Historisk arkiv

Dugnad for fornying! Fornying og statleg personalpolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på UNIO-seminar, 18. januar 2006.

Dugnad for fornying! Fornying og statleg personalpolitikk

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på UNIO-seminar, 18. januar 2006.

Aller først - takk for invitasjonen. Det er ei stor glede for meg å vere her! Som fornyingsminister har eg ansvaret for å samordne regjeringa sitt fornyingsarbeid. Dette arbeidet vil ha høg prioritet. Eg har eit direkte ansvar for IT-politikk, konkurranse- og forvaltningspolitikk. Eg er òg her fordi mitt departement har ansvaret for den overordna arbeidsgjevarpolitikken i statleg sektor – og dermed også for staten sin personalpolitikk. Den vil eg kome inn på seinare i innlegget.

Regjeringa vil føre ein politikk som styrkar den enkeltes personlige tryggleik gjennom sterke velferdsordningar og rettferdig fordeling.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for denne regjeringa, vil vere å leggje forholda til rette for eit trygt og godt arbeidsliv for alle. Eit inkluderande, mangfaldig arbeidsliv, med plass til ulike menneske der ein legg vinn på å bruke kvar einskild sin kompetanse og arbeidsevne gjennom ulike livsfasar og livssituasjonar.

Regjeringa vil satse på fellesskapsløysingar og ein sterk, dugande og framtidsretta offentleg sektor. Difor må vi og vere dei dyktigaste på å fornye og utvikle offentleg sektor i tråd med folks behov, og i takt med den tida han skal fungere i.

Vi ønskjer å tryggje velferdsstaten for framtida. På den måten kan vi sikre innbyggjarane: Gode tenester, valfridom og medverknad.

Skal regjeringa lukkast, treng vi mange gode hjelparar. Vi treng eit aktivt og godt samarbeid med fagrørsla. Ei sterk fagrørsle er ein garanti for demokratiet.

Her og no vil eg difor invitere UNIO til ein konstruktiv dialog om dei viktige oppgåvene regjeringa skal ta fatt på. Og eg forventar at UNIO stiller opp for å fornye offentleg sektor! Det betyr ikkje at vi vil vere samde om eitt og alt. Og det er greitt. Sjølv i saker der vi er usamde, vil eg leggje opp til ein konstruktiv dialog.

I Soria Moria- erklæringa har regjeringa sett seg ambisiøse mål i fornyingsarbeidet. Desse måla er det ikkje mogleg å nå utan:

Felles innsats, entusiasme og pågangsmot.

Ein nordisk modell som er skapt for framtida
Noreg overtok nyleg ansvaret for leiinga i Nordisk Ministerråd. Vi vil særleg leggje vekt på tre utfordringar

  • Samarbeidet i nordområda
  • Den nordiske velferdsmodellen
  • Kunnskap, fornying og verdiskaping

Vi vil leggje til rette for ein aktiv dialog for å sikre ei god utvikling på desse områda.

Ein rapport, som er laga i samarbeid med Nordisk Ministerråd, peikar på følgjande: Norden har forholdsvis høgt skattenivå, store offentlege sektorar og omfattande rettar for arbeidstakarane. Samtidig er Noreg mellom dei land i verda som har den høgaste levestandarden - og ein sterk økonomisk vekst. Nokon vil kalle det eit paradoks – vi vil seie det er sjølvsagt.

Den nordiske modellen er nemleg som skapt for framtida. Dei nordiske velferdsstatane er bygd på eit felles sett av verdiar. Verdiane likskap, tillit og inkludering har gitt grunnlag for ei god økonomisk utvikling. Den nordiske modellen kombinerer effektivitet og vekst - med ein stor grad av omfordeling. Det handlar kort sagt om å skape – og å dele.

Vi ønskjer å bygge vidare på verdiane likskap, tillit og inkludering. Dei sikrar ein god dialog mellom partane i arbeidslivet. Regjeringa meiner at eit godt samarbeid mellom partane, eit ordna arbeidsliv – låge lønsforskjellar og kort veg mellom tilsette og arbeidsgivar er eit konkurranseføremon for norsk arbeidsliv.

Eit føremon vi ønskjer å bygge vidare på!

Full fart i fornyinga av offentleg sektor
Det har vore formidable endringar i staten dei siste tiåra. Offentleg tilsette har vist ein vilje og evne til å vere med på omstilling eg trur politikarar i dei aller fleste andre land vil misunne oss.
Til gjengjeld har vi fått kanskje den beste offentlege sektoren i verda.

Vi blir rangerte heilt i verdstoppen både når det gjeld livskvalitet og næringslivet si konkurranseevne.

