Historisk arkiv

Frå modernisering til fornying - utfordringar og konsekvensar for offentleg sektor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på Styringsdialogkonferansen i Steinkjer, 5. januar 2006.

Frå modernisering til fornying - utfordringar og konsekvensar for offentleg sektor

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på Styringsdialogkonferansen i Steinkjer, 5. januar 2006.

Aller fyrst - takk for invitasjonen til å kome til Nord-Trøndelag. Eg ser det som svært viktig å kunne vere med på ein slik konferanse som samlar det meste av forvaltninga i fylket - både frå staten, fylkeskommunen og kommunane. Vi som har ansvar for fornying av offentleg sektor må vere i dialog med leiarar på alle nivå i forvaltninga. De er i ein viktig posisjon når det gjeld reformarbeid i forvaltninga, både med tanke på å gje oss innspel og for å påverke haldningar til dei som jobbar i offentleg sektor. I dette innlegget vil eg konsentrere meg om ei brei presentasjon av fornyingsarbeidet, men vil på slutten gå nærare inn på arbeidet med ei forvaltningsreform, då eg reknar med at det er ei spesiell interesse for dette arbeidet.

Vern om velferdsstaten
Den norske velferdsstaten er ikkje ein sjølvsagt ting. Utfordringa er å ta vare på det beste i den. Men utfordringane er òg å utnytte forbetringspotensiala, og dei mange moglegheitene vårt samfunn og vår samla offentlege forvaltning har. Det er regjeringa sitt mål at det norske velferdssamfunnet skal vere robust, trygt, velfungerande og framtidsretta. I Soria Moria erklæringa har vi løfta fram som visjon for vårt arbeid at vi skal overlate til neste generasjon noko som er meir verdifullt enn det vi sjølv tok over.

Ein politikk for å realisere denne visjonen gjer det naudsynt med både store og små grep. Det handlar om reformer som vil prega utviklinga av offentleg sektor i fleire tiår framover, slik som skipinga av ei ny regionalforvaltning, gjennomføringa av NAV-reforma og satsinga på kunnskap og kvalitet i skulen. Samstundes må vi evne å takle forvaltninga sine ulike oppgåver godt i det daglige.

For litt sidan stilte eg opp på ein sokalla nettprat i Aftenposten. Ein innsendar ville vite kva som er skilnaden mellom ein fornyingsminister og ein moderniseringsminister? Er ikkje namneskiftet uttrykk for eit ressurskrevjande ordkløyveri utan reelt innhald? For meg og regjeringa er dette langt meir enn semantikk. Om ein gir ein moderniseringsminister ansvaret for offentleg sektor, impliserer det at vår offentlege sektor er gammaldags. Det er ikkje eg samd i. Den offentlege sektor i Noreg fungerer betre enn i dei aller fleste andre land. Den nordiske og norske velferdsmodellen kombinerer effektivitet og vekst – med ein stor grad av omfordeling. Det handlar kort sagt om å skape – og å dele. Modernisering i den førre regjeringa sin munn, var å privatisere og konkurranseutsette offentleg sektor, medan vi har ambisjonar om å fornye og utvikle offentleg sektor som offentleg sektor.

Det inneber ikkje at alt skal vere ved det gamle ! Eit samfunn som er under stadig endring, med auka kunnskap, betre kommunikasjonar, fleire moglegheiter, stiller auka krav til at det offentlige tenestetilbodet endrar seg i takt med den generelle samfunnsutviklinga. Om offentleg sektor ikkje maktar det, vil tilliten til offentlege løysingar fort verte svekka og resultatet kan verte mindre velferd og meir ulikskap.

Kvifor treng vi fornying?
Regjeringa vil løyse dei store oppgåvene gjennom å satse på fellesskapsløysingane og føre ein politikk for å redusere forskjellane i samfunnet. Vi vil styrke ansvaret og rolla til det offentlege på fleire område. Det gjev oss eit særleg ansvar for at det offentlege tilbodet er tilpassa innbyggjarane og næringslivet sine behov, og at vi skaper gode resultat av dei ressursane vi set inn.

