høve til arbeidet

Denne planen skal understøtte regjeringa sin politikk. Den vil vere eit sentralt verkemiddel for å vidareutvikle offentlege velferdstenester, styrkje velferda og sikre økonomisk vekst i heile landet. Regjeringa vil vidareutvikle ein aktiv IT-politikk på tvers av ulike forvaltningsnivå og sektorar, og mellom offentleg og privat sektor.

Regjeringa vil vidareutvikle viktige prosjekt som til dømes utviklinga av MiSide, den offentlege tryggleiksportalen, og løysingar som handterer elektronisk ID og elektronisk signatur, samt næringslivet sin portal Altinn. Tryggleiksportalen vert opna den 15. desember. Innbyggjarportalen MiSide vert lansert i løpet av første kvartal neste år. Vi treng ei god testperiode tidleg på nyåret for å sikre oss at informasjonen til innbyggjarane vert trygt handsama. Eg har store ambisjonar for den vidare utviklinga av MiSide. For det første, vil vi utvide MiSide til å tilby tenester både frå statleg og kommunal sektor – til dømes elektronisk søknad om plass i barnehage. For det andre, vil vi utvide MiSide til også å verte ei felles trygg postkasse for personlege meldingar mellom kvar enkelt innbyggjar og offentlege verksemder. Du vil til dømes kunne få svar på søknader, skatteoppgjeret og melding om at bilen må til periodisk kontroll. Alt dette vil bli samla i same elektroniske postkasse.

Regjeringa skal arbeide for å sikre grunnleggjande digitale kunnskapar for alle og medverke til å byggje ned digitale skilje. Det er viktig for å hindre utstøyting frå arbeidslivet - og å gjere det lettare å kome tilbake i arbeid. Digital kompetanse skal stå sentralt i dei nye læreplanane for grunn- og vidaregåande skule frå 2006. Bruk av digitale verktøy skal bli ein av dei fem grunnleggjande kunnskapane som i alle fag og på alle nivå. Nasjonale mål for digital kompetanse skal utviklast innan utgangen av 2006.

Regjeringa skal setje sterkare fokus på breibandutbygginga. Det er eit mål at alle husstandar, private og offentlege verksemder skal ha tilgang til eit framtidsretta høgkapasitetsnett til lik pris i heile landet innan utgangen av 2007. Regjeringa ønskjer å sikre auka digital tilgang til kunnskap og kultur. Målet er å utvikle Noreg til ein leiande kunnskaps- og IT-nasjon der alle kan delta.

5) Personalpolitikk

Personalpolitikk er eit tema som eg veit at mange av de i salen brenn for.

Det gjer også eg! Eg kunne teke for meg mange spanande tema her, men tida strekk ikkje til å nemne alle. Eg vil omtale nokre av dei områda som mitt departement arbeider med – og som eg vil vere særleg oppteken av i tida framover. Dei andre får liggje til ein annan gong.

Leiing og fornying

Regjeringa vil sikre ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk med vekt på trygge arbeidsvilkår i statleg sektor. Staten skal vere ein god arbeidsgivar for alle grupper av tilsette. Vi treng motiverte medarbeidarar for å lukkast i fornyingsarbeidet. Og vi treng gode leiarar som lukkast i å engasjere både hjerne og hjarte.

Leiarane i staten spelar ei viktig pådrivarrolle i arbeidet med fornying.

Leiaransvaret inneber mellom anna å vise vegen – og leggje til rette for omstilling og utvikling. Å vere leiar inneber også å sørgje for ei god dagleg drift – og ikkje minst å ivareta arbeidsgivaransvaret og ein god dialog med dei tilsette og deira organisasjonar. Eg har sjølv erfaring som leiar – og har opplevd det som ei svært utfordrande, men også ei krevjande oppgåve.

Denne regjeringa er oppteken av at leiarane i staten legg til grunn eit breitt perspektiv på leiing – og at dei tek omsyn til både dei mjuke og dei litt meir harde verdiane. Eg vil starte med dei harde.

Embets- og tenestemannslova blei oppheva – den gamle tenestemannslova held fram

Bondevik-II-regjeringa vedtok ei ny embets- og tenestemannslov. Den fjerna mange av dei særskilde vernereglane som gjeld for embets- og tenestemenn i staten. La meg nemne nokre av dei:

· For det første, innebar det ei sterk forenkling av tilsetjings-prosedyrane. Dei tilsette sin medverknad vart redusert.