Denne regjeringa ønskjer å ha full fart framover i fornyinga av offentleg sektor. Gjennom fornyinga vil vi:

  • For det første, innrette tilbodet til brukarane. Vi vil organisere det offentlege tilbodet slik at det møter folk sine behov der dei er – uavhengig av lommebok og sosial status. Det skal vere enkelt å ta kontakt med det offentlege – og du skal få rettferdig behandling.
  • For det andre, må vi alltid ha som mål å løyse fellesskaps- oppgåvene så effektivt som mogleg - for å frigjere pengar til høgt prioriterte oppgåver. Men det skal ikkje gå ut over kvaliteten på tenestene.
  • Offentleg sektor skal vere ein spennande og utviklande stad å jobbe.

Vi har vore kritiske til korleis fleire tidlegare reformer har blitt gjennomført. Likevel er det ikkje tvil om at det har vore behov for fornying på mange område – og det vil vere stadig trong for omstilling og fornying. Tenk på Skatteetaten. Å fylle ut sjølvmeldinga er ei heilt anna oppleving i dag, enn for berre få år sidan. Sjølvmeldinga på nettet er kåra til den beste offentlege nettstaden i 2005. Heile 1,25 millionar skatteytarar leverte på nett i år. Og Skattedirektoratet gjennomfører brukarundersøkingar for å bli endå betre neste år.

Kvifor treng vi å fornye?
For det første, fordi vi i regjeringa har høge ambisjonar. Vi vil at det offentlege framleis skal spele ei nøkkelrolle for velferd, sosial tryggleik og verdiskaping.

Av omsyn til industrien og nye generasjonar skal vi ha handlingsregelen som rettesnor på bruken av oljepengar. Dersom vi skal klare å innfri våre ambisiøse mål, må vi i tillegg frigjere pengar gjennom effektivisering.

Dette kjem kanskje som ei overrasking for nokre: Vi har kalkulatorar i SV òg. Forskjellen er å berre tenkje med kalkulatoren – eller å ha tankar i tillegg sjølv òg.

Eldrebylgja gjer det ekstra viktig. La meg illustrere det. I 1995 var det 3 nordmenn over 80 år for kvar nyfødd. Litt forenkla kan vi seie at den nyfødde hadde tre oldeforeldre. I 2050 er det ikkje lenger 3, men meir enn 8 nordmenn over 80 år for kvar nyfødd. Mange vil oppleve å ha alle oldeforeldre på plass når dei blir fødde.

Den andre grunnen til at vi vil fornye, er at vi vil sikre oss at dei pengane vi set inn i offentleg sektor, faktisk gir dei resultat som innbyggjarane forventar. ”Supergenerasjonen”, dei som no er mellom 40 og 60, vil ikkje nøle med å etterspørje private løysingar om vi ikkje klarer å fornye offentleg sektor. Denne, til no mest privilegerte generasjonen, vil tvinge det offentlege til å tenke nytt. Både når det gjeld brukarmedverknad – og når det gjeld individuell tilpassing av tenestene.

Men dette vil eg gjere heilt klart: Vi vil ikkje gå inn på vidare privatisering av helse, omsorg og utdanning. Det betrar verken effektiviteten eller kvaliteten på tenestene!

Vi skal lytte til brukarane – og vi skal møte dei med respekt. Vi vil ha ein offentleg sektor som yter tenester av høg kvalitet – og som er tilpassa det brukarane etterspør. Det gjeld alt frå barnehageplass, til informasjon som småbedriftene treng og til fornying av pass og førarkort. Men det gjeld òg for menneske som no ”fell mellom to stolar” - eller som ”blir kasteballar” mellom ulike etatar. Det er gjerne dei som ikkje ropar høgt og som heller ikkje er kravstore.

Den siste grunnen til at vi skal fornye, er at vi alltid skal vere sikre på at offentleg sektor er i takt med tida. Sjølv dei av oss som eigentleg synest det er mykje godt med fylkeskommunen, må innsjå at den i si noverande form har nokre utfordringar. Den har sakte blitt tømt for innhald, den fungerer ikkje godt nok som eit demokratisk nivå, og snart har dei fleste statlege etatar funne andre regioninndelingar på eiga hand. Vi må difor vere opne for å vurdere og fornye våre eigne velferdsordningar - og måten desse er organiserte på. Dei er ikkje blitt til ein gong for alle. Vi må tilpasse dei etter kvart som behovet endrar seg - for at dei skal bli stadig betre.

Kva vil vi gjere?
Vi er allereie i gang med store reformer som kjem til å bety mykje i åra framover.

Det er sjølvsagt viktig at pensjonsreforma kjem i hamn. Forliket i Stortinget var eit viktig vendepunkt, men mykje står framleis att. Oppteningsmodellen skal spikrast, AFP og tidlegpensjon må avklarast, offentleg tenestepensjon må tilpassast – for å nemne noko.