Av omsyn til industrien og nye generasjonar skal vi ha handlingsregelen som rettesnor for bruken av oljepengar. Dersom vi skal klare å innfri våre ambisiøse mål, må vi i tillegg frigjere pengar gjennom effektivisering. Kan vi løyse oppgåvene i offentleg forvaltning og tenesteproduksjon ein prosent meir effektivt kvart år utan å svekke kvaliteten, vil vi etter fire år ha om lag 15 milliardar kroner ekstra handlingsrom årleg til prioriterte føremål.

Eldrebølgja gjer dette ekstra viktig. La meg illustrere det. I 1995 var det 3 nordmenn over 80 år for kvar nyfødd. Litt forenkla kan vi seie at den nyfødde hadde tre oldeforeldre. I 2050 er det ikkje lenger 3, men meir enn 8 nordmenn over 80 år for kvar nyfødd.

Ein annan grunn til at vi skal fornye, er at vi vil sikre oss at dei pengane vi set inn i offentleg sektor, faktisk gir dei resultat som innbyggjarane forventar. Men dette vil eg gjere heilt klart: Vi vil ikkje gå inn på vidare privatisering av helse, omsorg og utdanning. Det betrar verken effektiviteten eller kvaliteten på tenestene!

Vi skal lytte til brukarane – og vi skal møte dei med respekt. Vi vil ha ein offentleg sektor som yter tenester av høg kvalitet – og som er tilpassa det brukarane etterspør. Det gjeld alt frå barnehageplass, til informasjon som småbedriftene treng og til fornying av pass og førarkort. Men det gjeld òg for menneske som no ”fell mellom to stolar” - eller som ”blir kasteballar” mellom ulike etatar. Det er gjerne dei som ikkje ropar høgt og som heller ikkje er kravstore.

Den siste grunnen til at vi skal fornye, er at vi alltid skal vere sikre på at offentleg sektor er i takt med tida.Vi må difor vere opne for å vurdere og fornye våre eigne velferdsordningar - og måten desse er organiserte på. Dei er ikkje blitt til ein gong for alle. Vi må tilpasse dei etter kvart som behovet endrar seg - for at dei skal bli stadig betre.

Høge ambisjonar
Omstillingsdyktige etatar og offentleg tilsette skal ha mykje av æra for at offentleg sektor i dag fungerer betre enn i dei aller fleste andre land. Statlege etatar og deira tilsette har sidan dei fyrste fornyingsplanane på 1980-talet gått gjennom store omstillingar. Det er blitt om lag 40 prosent færre statlege forvaltningsorgan sidan 1983, og om lag 50 nye statlege selskap. Talet på statstilsette i Statens sentrale tenestemannsregister er redusert frå 183 000 i 1990 til 128 000 i 2004.

Erfaringane er likevel ikkje eintydig positive. Nokre av omstillingane har skubba tilsette ut av arbeidslivet. Riksrevisjonen peika tidlegare i år på at mange omstillingar ikkje har gitt dei resultata Stortinget hadde som føresetnad då det slutta seg til forslaga. I levekårsundersøkinga i 2003 til Statistisk Sentralbyrå seier i alt 45 prosent av dei statstilsett at dei har vore igjennom store omstillingar i løpet av dei to siste år, mens omfanget berre er 30 prosent i aksjeselskap og liknande. Forsking av FAFO peiker på at det dei siste 15 åra har vore enorme omstillingar i det offentlege, og at desse går i raskare og raskare tempo. Dette avsannar det myta som er skapt om staten og statlege verksemder som vegrande i høve til omstillingar og fornying. Og vi veit at omstillingane i kommunal sektor ikkje har vore mindre.

Vi har vore kritiske til korleis fleire tidlegare reformer har vorte sett i verk. Likevel er det ikkje tvil om at det har vore behov for fornying på mange område. Og det vil vere ei stadig trong for omstilling og fornying. Tenk på Skatteetaten. Å fylle ut sjølvmeldinga er ei heilt anna oppleving i dag, enn for berre få år sidan. Sjølvmeldinga på nettet er kåra til den beste offentlege nettstaden i 2005. Heile 1,25 millionar skatteytarar leverte på nett i 2005, og Skattedirektoratet gjennomfører brukarundersøkingar for å verte endå betre i år.

