Historisk arkiv

Innlegg på vegne av statsminister Jens Stoltenberg på Nordisk Råds sesjon i Reykjavik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av Nordisk samarbeidsminister Heidi Grande Røys, Reykjavik 25. oktober 2005

Innlegg på vegne av statsminister Jens Stoltenberg på Nordisk Råds sesjon i Reykjavik, 25. oktober 2005.

Av Nordisk samarbeidsminister, Heidi Grande Røys.

President,

Det er no 8 dagar sidan den nye regjeringa tiltredde i Noreg. Som mange av dykk sjølve har opplevd, tek arbeidet i ei ny regjering til med det same, og det er mange behov som skal imøtekommast på kort tid. Difor må eg berre seie meg lei for at statsminister Stoltenberg måtte dra tilbake til Noreg tidlegare i dag og ikkje kunne vere til stades ved opninga av sesjonen. Han har bede meg halde det innlegget det var meininga at han sjølv skulle halde.

Den nye norske regjeringa representerer eit historisk skilje i norsk politikk, både fordi det er eit heilt nytt regjeringssamarbeid og fordi vi har fått ei fleirtalsregjering i Noreg etter meir enn tjue år med mindretalsregjeringar. Ei av dei oppgåvene den nye regjeringa ser fram til å ta fatt på, er formannskapen i det nordiske samarbeidet neste år. Eg kan forsikre at vi vil gjere vårt beste for å vareta det ansvaret som vert lagt på oss.

Politikk handlar om å velje og å vise evne til fornying i møtet med ei verd i rask endring. Dette gjeld både på nasjonalt og nordisk plan. Dei tre hovudprioriteringane i formannskapsprogrammet vårt set fokus på tre utfordringar som etter mitt syn er sentrale for heile Norden:

  • Nordområda og kva dei har å seie for Norden og Europa.
  • Framtida til den nordiske velferdsmodellen.
  • Behovet for å møte globaliseringa med kontinuerleg kunnskapsutvikling og innovasjon.

Dette handlar rett og slett om å tryggje vår økonomiske velstand og vår sosiale velferd innanfor stabile utanrikspolitiske rammer.

Demokratiske system og auka velferd i det geografiske omlandet er viktig for utviklinga i våre eigne samfunn. Difor vil vi prioritere samarbeidet i dei nordlege områda av Europa. Vi veit at Norden er ei viktig drivkraft i det regionale samarbeidet med Nordvest-Russland, i Barentsregionen, Austersjøområdet, Arktis og Nord-Atlanteren. Utfordringane er mangfaldige i dette store området. Difor er det viktig at vi har ei samla tilnærming til dei sentrale spørsmåla i regionen. Berre ein aktiv og målretta politikk kan sikre at vi når målsetjinga om ei positiv utvikling i heile regionen.

I tillegg må politikken vere inkluderande. Alle partar med interesser i området må engasjerast i konstruktivt samarbeid og gode løysingar. Eg er klar over at somme har uroa seg over at vi kanskje hadde for mange regionale organ, og at samordninga dei imellom ikkje var god nok. Mitt inntrykk er at det ikkje er grunnlag for ei slik bekymring i dag. Vi veit at dei aktuelle organa – Nordisk ministerråd, Arktisk råd, Barentsrådet og Austersjørådet – har utvida samarbeidet vesentleg. Frå vår side vil vi medverke til at den aktive dialogen med formannskapane i dei andre råda kan halde fram. Dette er viktig for å fremje samarbeid og komplementaritet i arbeidet for felles mål. I tillegg er det særleg viktig at EU engasjerer seg i nordområda, og at vidareutviklinga av den nordlege EU-dimensjonen i 2006 medverkar til dette.

Ei hovudoppgåve for den norske formannskapen vil bli å leggje grunnlaget for ein god start på gjennomføringa av dei nye samarbeidsprogramma for Nordvest-Russland og Arktis som ministerrådet har vedteke. Vi vil gjere vårt for at samarbeidsprogrammet for Nordvest-Russland skal vere godt forankra i ein aktiv dialog med russiske styresmakter. Eg trur programmet kan bli eit nytt viktig bidrag til å styrkje det nordiske samarbeidet med Russland.

Miljøspørsmåla i Arktis og Nord-Atlanteren er ei utfordring for heile verda. Forskarar har funne nokre av de høgaste konsentrasjonane av PCB hos menneske nokon stad i verda blant innbyggjarane på Aust-Grønland. På Svalbard veit vi at isbjørn og sjøfugl døyr på grunn av miljøgifter dei får i seg. Dette skjer i eitt av dei reinaste og mest urørte områda på jorda. Eit område med enorme ressursar som krev ei berekraftig forvaltning. Klimaspørsmål og miljøforureining, og konsekvensane av dette for livsvilkåra for urfolk i det arktiske området, krev all vår merksemd. Det hastar med tiltak som kan redde Arktis for framtidige generasjonar.