Av organisatoriske reformer vil NAV - den nye arbeids- og velferds- forvaltninga - vere den største. Den vil få verknad for om lag 16 000 årsverk i Aetat, trygdeetaten og på sosialkontora. Vi trur at denne reforma, kan hjelpe oss med eit av dei største problema vi møtte då vi overtok regjeringskontora: Dei nærare 700 000 som står utanfor arbeidslivet på ulike sosial- og trygdeordningar. For å setje det i perspektiv: I 1995 stod 20 prosent av dei i yrkesaktiv alder utanfor arbeidslivet på ulike trygdeordningar. I 2004 var andelen auka til 24 prosent. Utan denne auken ville vi hatt nesten 100 000 fleire i arbeidslivet. No er om lag like mange arbeidslause.

Allereie no veit vi noko om dei reformene vi skal ha på teiknebrettet dei neste åra. Regionreforma vil vere ei av dei viktigaste. Formålet vil vere å etablere eit fornya og meir robust regionalt forvaltningsnivå. Regionnivået skal vere den sentrale aktøren for regional utvikling. Regjeringa vil sjå på korleis det regionale folkevalde nivået skal organiserast, kva for oppgåver som skal desentraliserast og korleis ein kan gjennomføre ei omorganisering av fylkesmannsembeta.

Reformarbeidet vil innebere at det må gjennomførast ei vurdering av fylkesmannsembeta si rolle, oppgåver, organisering og inndeling. Som administrativt overordna fylkesmannsembeta, vil mitt departement ha ei sentral rolle i dette arbeidet.

Det vil få verknad for mange statlege tilsette fordi vi skal sjå på om oppgåver skal desentraliserast, og ein skal serve nye, kanskje større regionar, men same kommunekart. Vi må òg vurdere om noko skal gjerast med regionorganiseringa i nokre av dei statlege etatane.

Timeplanen er realistisk, men ambisiøs; Vi har sagt at reforma skal kunne setjast i verk frå 1. januar 2010. Då har vi ikkje meir enn tida og vegen. Dette har vore utgreia så lenge, og skuva på fordi det er ei vanskeleg sak. No er tida inne for å ta ei avgjerd.

Mitt ansvar er å køyre prosess – vere opptatt av at ikkje dette blir ein stor flyttesjau med mykje uro. Spørsmålet er: Korleis skal statsforvaltinga sjå ut – både sentralt og regionalt – viss vi får større regionar, men same kommunekart?

Dei offentlege oppgåvene skal løysast på ein effektiv og god måte, både sett frå vår side, men ikkje minst frå mottakaren av tenesta si side. Nokre oppgåver løyser faktisk staten best. I motsetning til den førre regjeringa, vil vi legge mykje større vekt på å inkludere dei tilsette - og deira organisasjonar.

Når det er sagt, forventar eg at organisasjonane viser vilje og evne til fornying - både gjennom ord og handling.

Opningstider
Opningstidene i det offentlege må tilpassast behovet til innbyggjarane på ein betre måte. Fysiske opningstider er framleis viktig fleire stader, sjølv om offentlege tenester også blir tilgjengelege på nettet. Mange statlege verksemder er opne for innbyggjarane innanfor den generelle arbeids- tida sommar og vinter. Avtalane i staten er ikkje til hinder for å nytte andre arbeidstidsordningar enn den ordinære.

Vi må vise vilje til å prøve ut nye og fleksible arbeidstidsordningar for å oppnå meir brukarvenlege opningstider – også i staten.

IKT- politikk
IT speler ei sentral rolle i den samfunnsøkonomiske utviklinga. eNoreg 2009-planen har fokus på mellom anna:

  • fornying av offentleg sektor,
  • å sikre at kvar enkelt deltek i det digitale samfunnet, og
  • å vidareføre ein aktiv næringspolitikk innan IT som sikrar innovasjon og vekst i næringslivet

Regjeringa vil følgje opp fleire av dei prosjekta som den tidligare regjeringa tok initiativ til – til dømes eNoreg 2009, men vil prioritere dei noko annleis – og ha ein annan retorikk i høve til arbeidet.

Denne planen skal understøtte regjeringa sin politikk. Den vil vere eit sentralt verkemiddel for å vidareutvikle offentlege velferdstenester, styrkje velferda og sikre økonomisk vekst i heile landet. Regjeringa vil vidareutvikle ein aktiv IT-politikk på tvers av ulike forvaltningsnivå og sektorar, og mellom offentleg og privat sektor.

Regjeringa vil vidareutvikle viktige prosjekt som til dømes utviklinga av MiSide, den offentlege tryggleiksportalen, og løysingar som handterer elektronisk ID og elektronisk signatur, samt næringslivet sin portal Altinn.

