Historisk arkiv

Nordområdesatsinga under den norske formannskapen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av samarbeidsminister Heidi Grande Røys på MR-SAM møte i København, 1. mars 2006

Nordområdesatsinga under den norske formannskapen

Innlegg av samarbeidsminister Heidi Grande Røys på MR-SAM møte i København, 1. mars 2006.

Gode kollegaer,

Problemstillingane i nordområda er mange og samansette. Her ligg formidable verdiar i form av menneskelege ressursar og naturressursar. Og her ligg store utfordringar knytte til mellom anna miljø, klima, levekår for urfolka, demokratisering i Russland, regionale ulikskapar og helse. Å forme ein god politikk for denne regionen dei kommande åra blir ei krevjande oppgåve som føreset godt samarbeid, ikkje minst mellom dei nordiske landa.

Som statsminister Jens Stoltenberg sa i sin tale til Nordisk Råd 24. januar i år, så er vi alt i gang med oppgåva:

  • Finland og Norden har vist veg og kjem til å vere ein pådrivar i EU med Den nordlege dimensjonen.
  • Dei nordiske landa har gått i bresjen for eit arktisk samarbeid. Klimaspørsmål gjer dette stadig meir framtredande også internasjonalt.
  • Miljø- og atomutfordringane på Kola blir møtte med breitt internasjonalt engasjement frå nordiske og andre europeiske land.
  • Helsepartnarskapen innanfor Den nordlege dimensjonen skal vidareutviklast.
  • Folk-til-folk-samarbeidet i Barentsregionen har vore ein stor suksess.
  • Og Nordisk Ministerråd har nå et eige Russlandsprogram.

Nordområda strekkjer seg over heile Norden og Arktis og dekkjer mange land. Det politiske målet for den norske regjeringa er eit nært samarbeid mellom landa i området.

Vi skal fremje tett samarbeid og dialog om utviklinga i nord. Den norske utanriksministeren kallar Barentshavet for ”Samarbeidets hav”. Det vil vere ei overordna målsetjing for oss å leve opp til det namnet.

Vi vil diskutere framtida for nordområda med alle dei det vedgår. I politikken er interessa for ei sak eller eit område ofte knytt til om ein har eigne interesser å tenkje på: ”Står det noko på spel? Har vi noko å vinne, har vi noko å tape?”

Kvifor er det viktig for oss alle å rette fokuset nordover? La meg stikkordmessig peike på følgjande:

  • Barentshavet inneheld store naturressursar – både fornybare og ikkje-fornybare. Det er Europas viktigaste fiskefelt.
  • Det er ein energiregion for framtida.
  • Det er ei viktig framtidig transportrute.

Energidimensjonen trer fram som den viktigaste i nordområda. Etter kvart som Nordsjøen tek til å gå tom for petroleumsressursar, kan nordområda bli den nye energiregionen i Europa. Difor blir nordområdepolitikk ein viktig del av europeisk politikk.

Mens andre energiregionar i verda er prega av politisk uro og konfliktar, står nordområda fram som stabile og fredelege.

I denne samanhengen kjem nordområda til å spele ei viktig global rolle som trygg leverandør av gass i framtida, både for Europa og USA.

Gasskrisa mellom Russland og Ukraina var ei påminning om kor utsette dei europeiske energiforsyningssystema er. Etter orkanane og reduksjonane i petroleumsproduksjonen i haust er også amerikanarane blitt minte om verdien av stabile ressursar og alternative leverandørar.

I dette perspektivet ser omverda mot nord. Ny teknologi gjer at gass kan transporterast uavhengig av rørleidningar. Om eitt år går det første skipet med gass frå Snøkvitfeltet til den amerikanske austkysten.