· For det andre, skjedde det ei harmonisering med dei såkalla "stillingsvernreglane" i arbeidsmiljølova. Arbeidstakarane i staten skulle følgje oppseiingsreglane i arbeidsmiljølova. Dette ville mellom anna ha ført til at reglane om venteløn ville ha falle bort.

· For det tredje, ville venteløna ha falle heilt bort etter ein overgangsperiode. Dette ville ha hatt negative verknader for eldre arbeidstakarar med låg formell utdanning.

· For det fjerde, skulle det etter den nye lova ikkje lenger vere høve til å klage til eit overordna forvaltningsorgan, over vedtak om oppseiing eller avskil.

I sum fjerna Bondevik-regjeringa ei rekkje ordningar som alle var med på å styrke stillingsvernet til dei statstilsette. Vi har no oppheva embets- og tenestemannslova og lagt ein proposisjon fram for Stortinget om at den nogjeldande tenestemannslova blir ført vidare. Vi har gjort framlegg om nokre få, tekniske endringar for å tilpasse lova til den nye arbeidsmiljølova, men elles blir tenestemannslova ståande som i dag.

Det er ikkje alle sider ved tenestemannslova som verkar like godt.

Eg har nemnt for hovudsamanslutningane ein tanke om å setje ned eit utval til å sjå nærare på lova – og fått positive tilbakemeldingar på det.

Ei årsak til at vi treng å sjå nærare på lova, er prosedyrane for tilsetting. Mange verksemder mister godt kvalifiserte søkjarar, fordi prosessen tek for lang tid. Dette bør det gjerast noko med.

Dessutan treng vi, på sikt, ein grundig gjennomgang av embetsmannsordninga. Dette fall utanfor Arbeidslivslovutvalet sitt mandat. Eg vil sjå om det ikkje er mogleg å fornye tenestemannslova utan å redusere stillingsvernet til dei statstilsette, men dette skal altså gjerast i samarbeid med organisasjonane.

Hovudtariffavtala i staten

Eg vil nytte dette høvet til å invitere partane til eit nærare samarbeid om hovudtariffavtala i staten.

Eg trur det kan vere gode grunnar til å fornye og forenkle hovudtariffavtala. Det kan difor vere tenleg om partane set seg ned saman, for å sjå både på strukturen og innhaldet i avtala (t.d. på stillingskodane, lønsrammene og forhandlingsreglane).

Eg har notert meg med interesse at LO Stat, YS Stat og Unio saman har uttalt at dei ønskjer å vidareutvikle verkemidla og kriteria for lokale forhandlingar. Samtidig har eg registrert at dei ikkje ynskjer ytterlegare midlar lokalt, og der har eg uttalt at eg heller ikkje ser for meg å gå vidare enn i dag. Og så får vi sjå kva forhandlingane fører til.

For meg er det viktig at ei vidareutvikling av løns- og forhandlingssystemet skjer i nært og konstruktivt samarbeid mellom staten og organisasjonane til dei tilsette. Eg vil difor ta initiativ til at staten set seg ned saman med hovudsamanslutningane for sjå nærare på dette.

Dersom LO Stat og dei andre hovudsamanslutningane vil delta i eit slikt utviklingsarbeid, er eg trygg på at partane sjølve finn fram til kva form dette samarbeidet bør ha – fram til hovudoppgjeret til våren og kanskje òg over i neste tariffperiode.

Regjeringa sitt mål er å fornye offentleg sektor utan at det fører til auka sjukefråvær og utstøyting frå arbeidslivet.

Forsøk med 6-timarsdag/arbeidstidsreform

Eitt av verkemidla er å sjå på arbeidstid. Regjeringa vil bruke 10 millionar kroner til å førebu forsøk med ulike organiseringar av arbeidstida – òg kalla 6-timars arbeidsdag - (i statlege verksemder) neste år. Dette er ei oppfølging av regjeringa si politiske plattform frå Soria Moria.