Regjeringa skal setje sterkare fokus på breibandutbygginga. Det er eit mål at alle husstandar, private og offentlege verksemder skal ha tilgang til eit framtidsretta høgkapasitetsnett til lik pris i heile landet innan utgangen av 2007. Vi vil no starte prosessen med å utgreie ulike alternative modellar og opplegg for korleis staten skal medverke økonomisk for å sikre breibandsdekning til alle innan 2007. Full breibandsdekning ser no ut til å bli langt rimelegare enn venta, i følgje dei siste utrekningane Teleplan har laga på bestilling frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Det er jo ein god nyheit for oss.

Regjeringa ønskjer å sikre auka digital tilgang til kunnskap og kultur. Målet er å utvikle Noreg til ein leiande kunnskaps- og IT-nasjon der alle kan delta.

Personalpolitikk
Eg sa tidlegare i innlegget at offentleg sektor skal vere ein spennande og utviklande stad å jobbe. Arbeidsgjevar- og personalpolitikken skal leggje grunnlaget for det i statleg sektor.

Eg vil i det følgjande ta utgangspunkt i verdiar og mål som eg legg til grunn for den overordna statlege personalpolitikken, og omtale nokre av dei områda som mitt departement arbeider med – og som eg vil vere særleg oppteken av i tida framover.

Regjeringa vil sikre ein inkluderande personalpolitikk med vekt på trygge arbeidsvilkår i statleg sektor. Staten skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar som kan rekruttere og behalde den kompetansen og dei menneska som er naudsynt for å løyse dei viktige oppgåvene staten har, og dei nye som han får gjennom fornying og utvikling. Trygge arbeidsvilkår skal gje grunnlaget for at den einskilde kan hente fram sitt mot, sin vilje og motivasjon i møte med nye oppgåver og arbeidsmåtar, og til å lære det som er naudsynt for å gjere ein god jobb gjennom heile yrkeslivet.

Kvaliteten på det meste ein produserar og leverar i staten, og effektiviteten i måten ein gjer det på, er avhengig av rett kompetanse, og vilje til å bruke han på ein god måte til beste for innbyggjarane. Difor skal statleg personal- og kompetansepolitikk stimulere og legge til rette for individuell og kollektiv utvikling -, deling og bruk av kompetanse. Dette inneber at, samstundes som vi har eit grunnlag i kollektive rettar og pliktar, må vi rette større fokus mot både den einskilde og arbeidsfellesskapa sine bidrag og behov: Korleis kan vi best mogleg nå verksemdas mål? Kva treng vi saman, - og kva treng kvar einskild for å kunne gjere ein god jobb? Korleis kan ein utvikle og gjere nytte av kvar einskild sine talentar – gjennom heile yrkeslivet?

I dei moderne kompetanseorganisasjonane som statlege verksemder skal vere, må ein arbeide målretta og systematisk med kompetanse- og karriereutvikling som stimulerar den einskilde og styrkar arbeidsfellesskapet.

Eg er oppteken av at ein må legge til rette for å bruke dei menneskelege ressursane betre gjennom alle livsfasar og alder, og å få ei meir likestilt fordeling av kvinner og menn på alle nivå i organisasjonane.

Statleg utvikling og omstilling skal gjennomførast utan at det fører til utstøyting og auka sjukefråvær. Då må statlege arbeidsgjevarar leggje til rette for at den einskilde medarbeidar kan vidareutvikla sin verdi på arbeidsmarknaden gjennom heile yrkeslivet, og ikkje hamne i ei kompetansemessig bakevje. Samstundes må medarbeidarane sjølve vere den viktigaste drivkrafta i deira eiga utvikling.

Dette inneber ein målretta kompetansepolitikk som både har eit kortsiktig og eit meir langsiktig perspektiv:

  • ei kontinuerleg utvikling og bruk av kompetansen som gjev best mogleg kvalitet og effektivitet i oppgåveløysinga
  • ei langsiktig medarbeidarutvikling som gjev kompetansetryggleik som grunnlag og førebuing for utvikling og omstilling

Det er naudsynt at ein i alt utviklings- og omstillingsarbeid planlegg kompetanseutvikling samstundes som ein planlegg nye strukturar, ny teknologi, nytt regelverk, nye arbeidsmåtar og så vidare. Erfaring syner at om ikkje folka som skal gjere jobben har kompetanse til det nye, så tek det tid å få fram vinsten og dei resultata ein ynskjer. Dette er ei særskild utmaning når det gjeld tverrgåande reformer. Der skal ein skape ein felles kultur, bere fram det beste av kompetansen frå dei einskilde etatane og gje slepp på etablerte, trygge arbeidsmåtar. Det nye må lærast på tvers, - og saman, på nye læringsarenaer. NAV- reforma har i så måte store utmaningar som ein skal ta vare på i planlegging og gjennomføring av reforma. Her er det viktig med involvering og deltaking både frå dei tillitsvalde og direkte frå medarbeidarane.