Vi vil setje standarden for petroleumsverksemda i Barentshavet. Det gjeld ikkje berre for den norske delen. Vi trur det er klokt å internasjonalisere spesifikasjonane for miljøet og for helse, miljø og tryggleik. Vi må forsikre oss om at Barentshavet også i framtida kjem til å vere eitt av dei mest urørte naturområda i verda, eitt av dei reinaste hava i verda, med nokre av dei rikaste fiskeressursane i verda. Difor må petroleumsverksemda i Barentshavet følgje dei strengaste miljø- og tryggleiksstandardane i verda.

Frå norsk side er vi i full gang med å utarbeide ein samla forvaltningsplan for Barentshavet. Planen blir lagd fram for Stortinget våren 2006, og skal gjelde for den norske delen av Barentshavet.

Hovudformålet med forvaltningsplanen er å etablere rammevilkår som gjer at næringsinteresser knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd kan balanserast mot kvarandre innanfor rammene av ei berekraftig utvikling.

Den norske formannskapen vil mellom anna lansere forvaltningsplanen for Barentshavet som ein mogeleg nordisk modell for korleis vi kan løyse samansette miljøproblem i havområde. Vi er nøydde til å samarbeide på tvers av sektorar og landegrenser for å løyse dei samansette miljøproblema. Eg meiner at dei nordiske landa har eit ekstra ansvar for å ta opp miljøtruslane i desse områda, også i internasjonale forum.

Når vi først er inne på miljøsektoren, kjem vi ikkje unna spørsmålet om klimaendringar. Nordområda opplever nokre av dei raskaste og mest alvorlege klimaendringane på jorda. Noreg vil i sin formannskapsperiode leggje vekt på m.a.:

  • Ein felles nordisk innsats for kartlegging av samfunnsmessige konsekvensar av klimaendringar.
  • Vurdering av felles nordiske tiltak for tilpassing til klimaendringar og førebygging av skadar på infrastruktur og anna som er samfunnsmessig viktig.

Til Arktis kjem dessutan langtransporterte miljøgifter med luft- og havstraumane frå sørlegare breiddegradar, og klimaendringar kan forsterke transport og nedfall av miljøgifter. Organiske miljøgifter og tungmetall hopar seg opp i dei arktiske næringskjedene.

Saman med dei nordiske landa ønskjer vi å få til ein heilskapleg miljøpolitikk i Arktis der natur og kultur blir sette i samanheng, og der forvaltninga tek eit meir samla grep om dei økologiske utfordringane. Formannskapen ser det som ei viktig oppgåve å medverke til ei god gjennomføring av det nye arktiske samarbeidsprogrammet. Vi ønskjer å få fram ein nordisk strategi for arbeidet med klima og miljøgifter i Arktis.

Det nye arktiske samarbeidsprogrammet for perioden 2006-2008 legg vekt på slike spørsmål som miljø, berekraftig utvikling, levekår og urfolk. Den norske formannskapen deler desse prioriteringane, og ser det som ei viktig oppgåve å medverke til gjennomføringa av programmet i samarbeid med Arktisk Råd. Formannskapen vil òg leggje vekt på at det arktiske samarbeidet skal prioritere tiltak til nytte for Vest-Norden.

I Nordisk Ministerråd har vi fått på plass eit eige Russlandsprogram, som gjeld frå årsskiftet. Russlandsprogrammet skal særleg leggje vekt på kunnskapsoppbygging og nettverk, deltaking i EU-partnarskapen, frivillig sektor og samarbeid i Barentsregionen. Den konkrete utforminga av tiltak under programmet må førebuast på dei ulike fagområda i ministerrådet gjennom ein open dialog med russiske samarbeidspartnarar. Den norske formannskapen ser det difor som ei viktig oppgåve å sikre ein god start på programmet og ein god dialog med russiske partnarar, t.d legg vi opp til eit nordisk-russisk møte på energiområdet på embetsnivå i 2006.