Vi ynskjer mellom anna å få betre kunnskap om dei makroøkonomiske konsekvensane av ein eventuell reduksjon av normalarbeidstida. Regjeringa ynskjer også å vurdere verknadene av redusert arbeidstid opp mot ei rekkje andre faktorar, mellom anna opp mot målet om eit inkluderande arbeidsliv. I tillegg skal vi sjå om redusert arbeidstid kan gi plass for fleire i arbeidslivet. Det kan òg bidra til at fleire står i jobb fram til pensjonsalderen. (Kan vi få folk i deltid til å auke sitt arbeidstilbod?). Andre faktorar vil vere: Produktivitet, sjukefråvær og den enkelte sin trivsel og oppleving av tidspress på jobben. Kva arbeidsgivar vinn og taper økonomisk, vil òg bli kartlagt. I tillegg vil utgreiingane byggje på tidlegare erfaringar med kortare arbeidstid i Noreg - og andre land.

Vi vil sjølvsagt trekkje partane i arbeidslivet med i planlegginga av forsøket. Vi har allereie fått innspel og invitasjonar til å vere med frå YS og LO, for å nemne nokon.

Fleire kvinner inn i leiande stillingar i staten

Det er eit mål for regjeringa å ha minst 40 prosent av begge kjønn i statlege leiarstillingar. Eg vil at staten skal vere ein spanande og attraktiv arbeidsplass - for både kvinner og menn. Elles vil vi få dårlegare løysingar.

Det har blitt stadig fleire kvinner blant leiarane dei siste åra . På topp-nivået har det derimot ikkje vore så store endringar å spore . Av den grunn, vil vi særleg sjå på rekrutteringa til toppleiarstillingane.

Det skortar ikkje på kvalifiserte kvinner. 35 prosent av mellomleiarane i staten er kvinner. I desse stillingane i departementa, er over 40 prosent kvinner. Vi skulle med andre ord ha eit særs godt grunnlag, for å lukkast med å rekruttere fleire kvinner til toppleiarstillingane.

Dei kvinnelege mellomleiarane manglar heller ikkje motivasjon og tru på at dei kan meistre større oppgåver. Mitt departement har gjennomført ei spørjeundersøking blant leiarar i staten. Der seier like mange kvinner som menn, at dei ynskjer ei vidare leiarkarriere i staten. Dei ynskjer å bli toppleiarar . Undersøkinga tyder på at det er mange kvinnelege mellomleiarar som er mogne for større oppgåver.

Det er likevel ein viktig skilnad mellom kvinner og menn sine karriere-mønster: Kvinnene søker sjeldnare leiarstillingar, om dei ikkje vert oppfordra til det.

Med utgangspunkt i desse funna, vil mitt departement starte eit pilotprosjekt. Vi vil tilby coaching retta spesielt mot kvinnelege toppleiarkandidatar som ynskjer å gå inn i ein søkjarprosess. Tilbodet vil i første omgang gå til kvinnelege mellomleiarar i departementa. Tiltaket vil bli evaluert. I neste omgang vil vi vurdere om dette er eit verkemiddel som bør byggast ut, slik at fleire kan dra nytte av det.

Eit inkluderande arbeidsliv

Det er semje om at erfaringane frå IA-arbeidet skal førast vidare. I desember skal partane og styresmaktene forhandle om innretning og verkemiddel, i samband med ei forlenging av avtala. Eg ynskjer at staten skal gå føre som eit godt eksempel på dette område.

At tilsette har ulik bakgrunn - gir ulik erfaring og kunnskap. Det stimulerer igjen til nytenking - og eit rikare sosialt miljø på arbeidsplassen. Det finst fleire gode døme på statlege verksemder, som har gjort ein framifrå jobb her.

Leiarane si involvering i IA-arbeidet har mykje å seie for eit godt resultat. Det er også viktig å lære av korleis samarbeidet med de tilsette er lagt opp, i dei statlege verksemdene som lukkast best. Eg tek gjerne i mot synspunkt og gode idear på korleis IA-arbeidet kan leggjast opp framover.

Nedsett funksjonsevne

Våren 2004 vedtok regjeringa ein plan for å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne i det statlege tariffområdet. Planen er ei oppfølging av delmål 2 i IA-avtalen. Målet er at minst 5 prosent av nytilsettingane i ein periode på to år , skal vere personar med nedsett funksjonsevne. Halvvegs i perioden er vi i god gjenge.

Vi har no på plass eit panel for å hjelpe til med arbeidet. I panelet sit 13 erfarne deltakarar frå forsking, brukar - og interesseorganisasjonar og frå partane.
Neste år vil vi introdusere eit trainee-program i sentralforvaltninga for unge, høgt utdanna personar med nedsett funksjonsevne. Erfaringane frå tidlegare program, har vore nyttige å ha med i oppbygginga av det nye.