Staten skal vere ein god arbeidsgjevar for alle grupper av tilsette. Denne regjeringa har som mål å auke mangfaldet i statleg sektor, slik at statlege myndigheitspersonar og tenesteytarar betre speglar det folket dei er satt til å tene.

Eg vil særleg stimulere til rekruttering og betre bruk av dei menneskelege ressursane med omsyn til personar med innvandrarbakgrunn, og personar med ulik funksjonsevne, - men med kompetanse, arbeidsevne og arbeidslyst.

Men vi skal ikkje berre ha desse gruppene inn i staten, vi skal og syte for at vi drar nytte av deira erfaringar og det kulturelle mangfaldet. Det å skape eit kreativt og produktivt mangfald krev gode, tolerante, rause, opne og lærande arbeidsmiljø. Dette er ein viktig bodskap frå meg til statlege leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde; - her har vi alle eit ansvar, kvar på vår måte. Saman skal vi skape resultata.

Regjeringa vil føre ein meir offensiv europapolitikk. Til det treng vi tenestemenn med sterk fagleg kompetanse og naudsynt internasjonal, og då særleg EU/EØS - kompetanse. Statlege arbeidsgjevarar må drive ein meir målmedviten kompetanse- og karriereutvikling som sikrar utvikling og betre bruk av slik kompetanse.

Eg er og oppteken av at forvaltninga skal ha tillit blant folk. Vi skal ha ein statleg personalpolitikk som gir etiske mål og rammer, og som stimulerer til etisk åtferd.

Leiing og fornying
Vi treng motiverte, kompetente medarbeidarar som er stolte av jobben sin, for å lukkast i fornyingsarbeidet. Og vi treng gode leiarar som lukkast i å engasjere både hjerne og hjarte.

Leiarane i staten spelar ei viktig pådrivarrolle i arbeidet med fornying.

Leiaransvaret inneber mellom anna å vise vegen – og leggje til rette for omstilling og utvikling. Å vere leiar inneber også å sørgje for ei god dagleg drift – og ikkje minst å ivareta arbeidsgjevaransvaret og ein god dialog med dei tilsette og deira organisasjonar. Eg har sjølv erfaring som leiar – og har opplevd det som ei svært utfordrande, men også ei krevjande oppgåve.

Eg vil rette eit skarpt fokus mot det samfunnsansvaret som statlege leiarar har særleg med omsyn til mangfald og inkludering, og til tillit og etikk.

Denne regjeringa er oppteken av at leiarane i staten legg til grunn eit breitt perspektiv på leiing, og eg vil starte med nokre av dei sentrale rammene for så å gå nærare inn på personalpolitiske satsingar.

Embets- og tenestemannslova blei oppheva – den gamle tenestemannslova held fram
Bondevik-II-regjeringa vedtok ei ny embets- og tenestemannslov. Den fjerna mange av dei særskilde vernereglane som gjeld for embets- og tenestemenn i staten. La meg nemne nokre av dei:

  • For det første, innebar det ei sterk forenkling av tilsettings-prosedyrane. Dei tilsette sin medverknad vart redusert.
  • For det andre, skjedde det ei harmonisering med dei såkalla "stillingsvernreglane" i arbeidsmiljølova. Arbeidstakarane i staten skulle følgje oppseiingsreglane i arbeidsmiljølova. Dette ville mellom anna ha ført til at dei særskilde reglane om førerett i eiga verksemd ville ha falle bort .
  • For det tredje, ville venteløna ha falle heilt bort etter ein overgangsperiode. Dette ville ha hatt negative verknader for eldre arbeidstakarar med låg formell utdanning.
  • For det fjerde, skulle det etter den nye lova ikkje lenger vere høve til å klage til eit overordna forvaltningsorgan, over vedtak om oppseiing eller avskil.

I sum fjerna Bondevik-regjeringa ei rekkje ordningar som alle var med på å styrke stillingsvernet til dei statstilsette. Vi har no oppheva embets- og tenestemannslova og Stortinget har vedteke at den nogjeldande tenestemannslova blir ført vidare. Vi har gjort nokre få, tekniske endringar for å tilpasse lova til den nye arbeidsmiljølova, men elles blir tenestemannslova ståande som i dag.

Det er ikkje alle sider ved tenestemannslova som verkar like godt.

Eg har nemnt for hovudsamanslutningane ein tanke om å setje ned eit utval til å sjå nærare på lova – og fått positive tilbakemeldingar på det.

Ei årsak til at vi treng å sjå nærare på lova, er prosedyrane for tilsetting. Mange verksemder mister godt kvalifiserte søkjarar, fordi prosessen tek for lang tid. Dette bør det gjerast noko med.