Gjennom Den nordlege dimensjonen er sosial- og helseministrane frå før engasjerte i ein partnarskap for helse og livskvalitet, og på bakgrunn av dette vil det bli det bli gjort forsøk på å utvikle eit samarbeid på fagleg nivå, mellom anna ved å aktivisere nordiske institusjonar i større grad. Den norske formannskapen vil vidareføre dei danske initiativa ved å setje eit spesielt fokus på sårbare og utsette grupper. Aukande inntektsforskjellar og fattigdom har særleg gått ut over mange barnefamiliar. Denne utviklinga har ført med seg ei rekkje grupper av utsette born og unge med manglande skulegang, med smittsame sjukdommar, gateborn, funksjonshemma born og born som er utsette for seksuelle og andre overgrep. Vi vil difor ha eit spesielt fokus på levekår og helse for utsette born og unge.

Samarbeidet mellom Nordisk Ministerråd og EU har auka sterkt. Når det gjeld nordområda, er Den nordlege dimensjonen i EU særleg viktig. Formannskapen vil medverke til ei aktiv nordisk deltaking i utviklinga av ein ny fase i Den nordlege dimensjonen, mellom anna i samråd med den finske EU-formannskapen i andre halvår 2006.

I denne samanhengen må eg nemne at vi frå norsk side har vedteke å lansere ei langsiktig og tverrsektoriell satsing på forsking og utvikling i nordområda. Vi kallar prosjektet Barents 2020. Barents 2020 skal få i gang konkrete samarbeidsprosjekt – under norsk leiing – som kan engasjere både Russland og vestlege land. Det skal fungere som eit bindeledd mellom internasjonale kompetansemiljø, akademiske institusjonar og næringslivs- og industriinteresser i ulike land som er opptekne av nordområda. Vi skal skaffe oss ein breiare kunnskapsbase om miljø- og ressursspørsmål i nord, og vil at denne satsinga skal få fram idear og prosjekt som kan engasjere miljø spesielt i dei nordiske landa.

Dei tre nordlege regionale råda – Barentsrådet, Arktisk Råd og Austersjørådet – har alle sine definerte mål og oppgåver i nordområda. Dialogen mellom formannskapane i råda skal aktivt vidareførast, både bilateralt og ved eit felles årleg møte. Den norske formannskapen ønskjer å medverke til best mogeleg samordning og komplementaritet i den verksemda råda driv.

Den felles nordiske politikken for samarbeidet med Nordvest-Russland, dei tre baltiske landa, dei andre nordlege regionale råda, med EU og i Nord-Atlanteren avspeglar evne og vilje til å sjå heile nordområdet i samanheng og til å vere med på å gje området eit samla løft. Dei nordiske landa utgjer ein kjerne av pådrivarland når det gjeld dei mange og nærståande aktørane i nordområda. Norden har dermed ei nøkkelrolle, og kan prege og styrkje desse samarbeidsfelta saman med dei andre aktørane. Dette potensialet kan mellom anna illustrerast ved at tre av dei nordiske landa i 2006 vil dele på å ha formannskapen i alle dei regionale råda – og i EU – i heile eller delar av året.

Nasjonale interesser gjer at vi kvar for oss har tyngdepunktet i innsatsen på ulike delar av nordområda. Det er bra. Vi kan utfylle kvarandre. Saman har vi heilt særskilde føresetnader for å medverke til ei samla tilnærming og ein aktiv og målretta politikk i nordområda. Frå norsk side vil vi òg bruke formannskapsåret til å leggje nokre viktige møte til regionen. I juni inviterer Jens Stoltenberg statsministerkollegaene sine til møte på Svalbard. Ellers skal utanriksministrane, forsvarsministrane og miljøministrane møtes i nord, og sikkert fleire.

Utsiktene i nord er mange, men det må balansegang og heilskapstenking til. Fisk og petroleum. Turisme og skipsfart. Dei skal bruke det same havet og dei same leiene.

Noreg inviterer til samarbeid om utsiktene og utfordringane.