Historisk arkiv

Noregs formannskap i Nordisk Ministerråd 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av nordisk samarbeidsminister Heidi Grande Røys på Nordkalottkonferansen 2006 i Bodø.

Innlegg av nordisk samarbeidsminister Heidi Grande Røys på Nordkalottkonferansen 2006 i Bodø.

Kjære forsamling,

Eg vil først takke Foreininga Norden for invitasjonen til å delta på Nordkalottkonferansen, denne viktige møteplassen for politikarar, regionale styresmakter og befolkninga i Nordområda. Noreg har formannskapen i Nordisk ministerråd i 2006, og vårt program har nettopp fornying og samarbeid i Nord-Europa som hovudoverskrift. Det passar derfor svært godt med regjeringas program at det var Foreininga Norden i Noreg sin tur til å arrangere Nordkalottkonferansen i år. Her kjører det offisielle og det frivillige på same spor.

Nå er jo ikkje Foreininga Norden ein kva slags som helst frivillig organisasjon i ein nordisk samanheng. Som nordisk samarbeidsminister er eg derfor ekstra glad for å kunne stå på talarstolen til den organisasjonen som har nordisk samarbeid som sitt overordna mål. Eg vil nytte høvet til å rette ein takk for den store innsatsen alle Norden-foreiningane gjer i sine respektive land for å fremje nordisk kultur, historie og språkforståing, for å fremje skolesamarbeidet i Norden, og for å vere ein pådrivar når det gjeld nordbuarars rettar ved flytting over grensene.

Kva er så mi rolle i det nordiske samarbeidet?

Det er slik at ein innan regjeringa i kvart land utnemner ein nordisk samarbeidsminister som – i tillegg til sin nasjonale portefølje - har det koordinerande ansvaret for det nordiske samarbeidet, både innåt i si eiga regjering, og på nordisk plan. Samarbeidsministrane møtest 4-5 gonger i året, og har ansvaret for alle tversgåande saker slik som budsjett- og økonomistyring, grensehindersamarbeidet, berekraftig utvikling og samarbeidet med dei baltiske land, Nordvest-Russland, Arktis og Vest-Norden.

Dei tre hovudprioriteringane i formannskapsprogrammet vårt set fokus på tre utfordringar som etter mitt syn er sentrale for heile Norden:

  1. Nordområda og kva dei har å seie for Norden og Europa.
  2. Framtida til den nordiske velferdsmodellen.
  3. Behovet for å møte globaliseringa med kontinuerleg kunnskapsutvikling og innovasjon.

Nordområda

Problemstillingane i nordområda er mange og samansette. Å forme ein god politikk for denne regionen dei kommande åra blir ei krevjande oppgåve som føreset godt samarbeid, ikkje minst mellom dei nordiske landa.

Norden er ei viktig drivkraft i det regionale samarbeidet med Nordvest-Russland, i Østersjøområdet, Barentsregionen, Arktis og Nord-Atlanteren.

Vi har i 2006 innleidd ein ny fase i samarbeidet med høvesvis dei baltiske land og Nordvest-Russland. Vi utviklar no eit regulært styresmaktsamarbeid og politisk samarbeid med dei baltiske landa, samtidig som nye samarbeidsprogram for høvesvis Nordvest-Russland og Arktis startar opp. Ministerrådets Russlandsprogram vert no fylt opp med konkret innhald. Vi legg stor vekt på kunnskaps- og nettverksbygging, og i juni for knappe to månader sidan vedtok dei nordiske landas samarbeidsministrar eit nytt utvekslingsprogram med ei økonomisk ramme på vel 30 mill DKK. Utvekslingsprogramma skal i prinsippet fungere begge vegar, men vi går ut frå at minst 500 russarar kvart år kan komme på tale for kortare eller lengre opphald i dei nordiske land.

Vi har i dette året ønskt å rette spesiell merksemd mot barn med nedsette funksjonsevner og familiane deira i Nordens naboområde. Vi skal saman med den russiske formannskapen i Europarådet arrangere ein konferanse i St. Petersburg med dette fokuset. Formannskapen ser dette som eit viktig prosjekt reint tematisk, men også organisatorisk er det eit spennande prosjekt som vil utvikle samarbeidet med Russland.

Velferdssamfunnet

For å medverke til positiv utvikling i våre nærområde, må vi utvikle vidare det demokratiske velferdssamfunnet i våre eigne land.

Vi har eit svært godt utgangspunkt. UNDPs Human Development Report plasserer alle dei nordiske landa blant dei beste land i verda å leve i. European Social Survey (ESS) som kom i fjor haust viser at dei nordiske borgarane går framfor andre land:

  1. Vi er meir nøgde med korleis det demokratiske systemet fungerer
  2. Hos oss er det i større grad mogleg for kvar enkelt arbeidstakar å organisere arbeidet sjølv
  3. Norden har den høgaste fagforeiningsdeltakinga
  4. Interessa for politikk er større
  5. Og folk i Norden lit meir på kvarandre enn folk i resten av Europa.

Nordiske verdiar som stor likskap, høg tillit og korte avgjerdslinjer byggjer bru over eit tilsynelatande paradoks. Vi har stor offentleg sektor og omfattande arbeidstakarvern – samtidig som vi har den høgaste levestandarden og sterk økonomisk vekst. Det blir hevda at kombinasjonen er umogeleg. Men resultatet av denne egalitære velferda er at dei nordiske landa er konkurransedyktige, innovative og stabile samfunn med relativt få fattige.