Eg meiner difor at vidare omstilling er heilt naudsynt og eg legg til grunn at regjeringa vil ha ambisiøse mål òg for denne sida av fornyingsarbeidet. Men for å få betre effektar, bør vi følgje opp kvalitet og resultat betre. Samstundes må vi arbeide for å involvere dei tilsette og setje i verk tiltak for å hindre at overtalige blir støytt ut av arbeidslivet. Offentleg tilsette har vist vilje og evne til å vere med på omstilling eg trur politikarar i dei aller fleste land vil misunne oss. Vi vil føre ein dialog og ha ei samhandling med dei tilsette og deira organisasjonar som sikrar endringsvilje òg framover.

Mål og innretning
Det overordna målet for fornyinga er å gjere oss betre i stand til å nå dei politiske måla våre om å styrke, fornye og utvikle velferdssamfunnet vidare innanfor forsvarlege økonomiske og miljømessige rammer. For å hjelpe oss med det, vil eg leggje særleg vekt på:

  • For det fyrste må vi innrette tilbodet etter brukarane sine behov. Vi vil organisere det offentlege tilbodet slik at det møter folk sine behov der dei er - uavhengig av lommebok og sosial status. Det skal vere enkelt å ta kontakt med det offentlege - og du skal få rettferdig behandling.
  • Vi vil arbeide aktivt for ei opa forvaltning som gir folk flest kunnskap, om og innsikt i, offentlege aktivitetar, ressursbruk, kvalitet og resultat.
  • Vi må alltid ha som mål å løyse fellesskapsoppgåvene så effektivt som råd - for å frigjere pengar til høgt prioriterte oppgåver. Men det skal ikkje gå ut over kvaliteten på tenestene.
  • Vi vil legge opp til ei brei og konstruktiv medverknad frå brukarane, tilsette og organisasjonane deira.
  • Offentleg sektor skal òg vere ein spanande og utviklande stad å jobbe og vi vil legge vekt på å inkludere dei tilsette i arbeidet med fornying.

Mi rolle
Eg vil i hovudsak ha tre roller: pådrivar og koordinator for fornyingsarbeidet, støtte til andre sektorar som driv omstilling, og initiativ på eigne fagområde, slik som IKT, konkurransepolitikk, regional statsforvaltning og statleg arbeidsgivarpolitikk.

Kva vil vi gjere?
Vi er allereie i gang med store reformer som kjem til å bety mykje i åra framover. Slik som pensjonsreforma, NAV-reforma, kunnskapsløftet og forvaltningsreforma.

Kunnskapsløftet og NAV-reforma vil de få høyre meir om seinare i dag og i morgon. Eg vil no rette merksemda mot fornyingsgrep innanfor ansvarsområde til mit eige departement.

IT-politikken >
IT speler ei sentral rolle i den samfunnsøkonomiske utviklinga.

Regjeringa vil følgje opp fleire av dei prosjekta som den tidligare regjeringa tok initiativ til – til dømes eNoreg 2009, men vil prioritere dei noko annleis – og ha ein annan grunngjeving i høve til arbeidet

Denne planen skal understøtte regjeringa sin politikk. Den vil vere eit sentralt verkemiddel for å vidareutvikle offentlege velferdstenester, styrkje velferda og sikre økonomisk vekst i heile landet. Regjeringa vil vidareutvikle ein aktiv IT-politikk på tvers av ulike forvaltningsnivå og sektorar, og mellom offentleg og privat sektor.

Regjeringa vil byggje vidare på viktige prosjekt som til dømes utviklinga av MiSide, den offentlege sikkerhetsportalen, og løysingar som handterer elektronisk ID og elektronisk signatur, samt næringslivet sin portal Altinn.

Sikkerhetsportalen vart opna den 15. desember i fjor. Innbyggjarportalen MiSide vert lansert i løpet av første kvartal i år. Vi treng ei god testperiode no på nyåret for å sikre oss at informasjonen til innbyggjarane vert trygt handsama. Eg har store ambisjonar for den vidare utviklinga av MiSide. For det første, vil vi utvide MiSide til å tilby tenester òg frå kommunal sektor – til dømes elektronisk søknad om plass i barnehage. For det andre, vil vi utvide MiSide til òg å verte ei felles trygg postkasse for personlege meldingar mellom kvar enkelt innbyggjar og offentlege verksemder. Du vil til dømes kunne få svar på søknader, skatteoppgjeret og melding om at bilen må til periodisk kontroll. Alt dette vil bli samla i same elektroniske postkasse.

