Historisk arkiv

IT-tryggleik på alvor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Intervju med fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Trygg Bruk, eit bilag distribuert saman med Aftenposten i februar 2006

IT-tryggleik på alvor

Intervju med fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Trygg Bruk, eit bilag distribuert saman med Aftenposten i februar 2006.

Ho er mest kjend som fornyingsminister, men til taburetten ligg også ansvaret for å vera Noreg sin eigen IT-sjef. Heidi Grande Røys (38) innser at ho har ein stor jobb å gjera for at du og eg, skulen, næringslivet og styresmaktene tenkjer tryggleik vedbruk av digitale media og teknologi. Vi må for alt i verda ikkje la oss skremme.

- Mange av oss er blitt så van med å bruka alskens digitale dubbedittar at vi mest ikkje tenkjer over kva informasjon vi gjev frå oss. Ofte kan det vera til dels private opplysningar som gjer at vi står lageleg til hogg om nokon skulle vera på nettet med alt anna ein heiderlege intensjonar, seier Grande Røys. – Hovudregelen må vera at vi handterar sensitiv og privatinformasjon likt på nettet, som det vi gjer i livet elles. Med einstor grad av varsemd.

Viktige foreldre
Den tidlegare barnehagestyraren frå Bremanger er svært oppteken av at foreldre ikkje må la seg skremme av at det i mange heimar er eit stor gap mellom dei IT-kunnskapane som dei vaksne har, kontra det ungane har fått på plass.
– På same måten som vi er i stand til å lære ungane våre at ein må sjå seg for i trafikken, ikkje krysse vegen på raudt, og absolutt ikkje setja seg inn i bilar med framande, må ein også ha eit vakse forhold til den aktiviteten som ungane held på med framfor PC-skjermen i kjellarstova.
– Kven chattar dei med, og kva informasjon og digitale spor legg dei att? Det er viktig at det store Internettet ikkje vert nokon fristad. At ein rett og slett skjønar kva køyrereglar som må gjelde. Då vil ein også få oppleve den virtuelle verda som særs positiv og utviklande, hevdar den førskuleutdanna 38-åringen. Statsråden er likevel krystallklar på at Internett er eit kjempeframsteg for samfunnet, og at ein ikkje må bli redd for å nytte eit så spennande og viktig medium.

www.MinSide.no
Det er ikkje lenge sidan IT-ministeren var vest i havet og forhandla seg fram til lån av nettadressa, miside.no. Fjell kommune var positiv, og med det er også nynorskadressa på plass i den store satsinga med å gje alle innbyggarane i landet sin eigen inngang til det offentlege. Ein inngang der kvar og ein får møte statlege etatar på nett. – Her kan vi skifte fastlege og fylle ut likninga. I eit slikt opplegg er det avgjerande at ingen andre kan utgje seg for å vera deg. Difor har vi også starta dette prosjektet med at vi opna tryggleiksportalen no i desember. Vi driv i desse dagar aktiv testing opp mot resten av systemet. Vonleg er det ikkje så lenge til vi lanserer prosjektet som forgjengaren min Morten A. Meyer, starta opp, seier SV-statsråden.

Stille krav
– Akkurat som innbyggarane våre må ha lov til å stille svært strenge krav til styresmaktene når det gjeld dei nye heimesidene, må det også vera lov å stille krav til dei som lagar programvarer. Om at programma må vera sikre og ikkje minst enkle å bruke. For er det noko vi ønskjer meir enn noko anna, så er det auka aktivitet innanfor IKT-feltet. For alle. Fordelane vi oppnår av å ta ny teknologi aktivt i bruk er innlysande. Poenget er berre at verdien vert endå større om ein også klarar å utvise god digital dømekraft, meiner Grande Røys.

Mykje forsking
Det foregår i dag mykje forsking og utvikling kring IKT-tryggleik.
– Innføringa av elektronisk signatur er ein av berebjelkane for at vi i det heile kan få utbyte av å gje innbyggarane våre ei privat heimeside. Styresmaktene må heile vegen ha forskrifter, reguleringar og lovverk i botn. Vi må også vera aktivt med i den offentleg debatten for å sjå til at alle får eit medvite forhold til IT-tryggleik. Likeins må det ikkje berre vera IT-sjefane som har IT-ansvar i næringslivet. Det må kvila minst like tungt på toppleiinga. På same måte som vi sikrar oss mot fysisk innbrot medhjelp av låsesystem, alarmar, vakter og uknuseleg glas, må vi også sørgje for at uønska gjester heller ikkje kan ta seg inn til oss via nett og datamaskiner.

Mail på alvor
Diverse oppslag i media den siste tida, har med stor kraft synt at vi er overmodne for å etablere eit regelverk kring e-post. – I dag har det vorte slik at i staden for å gå ut ei dør og inn ei anna med ei melding, bruker ein mail. No treng vi reglar for kven som kan lesa kva av andre sine e-postar, utan å ha spurd om samtykke. Kva er privat? Kva høyrer til i jobbsamanheng? Datatilsynet har laga retningsliner og vegleiing for korleis ein skal gå fram, men her er enno mykje upløygd mark. I utgangspunktet må det vera ei målsetjing at eit lukka brev i innboksen, må ha same status som eit lukka brev i den vanlegepostkassa, meiner Grande Røys. For tida samarbeidar departementet hennar med folka i Justis for å finna gode løysingar, og samstundes sjå på kor vidt ein treng lovendringar for å møte e-postproblematikken.

Innebygd filter
Med ein nasjonal strategiplan for informasjonssikring i botn, og ei rekkje spennande forskingsmiljø på området, håpar IT-ministeren at vi klarar å henga med i svingane.
– Teknologiutviklinga går ufatteleg kjapt. Det som var nyskapande for to år sidan, er for dei ivrigaste allereie utgått på dato. Difor er det viktigare enn nokon gong at dei store private aktørane, samt styresmaktene, tek dette på alvor. Om ikkje vi skulle ta ansvar, kven skulle då gå i bresjen for å gjera livet littvanskelegare for webpiratar og andre nettsabotørar? Vi har ikkje noko val. Men midt oppi alt dette er nok den aller største jobben å få den oppveksande slekta til å tenkja tryggleik på nett like naturleg som alt anna dei er opplærde til. Rett og slett lære dei opp til å ha eit «filter i hovudet». Slik at dei tenkjer seg om både ein, to og tre gonger når nokon ønskjer at dei skal gje frå seg informasjon som ingen andre strengt tatt har noko med.