Historisk arkiv

6-timars dagen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Dagsavisen 22. september 2006

Eg har tidlegare peika på at det trengst sikker kunnskap om korleis ulike arbeidstidsordningar verkar. Kunnskapsoversikta er ein nyttig rapport fordi den så tydelig stadfestar at det dessverre finst lite forsking om arbeidstidsreduksjonar, bortsett frå deling av arbeid.

6-timars dagen

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Dagsavisen 22. september 2006.

I eit stort oppslag søndag omtaler Dagsavisen ei kunnskapsoversikt som Rambøll Management har utarbeidd for departementet. Dagsavisen meiner rapporten feller ein knusande dom over 6-timars dagen, og at den ikkje gir noka støtte til å halde fram med regjeringas prosjekt med arbeidstidsreformer.

Men det er jo tvert om: Kunnskapsoversikta inneber sterk støtte til nye forsøk og studiar!

Eg har tidlegare peika på at det trengst sikker kunnskap om korleis ulike arbeidstidsordningar verkar. Kunnskapsoversikta er ein nyttig rapport fordi den så tydelig stadfestar at det dessverre finst lite forsking om arbeidstidsreduksjonar, bortsett frå deling av arbeid. Kunnskapsoversikta viser òg at det er krevjande å lage gode forsøk. I dei få forsøka som finst er det vanskeleg å dra nokon presise konklusjonar, og i dei fleste tilfella har ein sett lite til forventa verknader.

Konklusjonen blir at kunnskapsoversikta heilt klart viser at det er trong for å gjere forsøk og studiar av arbeidstidsreformer. Inntil vi vet meir kan det vere fornuftig å ha eit ope sinn om kva ulike arbeidstidsreformer kan tenkjast å innebere.

Elles har eg merkt meg at somme har kommentert oppslaget i Dagsavisen ved å seie at regjeringa bør leggje til side ideen om å setje i gang forsøk. Ein rapport om arbeidstidsforkortingar i Noreg 1880 – 2006 viser at dei som er imot, alltid har vore imot, dvs høgresida og arbeidsgjevarsida – og at dei har brukt same argumentasjon siden 1880 mot eitkvart forslag til arbeidstidsreduksjon. Det er overraskande at personar som til vanleg er svært opptekne av forsking og solid kunnskap er negative til å finne ut korleis arbeidstidsreformer verkar. Kan det vere fordi dei ikkje vil vite det?