Dessutan treng vi, på sikt, ein grundig gjennomgang av embetsmannsordninga. Dette fall utanfor Arbeidslivslovutvalet sitt mandat. Eg vil sjå om det ikkje er mogeleg å fornye tenestemannslova utan å redusere stillingsvernet til dei statstilsette, men dette skal altså gjerast i samarbeid med organisasjonane.

Hovudtariffavtala i staten
Eg har invitert partane til eit nærare samarbeid om hovudtariffavtala i staten.

Eg trur det kan vere gode grunnar til å fornye og forenkle hovudtariffavtala. Det kan difor vere teneleg om partane set seg ned saman, for å sjå både på strukturen og innhaldet i avtala (t.d. på stillingskodane, lønsrammene og forhandlingsreglane).

Eg har notert meg med interesse at LO Stat, YS Stat og Unio saman har uttalt at dei ønskjer å vidareutvikle virkemidla og kriteria for lokale forhandlingar. Det synest eg er positivt. Samstundes har dei tre organisasjonane vist til at løns- og personalpolitikken i staten bør ta fleire omsyn. Personalpolitikken bør vere både tydeleg, føreseieleg og motiverande. Og fastsetjing av lokal løn til arbeidstakarane bør skje på grunnlag av: Kompetanse, innsats, resultat og ansvar.

Eg kan utan vidare slutte meg til desse synspunkta om løns- og personalpolitikken frå organisasjonane.

For meg er det viktig at ei vidareutvikling av løns- og forhandlingssystemet skjer i nært og konstruktivt samarbeid mellom staten og organisasjonane til dei tilsette. Eg har difor tatt initiativ til at staten set seg ned saman med hovudsamanslutningane for å sjå nærare på dette, og eg er trygg på at partane sjølve finn fram til kva form dette samarbeidet bør ha – fram til hovudoppgjeret til våren og kanskje òg over i neste tariffperiode.

Forsøk med 6-timarsdag/arbeidstidsreform
Eitt av virkemidla er å sjå på arbeidstid. Regjeringa vil bruke 10 millionar kroner til å førebu forsøk med ulike organiseringar av arbeidstida – òg kalla 6-timars arbeidsdag (i statlege verksemder) neste år. Dette er ei oppfølging av regjeringa si politiske plattform frå Soria Moria.

Vi ynskjer mellom anna å få betre kunnskap om dei makroøkonomiske konsekvensane av ein eventuell reduksjon av normalarbeidstida. Regjeringa ynskjer også å vurdere verknadene av redusert arbeidstid opp mot ei rekkje andre faktorar, mellom anna opp mot målet om eit inkluderande arbeidsliv. I tillegg skal vi sjå om redusert arbeidstid kan gi plass for fleire i arbeidslivet. Det kan òg føre til at fleire står i jobb fram til pensjonsalderen. (Kan vi få folk i deltid til å auke sitt arbeidstilbod?). Andre faktorar vil vere: Produktivitet, sjukefråvær og den enkelte sin trivsel og oppleving av tidspress på jobben. Kva arbeidsgjevar vinn og taper økonomisk, vil òg bli kartlagt. I tillegg vil utgreiingane byggje på tidlegare erfaringar med kortare arbeidstid i Noreg - og andre land.

Vi vil sjølvsagt trekkje partane i arbeidslivet med i planlegginga av forsøket.

Eit inkluderande arbeidsliv
Regjeringa har store ambisjonar om å skape eit inkluderande arbeidsliv der ein legg til rette for yrkesdeltaking for alle som kan, og for bruk av arbeidsevna til kvar einskild gjennom eit langt yrkesliv. Det er semje om at erfaringane frå IA- arbeidet skal førast vidare. 14. desember i fjor blei partane og styresmaktene samde om innretning og verkemiddel i IA-avtala for perioden 2006 - 2009.

Den nye IA- avtala har to overordna mål:

  • Å førebyggje sjukefråvær, auke fokus på jobbnærvær og hindre ”utstøyting” frå arbeidslivet
  • Å auke rekrutteringa til arbeidslivet av personar som ikkje har eit arbeidsforhold

Det vil seie at ein på den eine sida må utvikle arbeidsplassar som skapar god helse, og som legg til rette for at dei tilsette kan yte etter beste evne. Samstundes må ein stimulere arbeidslivet til mangfald og toleranse.

Regjeringa ynskjer handling og resultat, difor vil partane saman sette konkrete mål og vurdere verkemidla innafor dei ulike satsingsområda i IA- avtala i løpet av våren.

Eg ynskjer at staten som arbeidsgjevar skal gå føre som eit godt eksempel på desse områda. Det tyder at eg vil leggje enno større vekt på statlege leiarar sitt samfunnsansvar.