Regjeringa skal arbeide for å sikre grunnleggjande digitale kunnskapar for alle og medverke til å byggje ned digitale skilje. Det er viktig for å hindre utstøyting frå arbeidslivet - og å gjere det lettare å kome tilbake i arbeid.

Regjeringa vil styrkje innsatsen på breibandutbygginga. Det er eit mål at alle husstandar, private og offentlege verksemder skal ha tilgang til eit framtidsretta høgkapasitetsnett til lik pris i heile landet innan utgangen av 2007. Regjeringa ønskjer å sikre auka digital tilgang til kunnskap og kultur. Målet er å utvikle Noreg til ein leiande kunnskaps- og IT-nasjon der alle kan delta.

Opningstider
Opningstidene i det offentlege må tilpassast behovet til innbyggjarane på ein betre måte. Fysiske opningstider er framleis viktig fleire stader, sjølv om offentlege tenester òg blir tilgjengelege på nettet. Mange statlege verksemder er opne for innbyggjarane innanfor den generelle arbeidstida sommar og vinter. Avtalane i staten er ikkje til hinder for å nytte andre arbeidstidsordningar enn den ordinære.

Vi må vise vilje til å prøve ut nye og fleksible arbeidstidsordningar for å oppnå meir brukarvenlege opningstider – i staten òg.

Personalpolitikken
Regjeringa vil sikre ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk med vekt på trygge arbeidsvilkår i statleg sektor. Staten skal vere ein god arbeidsgivar for alle grupper av tilsette. Vi treng motiverte medarbeidarar for å lukkast i fornyingsarbeidet. Og vi treng gode leiarar som lukkast i å engasjere både hjerne og hjarte hos sine medarbeidarar.

Leiarane i staten spelar ei viktig pådrivarrolle i arbeidet med fornying.

Leiaransvaret inneber mellom anna å vise vegen – og leggje til rette for omstilling og utvikling. Å vere leiar inneber også å sørgje for ei god dagleg drift – og ikkje minst å ivareta arbeidsgivaransvaret og ein god dialog med dei tilsette og deira organisasjonar. Eg har sjølv erfaring som leiar – og har opplevd det som ei svært utfordrande, men òg ei krevjande oppgåve.

Denne regjeringa er oppteken av at leiarane i staten legg til grunn eit breitt perspektiv på leiing.

Det er eit mål for regjeringa å ha minst 40 prosent av både kjønn i statlege leiarstillingar. Eg vil at staten skal vere ein spanande og attraktiv arbeidsplass - for både kvinner og menn. Elles vil vi få dårlegare løysingar.

Regjeringa sitt mål er å fornye offentleg sektor utan at det fører til auka sjukefråvær og utstøyting frå arbeidslivet.

Eit inkluderande arbeidsliv
I desember forhandla partane og styresmaktene om innretning og verkemiddel, i samband med ei forlenging av avtala. Det var då semje om at IA-arbeidet skal førast vidare. Eg ynskjer at staten skal gå føre som eit godt eksempel på dette område.

At tilsette har ulik bakgrunn - gir ulik røynsle og kunnskap. Det stimulerer igjen til nytenking - og eit rikare sosialt miljø på arbeidsplassen.

Våren 2004 vedtok regjeringa ein plan for å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne i det statlege tariffområdet. Målet er at minst 5 prosent av nytilsettingane i ein periode på to år, skal vere personar med nedsett funksjonsevne. Halvvegs i perioden er vi i god gjenge.

Offentleg sektor må samstundes bli flinkare til å sjå verdien av mangfald. Noreg har trong for å ta i bruk den arbeidskrafta personar med innvandrarbakgrunn representerer, og dei har trong for arbeid – fordi det er den viktigaste vegen til reell integrering.

Forsøk med 6-timarsdag/arbeidstidsreform
Eitt av verkemidla er å gjere noko med arbeidstida. Regjeringa vil bruke 10 millionar kroner til å førebu forsøk med ulike organiseringar av arbeidstida – òg kalla 6-timars arbeidsdag - i statlege verksemder i år. Dette er ei oppfølging av regjeringa si politiske plattform frå Soria Moria.

