Historisk arkiv

Elektronisk handel er fornying!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV), Computerworld 04.09.06

Debattinnlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV) i Computerworld 04.09.06. IKT-Norge ved talsmann Per Morten Hoff påstår i Computerworld den 30. august 2006 at det vert stilt urimelege anbodskrav i samband med konkurransen om å verte ny leverandør av ehandelstenester på Markedsplassen ehandel.no. Dette er tull.

Elektronisk handel er fornying!

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV), Computerworld 04.09.06

IKT-Norge ved talsmann Per Morten Hoff påstår i Computerworld den 30. august 2006 at det vert stilt urimelege anbodskrav i samband med konkurransen om å verte ny leverandør av ehandelstenester på Markedsplassen ehandel.no. Dette er tull.

I same slengen kjem det òg påstandar om at ehandel.no er ein fiasko. Dette er også utan hald i røynda. For å gjere det heilt klårt - Markedsplassen ehandel.no er ikkje nokon fiasko. Tvert om - det er ei av dei mest vellukka satsingane av dette slaget som er gjord i Europa. Ehandel.no vart òg i fjor høgt premiert på internasjonal kåring i Manchester. Det er derimot ikkje det same som at alt er perfekt, men det syner at måten vi gjer ting på er på rett veg.

For å vere konkret: Trondheim kommune har gjennom å nytta markedsplassen ehandel.no spart inn 20-30 prosent på sine innkjøp. Liknande utvikling har ein òg erfart i andre verksemder som NTNU, Bærum kommune, Larvik kommune og ikkje minst i dei store helseføretaka. Sjølv om vi enno ser ut til å vere eit godt stykkje frå å nå dei måla som er sette t.d. i eNoreg 2009, er det fleire teikn som tyder på at vi i løpet av to-tre år skal komme mykje nærmare måla. Eg tenkjer her på at fleire store og viktige aktørar som dei regionale helseføretaka, einskilde sjukehus, universitet og høgskolar, samt store kommunar i det siste har meldt seg på som brukarar no. Det som er hovudutfordringa no er å få med fleire store statlege verksemder. Dette arbeidet er i gang.

Av 120 milliardar kroner som det offentlege handlar for, går nå i dag 1,2 milliardar over Markedsplassen ehandel.no. Store summar sjølv om det prosentvis ikkje er noko stort tall, med knappe ein prosent.

Som eg og har gjeve uttrykk for ved tidligare høve, kan det synast rart at utviklinga ikkje går fortare enn den faktisk gjer når dei som har teke ehandel i bruk er så nøgde. Ei forklåring kan vere at ehandel krev at tilvante måtar å arbeide på vert endra. I mange mindre offentlege verksemder er det enno stor skepsis. Vi må difor framleis jobbe med å få tilsette, og ikkje minst leiarar, i offentlege verksemder med oss i denne delen av fornyingsarbeidet. Å endre haldningar skjer ikkje over natta, men vi er på rett veg og eg er sikker på at mykje vil sjå annleis ut om 1-2 år frå no.

Den anbodskonkurransen som no er i gang er eit samarbeid mellom Kommunanes Sentralforbund (KS) og Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD). Avtalane skal kunne brukast av meir enn 550 store og små offentlege verksemder, samstundes med at dei skal regulere forholdet mellom leverandørane av dei ulike delane i tenestetilbodet. Dette stiller krav til både korleis anbodskonkurransen vert lagt opp, og til korleis den vert gjennomført. Kravspesifikasjonen er av den grunn omfattande og inneheld krav til verkemåte som fleire leverandørar nok ikkje kan møte heilt ut i dag. Det at Hoff er kritisk til at det vert krevd garantistilling for å vere med, er underleg. Krav om at det vert stilt garanti, er normalt i tyngre forretningsforhold. Ein av grunnane til at dei tekniske krava er sette høgt er at Sluttbrukarapplikasjonen også skal kunne gje støtte til gjennomføring av nye innkjøpsmetodar (e-auksjon, dynamiske innkjøpsordningar) som kjem med det nye regelverket for offentlege innkjøp frå 1. januar 2007. Det er difor behov for leverandørar med evne til nyskapning, og ikkje berre eit spørsmål om å kunne levere.