Det er viktig å gi dei som står utanfor arbeidslivet ein plass innanfor.
Like viktig er det at kollegaer, leiarar og tillitsvalde får erfaring med ein arbeidskamerat som i nokre samanhengar treng tilrettelegging.
Desse tiltaka vil vere til god hjelp i arbeidet med å tilsette fleire personar med nedsett funksjonsevne i statleg sektor.

Rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn

Offentleg sektor må bli flinkare til å sjå verdien av mangfald. Noreg har trong for å ta i bruk den arbeidskrafta personar med innvandrarbakgrunn representerer, og dei har trong for arbeid – fordi det er den viktigaste vegen til reell integrering.

Sidan 2002 har det vore eit krav om at alle statlege etatar skal kalle inn minst ein kvalifisert søkjar med innvandrarbakgrunn til jobbintervju.
Om det ikkje vert gjort, skal etatane gjere greie for kvifor. I sommar undersøkte vi kva erfaring etatane hadde med ordninga. Undersøkinga viser at om lag 28 prosent (eller 430) av søkjarane med ikkje vestleg bakgrunn som vart innkalla til intervju – også fekk jobb.

Arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen har uttrykt i media at han vil ta initiativ til at dette kravet kan vere ei rettesnor for heile arbeidslivet. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn. Difor er det også viktig for regjeringa å fokusere på dei positive ressursane som ligg i eit fleirkulturelt miljø.

På dette området har også organisasjonane ein jobb å gjere. Fafo har nyleg dokumentert at innvandrarane er sterkt underrepresenterte i fagrørsla. På LO-kongressen i 2005 var det så godt som ingen ikkje-vestlege innvandrarar. Kva har LO tenkt å gjere med det? Det er viktig for meg å vere tydeleg på dette: Alle har vi eit ansvar for å integrere tilsette med eit anna språk og ein annan kulturbakgrunn.

Eg ventar at statlege arbeidsgivarar og tillitsvalde tek denne utfordringa på strak arm. Vi må bruke dei ressursane vi har, til beste for fellesskapet.

Pensjonsreforma

Regjeringa held fram arbeidet med pensjonsreforma i samsvar med avgjerda i Stortinget. Det er på noverande tidpunkt ikkje mogleg å tidfeste når arbeidet er ferdig. Mitt departement vil sjølvsagt ta del i arbeidet med å tilpasse dei offentlege pensjonsordningane til ein ny folketrygd. Og i tråd med vedtaket i Stortinget, vil partane bli invitert til å delta på eit seinare tidspunkt.

Eit vanskeleg spørsmål er korleis tenestepensjonsordninga skal samordnast med ei ny folketrygd med såkalla "alleårsopptening". Det gjeld og innføring av delingstal - og ny indeksering i tenestepensjonsordninga. Når det gjeld detaljane i reforma, mellom anna dei offentlege pensjonane, kan eg sjølvsagt ikkje i dag seie noko om det arbeidet som er i gang.

Eit anna element i Stortinget sitt vedtak var ein tidlegpensjon frå fylte 62 år, bygd på AFP-ordninga. Saman med ei tidlegpensjonsordning der den enkelte sjølv kan velje å gå av, skal det løne seg å arbeide for dei over 62 år med betre høve til å kombinere arbeid og pensjon. Særaldersgrensene i privat og offentleg sektor skal vurderast. Det er eit arbeid departementet vil ta fatt på - og som vi vil samarbeide med organisasjonane om.

Korleis - og når - må eg få lov å komme tilbake til seinare .

Avslutning

Regjeringa ønskjer fullt trykk på fornyinga i offentleg sektor. For:

· Brukaren sin del

· Kvalitet

· Effektivitet

· Openheit/innsikt

· Medråderett

Ved å fornye offentleg sektor tryggar vi velferdsstaten for dei generasjonar som kjem etter oss. Skal vi klare det, treng vi ein felles dugnad. Her er alle innspel viktige – ikkje minst frå organisasjonane. Her og no vil eg difor invitere til ein konstruktiv dialog med dykk, om dei viktige oppgåvene vi skal ta fatt på. Eg inviterer LO Stat til å vere med på ein dugnad.

Fordi felles mål når vi best med felles løft!