Regjeringa ynskjer å vurdere verknadene av redusert arbeidstid opp mot ei rekkje andre faktorar, mellom anna opp mot målet om eit inkluderande arbeidsliv. Vi har 700 000 menneske utanfor arbeidslivet pr i dag. Kan vi gjennom redusert arbeidstid få eit arbeidsliv som gir plass for nokon av desse? Vi veit jo at mange av dei, særleg funksjonshemma, har arbeidsevne og lyst –men får ikkje jobb. I tillegg til å sjå om redusert arbeidstid kan gje plass for fleire i arbeidslivet, vil vi studere om sjukefråværet går ytterlegare ned, vil kvinner i deltidsstillingar auke sitt arbeidstilbod og vil seniorane orke å stå lenger i jobb.

Kva arbeidsgivar vinn og taper økonomisk, vil òg bli kartlagt, og vi skal sjølvsagt trekkje partane i arbeidslivet med i planlegginga av forsøket.

Forvaltningsreforma
Allereie no veit vi altså noko om dei store reformene vi skal ha på teiknebrettet dei neste åra. Forvaltningsreforma vil vere ei av dei viktigaste. Formålet vil vere å etablere eit fornya og meir robust regionalt forvaltningsnivå. Regionnivået skal vere den sentrale aktøren for regional utvikling. Regjeringa vil sjå på korleis det regionale folkevalde nivået skal organiserast, kva for oppgåver som skal desentraliserast til de nye regionane og til kommunane, samt korleis vi samstundes kan omorganisere fylkesmannsembeta.

Det vil få verknad for mange statlege tilsette fordi vi skal sjå på om oppgåver skal desentraliserast, og det at ein skal betene nye, kanskje større regionar, men same kommunekart. Vi må òg vurdere om noko skal gjerast med regionorganiseringa i nokre av dei statlege etatane.

Timeplanen er realistisk, men ambisiøs: Vi har sagt at reforma skal kunne setjast i verk frå 1. januar 2010. Då har vi ikkje meir enn tida og vegen. Dette har vore utgreidd så lenge, og skubba på fordi det er ei vanskeleg sak. No er tida inne for å ta ei avgjerd. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om desse spørsmåla til hausten. Kommunal- og regionaldepartementet vil ha hovudansvaret for meldinga, men eg vil ha ansvaret for ei gjennomgang av regional stat, medrekna den framtidige innretninga av fylkesmannsembeta.

Sidan Oppgåvefordelingsutvalet la fram si utgreiing for fem år sidan, har det vore eit intenst ordskifte – særskilt om organiseringa av det regionale nivået, men òg om inndeling og oppgåver på lokalt nivå. Når regjeringa no sett arbeidet med ein forvaltningsreform høgt på agendaen, er det med overtyding om at ein reform er naudsynt for å sikra politisk styring på viktige samfunnsområde og eit levande lokaldemokrati - både på regionalt og lokalt nivå.

Eg har forståing for at det er stor trong for informasjon om innhaldet og retninga for hele denne omorganiseringa. Samstundes må eg be dykk ha tålmod. Førebels kan eg ikkje seia kva konkret dette vil innebere korkje for oppgåvefordeling eller inndeling.

Med ansvar for fylkesmennene vil eg nytte høvet til å peike på eit par av dei viktigaste verdiane som fylkesmennene målber i si verksemd. Dette er verdiar som òg i ei ny regional forvaltning må ivaretakast på ein grunnleggjande og god måte.

Det eine er omsynet til rettstryggleik. Ei hovudoppgåve for forvaltninga er å garantera for rettsstatsomsyn. Når regjeringa no har sett i gang arbeidet med å fornye offentleg forvaltning, er det naudsynt at omstillingstiltaka òg medvirkar til å styrke og underbygge rettstryggleiken, ikkje minst for svake grupper.

Den andre verdien, eller omsynet, er embetas rolle for sikre heilskap og samordning i forvaltninga. All sektorforvaltning har trong for kontakt og samhandling med andre samfunnsaktørar. I utgangspunktet er det sektorane sjølve som har dette ansvaret. At det skjer ei slik samordning, er i mange høve ein viktig føresetnad for utvikling av gode lokalsamfunn og for rasjonelle samfunnsmessige heilskapsløysingar. På vegne av regjeringa har fylkesmannen i dag eit viktig ansvar for å samordne statleg forvaltning på det regionale plan der dette er teneleg eller naudsynt. Særleg gjeld dette i forhold til kommunane, der fylkesmannen sine oppgåver omfattar dei fleste av kommunane sine ansvarsområde, anten i form av tilsyn, kontroll og rettleiing på ulike sektorpolitikkområde, eller som klageinstans for kommunale vedtak.