At tilsette har ulik bakgrunn - gjev ulik erfaring og kunnskap. Det stimulerer igjen til nytenking - og eit rikare sosialt miljø på arbeidsplassen. Det finst fleire gode døme på statlege verksemder, som har gjort ein framifrå jobb her.

Leiarane si involvering i IA- arbeidet har mykje å seie for eit godt resultat. Det er også viktig å lære av korleis samarbeidet med dei tilsette er lagt opp, i dei statlege verksemdene som lukkast best. Eg tek gjerne i mot synspunkt og gode idear på korleis IA- arbeidet kan leggjast opp framover.

Nedsett funksjonsevne
Våren 2004 vedtok regjeringa ein plan for å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne i det statlege tariffområdet. Planen er ei oppfølging av delmål 2 i IA- avtala. Målet er at minst 5 prosent av nytilsettingane i ein periode på to år , skal vere personar med nedsett funksjonsevne. Halvvegs i perioden er vi i god gjenge.

Vi har no på plass eit panel for å hjelpe til med arbeidet. I panelet sit 13 erfarne deltakarar frå forsking, brukar - og interesseorganisasjonar og frå partane.

I år vil vi introdusere eit trainee-program i sentralforvaltninga for unge, høgt utdanna personar med nedsett funksjonsevne. Erfaringane frå tidlegare program, har vore nyttige å ha med i oppbygginga av det nye.

Det er viktig å gi dei som står utanfor arbeidslivet ein plass innanfor.

Like viktig er det at kollegaer, leiarar og tillitsvalde får erfaring med ein arbeidskamerat som i nokre samanhengar treng tilrettelegging.

Desse tiltaka vil vere til god hjelp i arbeidet med å tilsette fleire personar med nedsett funksjonsevne i statleg sektor.

Rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn
Også statleg sektor må bli flinkare til å sjå verdien av mangfald. Noreg treng å ta i bruk den arbeidskrafta personar med innvandrarbakgrunn representerer, og dei treng arbeid – fordi det er den viktigaste vegen til reell integrering.

Sidan 2002 har det vore eit krav om at statlege verksemder skal kalle inn minst ein kvalifisert søkjar med innvandrarbakgrunn til jobbintervju.

Om det ikkje vert gjort, skal etatane gjere greie for kvifor. I sommar undersøkte vi kva erfaring etatane hadde med ordninga. Undersøkinga syner at om lag 28 prosent (eller 430) av søkjarane med ikkje vestleg bakgrunn som vart innkalla til intervju – også fekk jobb.

Arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hansen har tatt initiativ til at dette kravet kan verte ei rettesnor for heile arbeidslivet. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn. Difor er det også viktig for regjeringa å fokusere på dei positive ressursane som ligg i eit fleirkulturelt miljø.

Det er viktig for meg å vere tydeleg på dette: Alle har vi eit ansvar for å integrere tilsette med eit anna språk og ein annan kulturbakgrunn.

Eg ventar at statlege arbeidsgjevarar og tillitsvalde tek denne utfordringa på strak arm. Vi må bruke dei ressursane vi har, til beste for fellesskapet.

Seniorar som ressurs
Arbeidslivet kan gjere mykje for at seniorane vel å vere yrkesaktive framfor pensjonistar. Departementet har fått i stand ei FAFO- undersøking om tidligpensjonering og seniorpolitikk i staten (Tove Midtsundstad 2005).

Dei individuelle skilnadene er store. Difor er det naudsynt at verksemder legg tilhøva til rette for ei forlenging av yrkeslivet på ein fleksibel måte. Undersøkinga syner at fleire faktorar, ikkje berre helse og slit, verkar inn på avgjerda om å fortsette som yrkesaktiv. Stikkord er t.d. leiarskap, deltaking og ansvar (involvering), utdanning og ny teknologi. Leiarskapet kan syne at seniorane trengst i staden for at ein ventar at dei skal forlate arbeidslivet. Verksemda kan legge opp til deltaking, ansvar, involvering og kompetansetiltak i staden for at seniorane skal få ”sleppe å delta”, eller at dei skal ”sleppe ansvar” for å ”skåne dei”, utan at den einskilde sjølv har bede om det.

Både etterkrigsgenerasjonen, og dei som er enda eldre, har vore gjennom samfunnsendringar som aldri tidligare i historia. Vi snakkar altså om ein generasjon med stor røynsle om utvikling og endring i kvardagen og i samfunnet. Røynsle, som skulle vere ein styrke, vert ikkje alltid sett slik. Tvert om er alder ikkje sjeldan sett som eit problem. Det vert m.a. hevda at seniorane i arbeidslivet ikkje meistrar omstilling og ny teknologi. Vi veit ut frå forsking at det her er store individuelle skilnader. Det er òg mange seniorar som meistrar dette på ein like god måte som yngre. Og det er her, som på dei fleste andre område, at ein må legge til rette for læring på ein måte som er fleksibelt tilpassa deira behov. Det gjeld ikkje minst utvikling av IT-kompetanse.

