Historisk arkiv

Interkommunal barnevernsteneste i Fjaler

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Tale av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på opninga av det interkommunale barnevernskontoret for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund, 19.juni 2006

Interkommunal barnevernsteneste i Fjaler

Tale av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på opninga avdet interkommunale barnevernskontoret for kommunaneHyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund, 19.juni 2006.

Godtfolk!

Gratulerer med dagen, og gratulerer med fylket si første interkommunale barnevernsteneste.

For regjeringa er arbeid med barn og unge svært sentralt i både Soria Moria erklæringa, og i våre budsjettprioriteringar. Barnevern er ein sjølvsagt del av dette, både det førebyggande arbeidet og den delen der ein må gripe inn i heimen med ulike tiltak. I vårt land bør det vere slik at ingen ungar vert utsett for omsorgssvikt, vald eller mobbing utan at nokon grip inn raskt. Slik er det ikkje enno, men vi jobbar kontinuerleg med saka. Arbeid med å styrke kompetansen i barnevernet er ei side av det, samarbeidet mellom kommunale og statlege barnevernsmyndigheiter ei anna, og ikkje minst samarbeid mellom barnevern og barne- og ungdomspsykiatrien må utviklast og styrkast.

Kontoret her i Fjaler er altså fylket sitt første interkommunale innan barnevern. Her har kommunane har tatt følgja av små, utsette fagmiljø og gått i lag om å samle dei tilsette sin kompetanse på eitt kontor. Det er all grunn til å rose dei 4 kommunane for det. Det er òg grunn til å rose dei tilsette for å ta utfordringa, og ilag gjere ein jobb for ungar og ungdom som nok ikkje står først i køa og ropar på hjelp, omsorg eller til å komme seg ut av ein fortvila situasjon.

Kommunane har i dag stor handlefridom når det gjeld å få til gode løysningar på tvers av tradisjonelle kommunegrenser gjennom interkommunale samarbeidsordningar. Slike samarbeidsprosjekt skjer i mange kommunar og på ulike måtar. Frå ordningar med faglege nettverk og faglege forum på tvers av kommunegrenser, til meir forpliktande samarbeidsavtaler mellom kommunar og til ytterpunktet med overføring av myndigheitsansvar frå ein kommune til ein annen (vertskommunemodellen), der det må søkjast unntak frå gjeldande lovgiving gjennom det som inntil no har vore ei eiga forsøksordning som ligg under Kommunal – og regionaldepartementet.

Vi ser på interkommunale samarbeidsløysingar på barnevernsområdet som svært gode virkemidlar for å styrke og utvikle barnevernet og rekruttere og halde på fagutdanna personale. Telemarksforsking-Bø har på oppdrag frå KRD evaluert 6 av de 13 forsøka med interkommunale barnevern som har blitt sett i gong i perioden 2003-2005.

Hovudkonklusjonen frå evalueringa er at barnevern er eit område som synest å vere godt eigna for interkommunalt samarbeid. Mange kommunar er så små at dei på eiga hand har vanskeleg for å etablere eit fagmiljø som er robust og stabilt nok til handtere dei krevjande og belastande oppgåvene som arbeid med barnevern kan vere. Alle samarbeida har medvirka til å styrke fagmiljøa og betre kvaliteten på barneverntenestene.

HAFS kommunane har brukt denne kunnskapen i arbeidet med å finne gode løysingar som både dei og vi håpar vil gi betre tenester til brukarane og eit meir stimulerande fagmiljø for tilsette

På barnevernsområdet føreset vi at organisatoriske løysningar med interkommunalt samarbeid sikrar fortsatt god kvalitet på tenestene, tilgjengelege tenester og at rettstryggleiken til brukaren vert ivaretatt på ein forsvarlig måte. Òg i eit framtidig perspektiv med auka handlingsrom for kommunane når det gjeld organisering av samarbeid på tvers av kommunegrenser er dette viktige prinsipp for barnevernet. Mange tilsette i barnevernet opplever interkommunalt samarbeid som eit løft når det gjeld kompetansetilfang, nettverk og handlingsrom og, ikkje minst, betre motivasjon. Dette er viktige erfaringar å ta med seg i Regjeringa sitt vidare arbeid med å legge til rette for meir samarbeid på tvers av kommunegrenser.

Kommunal og regionaldepartementet ynskjer å etablere ei betre lovregulering av interkommunalt samarbeid om kommunale kjerneoppgåver. Regjeringa vil om kort tid legge fram ein odelstingsproposisjon med forslag til ny vertskommunemodell, som kjem som tillegg til dagens kommunelov.

Vertskommunesamarbeid vil sei at det vert overført oppgåver og avgjerdsmynde til ein annan kommune ( vertskommunen). Forslaget vil ha to variantar: Ein samarbeidsmodell der det vert stilt krav om ei eiga folkevald nemd, og ein variant der dette ikkje er eit krav. Dersom det er ynskjeleg å overføre avgjerdsmynde til vertskommunen i prinsipielle spørsmål, må det opprettast ei felles nemd. Om samarbeidet berre skal gjelde meir kurante saker vil samarbeidet kunne skje administrativt.

Det er på grunn av arbeidet med lovreglar for interkommunalt samarbeid at KRD ved handsaminga av søknader har gitt avgrensa løyve til 31.12.2007. Dette gjeld òg kontoret her i HAFS. Prosjektet vil dermed verte regulert ved ny lov frå 2008, viss alt går etter planen. Det vil sei, forsøkskommunane må i løpet av 2007 få på plass eit samarbeid som frå og med 1.januar 2008 tilfredsstiller samarbeidsmodellane i dei nye lovreglane. Eg trur ikkje HAFS vil få problem med det, ut får det eg høyrer og ser til samarbeidsvilje og evne her i dag.

Hjarteleg til lukke med den nye interkommunale tenesta, og eg ynskjer dei som skal jobbe her all mogleg lukke til med arbeidet. De gjer ein svært viktig jobb for barn, unge og ikkje minst samfunnet vårt!

Takk for meg.