I høve til kommunane er det likevel i rolla som sektormynde fylkesmannen treff breiast. Dette er på område som staten har sett omsynet til nasjonal heilskapspolitikk som så viktig at styringa av kommunane som fyrsteline bør haldas på eit regionalt statleg nivå.

Dei seinare åra har den statlege regionalforvaltninga som kjend vore gjenstand for omfattande endringar. Frå 1997 har heile 29 etatar endra organiseringa si på regionalt nivå. Det er ein klår tendens til at fylket vert mindre viktig som eining for inndeling og at det skjer ei samanslåing til færre og større einingar. Unntaket gjeld etatar som har oppgåver retta mot kommunane og kor omsynet for nærleik til kommunane er viktig. Dette er i hovudsak oppgåver for etatar som dei siste 20 åra er integrert i fylkesmannsembetet.

Bakgrunnen for at det har vore særskilt mange inndelingsreformer dei seinare åra, må ein sjå i samanheng med dei generelle endringane i statens styrings- og organisasjonsformer i den same perioden. Den direkte politiske styringa og dermed moglegheitene for koordinering av ulike sektorpolitikkar, har vorte redusert. Auka delegering og sterkt fokus på effektivitetsmålingar inneber at den enkelte sektor får større grad av fridom til å velje den organiseringa som er mest føremålsteneleg i høve til oppgåveløysinga på eige område. Samstundes er det ei aukande erkjenning av at styringsfilosofien inneber utfordringar i høve til moglegheitene for å koordinere og samordna ulike sektorområde. Ikkje minst gjeld dette på det regionale nivået kor utfordringane i høve til samordning er særskilt store.

I ei kartlegging som Statskonsult gjennomførte i 2002 peikar både kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn på at den ulike regioninndelinga av statleg verksemd skaper dels utfordringar og dels direkte problem. I undersøkinga ser òg næringslivet på den differensierte inndelinga som ei ulempe. Ei svak side ved denne undersøkinga er at det er få einingar som er spurde. Eg vil derfor ta initiativ til ei meir omfattande undersøking, der vi vil sjå på kva konsekvensar den fragmenterte organiseringa har for samordninga mellom ulike statlege organ på regionalt nivå, for kontakten mellom regional stat og kommunar/ fylkeskommunar og mellom regional stat og publikum/ næringslivet. Eg vil då få eit betre grunnlag for å gjere framlegg om eventuelle tiltak for å få til ei meir samordna organisering.

I arbeidet med forvaltningsreforma er eg særleg oppteken av at vi skal ha ein open og inkluderande prosess, ikkje minst i høve til alle dei institusjonar og tenestemenn som dette særleg gjeld.

Avslutning
Ved å fornye offentleg sektor tryggar vi og utviklar vi, velferdsstaten for dei generasjonar som kjem etter oss. Skal vi klare det treng vi ei felles dugnad. Her er alle innspel viktige.

Når det gjeld forvaltningsreforma vil eg særleg oppmode ordførarane og rådmennene her i salen til å tenkje igjennom kva slag regionforvaltning som framover vil tene kommunane, innbyggjarane og næringslivet best? For regjeringa er dykkar syn særleg viktig i denne saka. Her lyt de mellom anna sjå på kva løysingar som best støttar opp under prinsippet om det kommunale sjølvstyret, om løysingane støttar opp under kommunane sin trong for generell og spesiell fagkompetanse, om løysingane gjev høve til god samordning mellom kommunane og andre deler av forvaltninga, og om løysingane tek vare på trongen for effektive arenaer for konfliktløysing der kommunane har interessekonfliktar i høve til andre offentlege aktørar. Forvaltningsreforma er ei viktig sak for kommunane. Og det er sjølvsagt viktig for regjeringa her å få fram det store mangfaldet i kommune-Noreg, både når det gjeld storleik, geografi og utfordringar i høve til velferd og næring.

Eg takker for merksemda, og ynskjer dykk - no ved starten på det nye året - alt godt i arbeidet som politiske og administrative leiarar her i det offentlege Nord-Trøndelag.