Dei som kan og vil arbeide, må òg få høve til det. Det kan ikkje aksepterast at kvar fjerde AFP- pensjonist, som eigentleg ynskjer å arbeide, må godta tidlegpensjon slik ei Fafo-undersøking syner. Òg i overgangsperioden til ny pensjonsordning må vi legge tilhøva til rette for yrkesdeltaking for alle som kan og vil. Det er bra for den einskilde, for verksemdene og for samfunnet.

Kompetanse gjer tryggleik i eit omskifteleg arbeidsliv
Eg har tidlegare nemnt at regjeringa sitt mål er å fornye offentleg sektor utan at det fører til auka sjukefråvær og utstøyting frå arbeidslivet. Forsking viser at godt vaksne med låg formalkompetanse, i særleg grad er utsette ved omstilling. Og når dei først er ute, er det få som kjem inn i arbeidslivet att. Dette må vi finne nye løysingar på.

Vi vil derfor setje inn særskilte tiltak for å hindre at godt vaksne med låg formalkompetanse – eller andre – mister fotfestet i arbeidslivet. I samarbeid med nokre statlege etatar, ønskjer mitt departement å få utvikla ulike modellar for kompetanse- og kvalifiseringsprogram. Kvar einskild medarbeidar vil få utvikla, dokumentert, formalisert og profilert sin realkompetanse. Det vil gjere det lettare for dei å gå inn i nye oppgåver andre stader i verksemda, eller å konkurrere på arbeidsmarknaden.

Fleire kvinner inn i leiande stillingar i staten
Det er eit mål for regjeringa å ha minst 40 prosent av begge kjønn i statlege leiarstillingar. Eg vil at staten skal vere ein spanande og attraktiv arbeidsplass - for både kvinner og menn. Elles vil vi få dårlegare løysingar.

Det har blitt stadig fleire kvinner blant leiarane dei siste åra. På toppnivået har det derimot ikkje vore så store endringar å spore . Av den grunn, vil vi særleg sjå på rekrutteringa til toppleiarstillingane.

Det skortar ikkje på kvalifiserte kvinner. 35 prosent av mellomleiarane i staten er kvinner. I desse stillingane i departementa, er over 40 prosent kvinner. Vi skulle med andre ord ha eit særs godt grunnlag, for å lukkast med å rekruttere fleire kvinner til toppleiarstillingane.

Dei kvinnelege mellomleiarane manglar heller ikkje motivasjon og tru på at dei kan meistre større oppgåver. Mitt departement har gjennomført ei spørjeundersøking blant leiarar i staten. Der seier like mange kvinner som menn, at dei ynskjer ei vidare leiarkarriere i staten. Dei ynskjer å bli toppleiarar . Undersøkinga tyder på at det er mange kvinnelege mellomleiarar som er mogne for større oppgåver.

Det er likevel ein viktig skilnad mellom kvinner og menn sine karrieremønster: Kvinnene søker sjeldnare leiarstillingar, om dei ikkje vert oppfordra til det.

Med utgangspunkt i desse funna, har mitt departement starta eit pilotprosjekt. Vi tilbyr karrierecoaching retta spesielt mot kvinnelege toppleiarkandidatar som ynskjer å gå inn i ein søkjarprosess. Tilbodet går i første omgang til kvinnelege mellomleiarar i departementa. Tiltaket vil bli evaluert. I neste omgang vil vi vurdere om dette er eit verkemiddel som bør byggast ut, slik at fleire kan dra nytte av det.

Pensjonsreforma
Regjeringa held fram arbeidet med pensjonsreforma i samsvar med avgjerda i Stortinget. Arbeidet vert koordinert gjennom Arbeids- og inkluderingsdepartementet. I tråd med vedtaket i Stortinget, vil partane bli invitert til å delta. Mitt departement vil mellom anna ta del i arbeidet med å tilpasse dei offentlege pensjonsordningane til ei ny folketrygd.

Avslutning
Regjeringa ønskjer fullt trykk på fornyinga i offentleg sektor.

Ved å fornye offentleg sektor tryggar vi velferda for dei generasjonar som kjem etter oss.

Skal vi klare det - treng vi ein felles dugnad. Her er alle innspel viktige – ikkje minst frå organisasjonane. Her og no vil eg difor invitere til ein konstruktiv dialog med dykk, om dei viktige oppgåvene vi skal ta fatt på. Eg inviterer dykk til å vere med på ein dugnad.

Fordi felles mål når vi best med felles løft!