Historisk arkiv

Det går mange tog

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Computerworld 13. oktober 2006

Det går mange tog

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Computerworld 13. oktober 2006.

I Computerworld nr. 33 vert det framsett ein del påstandar om utviklinga innan området elektronisk ID (eID) til bruk i elektronisk kommunikasjon med offentleg sektor. Eg ynskjer å knyte nokre synspunkt til avisa sin kommentar til denne saka, nemleg behovet for ein langsiktig, offentleg strategi for eID i offentleg sektor. ”Toget går”, meiner avisa. Det går mange tog - men vi må sjå til at vi kjem med det riktige toget, som tek oss med dit vi ynskjer. Det er positivt at leverandørar utarbeider gode løysingar på dette området, men eg håper ikkje Computerworld meiner at offentleg sektor skal ”hoppe på” alle tog som måtte gå i marknaden, berre fordi dei går?

Offentleg sektor har verksemder med varierte behov i forhold til tryggleiksløysingar. Det kan vere ulike krav til tryggleik og tryggleiksløysingar til dømes ved dialog mellom sjukehus og legekontor, innrapportering frå næringsdrivande eller tenester til innbyggjarane. Noko av det viktigaste arbeidet vi gjer no er å vurdere kva som er føremålstenleg å gjere på ein samordna måte for offentleg sektor. Vi treng tid til å vurdere dei ulike initiativa som kjem opp og setje dei i ein heilskap som gir meir meining enn det å velje ein bestemt teknologi eller løysing som blir tilbudt i marknaden.

PKI (Public Key Infrastructure) er ein type teknologi, men ikkje den einaste, som kan nyttast til å realisere sikker pålogging til offentlege tenester på nett. Det same gjeld ”elektronisk signatur”, som er eit omgrep som kan ha svært ulike tydingar. Poenget er at PKI vil leve side om side med andre (og billigare) teknologiar for pålogging og signering på nett. Vi treng å setje desse i eit rammeverk der tryggleiksnivå og bruksområde blir tydeleggjort, utan å henge oss opp i ein bestemt teknologi.

Elektronisk signatur og autentisering er på veg til å bli eit forretningsområde for aktørar i privat sektor. Det er både riktig og viktig at privat sektor engasjerer seg i denne typen tenesteutvikling som er nødvendig for utstrakt bruk av Internett i heile samfunnet. Sjølv om PKI-teknologien i seg sjølv er moden, er det små erfaringar med bruken av den i større omfang og med berekraftige forretningsmodellar.

Utfordringa ligg ikkje i kva teknologi ein vil satse på, men heller i forhold som kva omfang av den aktuelle løysinga har blant publikum, tryggleik ved løysinga i forhold til valde bruksområde og bruksmønster for eID - altså kor ofte den blir brukt og korleis. Samtidig er det viktig at alt dette vert balansert mot personvernet og dei kostnadane bruken av eID vil påføre offentleg sektor.

Lanseringa av avtalen mellom BankID-samarbeidet og Telenor endrar førebels lite på desse utfordringane, slik vi ser det. Vi sit framleis med utfordringa knytt til å finne ein forretningsmodell for bruk av eID som gir høve til framsynt planlegging og kostnadskontroll for offentlege verksemder. Vidare må vi vakte oss for å satse ”alt på eitt kort”, utan rom for alternative løysingar dersom den valde viser seg å ikkje oppfylle forventningane. Dette er ein lærdom frå tidlegare satsing på tryggleiksportalen som vi vil utnytte for alt den er verdt!

Difor ynskjer vi ei breiare vurdering av mogelege vegar å gå, og ein eID-strategi for offentleg sektor som vil vere robust og fleksibel. Vi er opptekne av å finne løysingar for pålogging og signering som er trygge og enkle for brukarane, og som gir lågast mogeleg kostnader for offentleg sektor samla sett.

Departementet arbeider saman med nøkkelaktørar i offentleg sektor med ei løysing som vil sikre ein sterkare grad av styring med forsyning av eIDar til bruk i offentlege tenester. Strategien skal ta omsyn til dei mange ulike behova offentlege verksemder har for sikre autentiserings- og signeringsløysingar. Eg venter forslag frå dette arbeidet så snart nøkkelaktørane i offentleg sektor er blitt samde om dei.