Historisk arkiv

Med breie band skal landet byggjast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Kommunal Rapport 7. desember 2006.

Denne regjeringa har slått fast at heile landet skal ha tilbod om tilknyting til breibandnett innan utgangen av 2007. Som Fornyings- og administrasjonsminister tek eg min del av ansvaret for å nå breibandsmåla. Difor har eg løyvd 122 millionar kroner til arbeidet med breibandsutbygging neste år, og difor la eg inn 50 millionar kroner ekstra til breiband i revidert nasjonalbudsjett for 2006.

Med breie band skal landet byggjast

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Kommunal Rapport 7. desember 2006.

Denne regjeringa har slått fast at heile landet skal ha tilbod om tilknyting til breibandnett innan utgangen av 2007. Som Fornyings- og administrasjonsminister tek eg min del av ansvaret for å nå breibandsmåla. Difor har eg løyvd 122 millionar kroner til arbeidet med breibandsutbygging neste år, og difor la eg inn 50 millionar kroner ekstra til breiband i revidert nasjonalbudsjett for 2006.

Men for at pengane eg har løyvd skal resultere i breie band ut til innbyggjarane må det lokale sjølvstyret òg ta ansvar. 30. november i år er fristen for å søkje om breibandsmidlar frå Høykoms rundt 100 millionar kroner store breibandspott i 2007. Difor vil eg på det sterkaste oppmode kommunar og fylkeskommunar til å nytte høvet til å søkje støtte frå Høykom ( www.hoykom.no) til lokale breibandsprosjekt. Gi lyd frå dykk om de har eit godt prosjekt og søk om pengar frå den rekordhøge breibandspotten.

Det blei i september i år gjennom Høykom løyvd 80 millionar kroner i tilskot til breibandsutbygging. Desse midlane utløyser 120 millionar kroner i lokal eigenkapital, og vil i alt gi 200 millionar kroner til lokal breibandsutbygging. Det er forventa å resultere i nærare 30 000 nye breibandslinjer. Det betyr at noko under ein tredel av dei om lag 100 000 husstandane som mangla eit breibandstilbod i oktober i år no vil få eit tilbod. Med rundt 100 millionar kroner i potten for neste år er det berre å gange opp sjølv for å sjå kor mykje som vert satsa på å gi breiband til alle som enno ikkje har det.

I mai 2003 stod over norske 200 kommunar heilt utan breibandstilbod til privatmarknaden. I november 2006 er det ingen kommunar utan tilbod. Ca. 95% av norske husstandar har no tilbod om breiband, mens talet i mai 2003 var ca. 64%.

Dette er ein formidabel auke, men utbygginga syner teikn til stagnasjon ved omkring 95%. Dei kommersielle aktørane investerer lite i dei mest grisgrendte strøka av landet, men med gode breibandsprosjekt frå lokale aktørar og rekordmykje pengar i breibandspotten skal vi saman få dekningsgraden opp i 100%.

Midlane frå Høykom skal sørgje for at dei som ikkje får breiband gjennom kommersielle aktørar likevel skal få tilbod om ei høghastigheitslinje ut på verdsveven. Staten aleine kan ikkje gi breiband til heile landet, men det er då heller ikkje meininga. Dekninga vi har i dag er oppnådd ved hjelp av både private aktørar, offentlege midlar og eit stort lokalt engasjement der kommunar, kraftselskap og andre lokale krefter har teke initiativ og bygt ut i område der dei større kommersielle aktørane ikkje har funne det lønsamt å investere. Berande i breibandsutviklinga er lokale eldsjeler og initiativtakarar med ønske om å utvikle nett og tenester tilpassa lokale føresetnader og behov. Eg vil difor oppmode kommunar, fylkeskommunar og kommersielle aktørar om framleis å stå på lokalt og regionalt, så skal eg gjere det eg kan sentralt. Saman kan vi då lukkast i å gi heile landet eit tilbod om breiband – ei målsetjing som er sentral for SVs visjon om ”Ulike mennesker – like muligheter”.