Eit velferdssystem med berekraft for framtida er ei utfordring for alle samfunn – ikkje minst for dei nordiske landa med sitt høge velferdsnivå. Den nordiske velferdsmodellen er eitt av kjenneteikna ved Norden, og noko vi gjerne vil ta vare på. Likevel må vi heile tida vere opne for å vurdere og fornye våre eigne velferdsordningar. Dei er ikkje blitt til ein gong for alle. Vi må tilpasse dei etter kvart som behova endrar seg og i pakt med våre eigne ønske om at dei skal bli stadig betre.

Det er mykje likt i måten landa våre har løyst velferdsoppgåvene sine på, men òg mange forskjellar. Det vil vi få vite meir om når eit stort nordisk forskingsprosjekt skal avsluttast neste år. Vi må tru at forskarane kan gje oss meir kunnskap om korleis ulike løysingar verkar, slik at vi kan lære av kvarandre og dei erfaringane vi har gjort. Eg synest vi skal nytte dette høvet til å vurdere dei utfordringane velferdssystema våre står overfor og tenkje over kva vi kan gjere betre.

Vi vil òg å involvere ungdommen i ein diskusjon om viktige samfunnsspørsmål. Somme hevdar at dei unge i dag er mest opptekne av individuelle gode, ikkje av fellesskapsløysingar. Viss dette er rett, kva får det då å seie for framtida til den nordiske velferdsmodellen? Men kor mykje veit vi eigentleg om korleis unge stiller seg til slike spørsmål? Til neste år har vi planar om å setje saman eit nordisk ungdomspanel som kan kaste lys over korleis ungdommen ser på nordisk samarbeid og andre spørsmål som vedgår kvardagen og framtida til dei unge i Norden.

Også på sosial- og helseområdet planlegg vi å ta ei rekkje initiativ, mellom anna når det gjeld legemiddel, telemedisin, miljømedisin og helseberedskap – for å nemne nokre eksempel.

Forskingsbasert kunnskap og evne til fornying er føresetnader for auka verdiskaping og vidare økonomisk vekst. Dette er ei hovudprioritering for den danske formannskapen i inneverande år, og vi tek gjerne over stafettpinnen for å føre dette arbeidet vidare. Ei viktig oppgåve vil vere å sjå til at NordForsk lever opp til sitt mandat og effektivt medverkar til å oppfylle visjonen om Norden som ei leiande og attraktiv forskingsregion.

Samtidig er det heilt avgjerande å få til ein god dialog mellom forsking og næringsliv. Det er ofte der den verkelege nyskapinga skjer. Denne dialogen er heilt avgjerande for at vi skal nå målet om Norden som ein leiande region i verda når det gjeld konkurranseevne og økonomisk vekst. Vi vil leggje stor vekt på å fremje denne koplinga mellom forsking og innovasjon, både gjennom auka samarbeid mellom dei aktuelle nordiske institusjonane og i eit breiare nordisk dialogforum om spørsmålet.

Så må vi ikkje gløyme at ein trygg oppvekst og ein god skule for barn og unge er det som legg grunnlaget for eit kunnskapsbasert samfunn. Det nordiske samarbeidet er nyttig for å nå vårt felles mål om eit utdanningssystem med høg kvalitet. Utdanningssystemet er også ein av dei viktigaste faktorane for å styrkje den gjensidige språkforståinga. Den nordiske språk- og kulturfellesskapen er under press frå mange kantar. Dette burde bekymre oss alle. Det ville vere trist om engelsk vart det einaste språket vi hadde felles om nokre år.

I dette innlegget har det ikkje vore plass til å gå nærare inn på alle dei sakene som er omtala i det norske formannskapsprogrammet. Eg vil be om at de les programmet.

Til slutt vil eg gjerne få takke Danmark og Anders Fogh Rasmussen for ei svært god og effektiv leiing av det nordiske samarbeidet i inneverande år. Eg vil spesielt framheve dei resultata de har oppnådd i arbeidet med å byggje ned grensehinder og å modernisere samarbeidet i Nordisk ministerråd.

Eg lovar at vi skal gjere så godt vi kan for å vidareføre desse og andre viktige oppgåver som står på dagsordenen i det nordiske samarbeidet. På vegner av min eigen statsminister og meg sjølv vil eg invitere dykk alle til eit godt samarbeid i det kommande norske formannskapsåret.

Eg vil gjerne avslutte med ei takk til det islandske vertskapet for den rause og gjestfrie mottakinga og den effektive tilrettelegginga av arbeidet vårt her i Reykjavik.