Den nordiske velferdsmodellen fungerer godt, og er blitt ei merkevare. Velferdsmodellen er rett og slett eit konkurransefortrinn. Men han er under stadig press, både når det gjeld økonomiske føresetnader og politiske vurderingar.

Derfor har Noreg valt å gjere den nordiske velferdsmodellen til ei av sine hovudsaker for vårt nordiske formannskap i år.

Kva har vi så sett fokus på:

Formannskapen har halde ein presentasjonskonferanse av det nordiske samarbeidsprogrammet for likestilling 2006 – 2010, og vi har sett i gang ein studie om effektar av familiepolitiske ordningar for likestilling mellom kjønna.

Vi har prioritert oppfølging av den nordiske handlingsplanen ”design for alle/universell utforming”. I alt fire prosjekt har fått midlar som ulike formannskapsinitiativ.

Kvar dag vert det planlagt og fatta vedtak som gjeld utforminga av bygningar, utemiljø, produkt og tenester. Mange opplever å bli funksjonshemma på grunn av dei løysingane som vert valde. Her må det til ei betre planlegging.

I debatten om framtida for velferdsmodellen er det viktig at ungdommen har ei røyst. For å setje fokus på nordiske ungdommars haldningar til velferdspolitikk har vi oppretta eit Nordisk ungdomspanel som blant anna skal diskutere korleis den nordiske velferdsmodellen bør sjå ut i framtida. Ungdomspanelet har komme godt i gang og har allereie hatt to samlingar. Panelet skal leggje fram sine konklusjonar for samarbeidsministrane på slutten av året, og eg er spent på resultatet.

Relativt få barn lever i fattigdom i Noreg og i Norden. Vi veit likevel at ein del barn ikkje kan delta i vanlege aktivitetar på lik linje med andre barn på grunn av familiens økonomi eller fordi foreldre har rusproblem eller psykiske problem. Slike omstende gjer at både barn og vaksne vert marginaliserte og ekskluderte frå arbeidsliv og fritidstilbod. Vi må heile tida stille spørsmål ved om dei ordningane vi har i dag fungerer slik dei er tenkte, og om vi klarer å gi barn og unge gode oppvekstvilkår.


Formannskapen har teke opp situasjonen til barn og unge gjennom felles nordisk kunnskapsutveksling om tiltak for å betre livssituasjon for dei fattigaste barna og familiane deira.

Vi ser òg på sjansane for å styrkje det nordiske helseberedskapssamarbeidet. Vi har lagt vekt på samarbeidstiltak i forhold til pandemisk influensa. På dette området har formannskapen arbeidt hardt for å finne ei samla nordisk løysing for utvikling av influensavaksine, men har så langt ikkje lukkast med å oppnå semje om kva for modell ein skal nytte.

Kunnskap, innovasjon og verdiskaping

Så til det tredje hovudområdet: Kunnskap, fornying og verdiskaping.

Eit kunnskapsbasert samfunn må byggjast på eit utdanningssystem med høg kvalitet. Gjennom internasjonale undersøkingar om innsatsfaktorar og skoleresultat i grunnopplæringa er det avdekt skilnader mellom dei nordiske land når det gjeld dei grunnleggjande kunnskapane elevane har i sentrale skolefag. I det nordiske skolesamarbeidet er kvalitet i utdanninga eit sentralt tema, og Kunnskapsministeren har i år arbeidt for å styrkje det nordiske samarbeidet på dette saksfeltet. Han var i mai vertskap for ein forskarkonferanse om nordiske resultat i PISA-undersøkinga 2003, altså internasjonale samanlikningar av skoleelevanes prestasjonar og faglege nivå.

Ei kartlegging av lærarutdanninga i Norden med omsyn til lese- og skrivedugleik skal utarbeidast til hausten, og Nordisk Ministerråd har sett i gang ein nordisk studie som skal samle relevant forsking om temaet lesing i et kjønnsperspektiv.

Innan utdanningssektoren vert det òg arbeidd med å etablere eit tal nordiske masterprogram ”Nordic Masters”. Dette vil medverke til eit tettare samarbeid kring kvalitet innanfor høgre utdanning, og kan vere eit nordisk bidrag til europeisk utdanningssamarbeid.

Når det gjeld forsking og innovasjon legg formannskapen stor vekt på å byggje ut den nordiske innverknaden på det europeiske samarbeidet, og vil - i samarbeid med EU-kommisjonen - arrangere ein større konferanse no i haust om det å investere i kunnskap og innovasjon. Her vil ein få fram modellar for korleis eit regionalt samarbeid kan samverke med EU.

Men lat meg vende blikket nordover att. Utdannings- og forskingssamarbeid i nordområda er viktig, og det vert no arbeidd med eit prosjekt for å bringe representantar frå alle land rundt Arktis, inklusive USA, Russland og Canada, saman for å drøfte utsikter for samarbeid. Møtestad blir Tromsø, og i denne samanhengen vil det bli lagt vekt på tiltak med sikte på profilering av Norden som polarregion, som ledd i førebuingane av det internasjonale polaråret som startar opp neste år.

Miljø og andre sektorar

Klimaendringane og miljøgiftene i Arktis saman med styrking av lokaldemokratiet si rolle i miljøvernarbeidet har vore dei norske prioriteringane innan det nordiske miljøvernsamarbeidet.

Klimaendringane i Arktis er alvorlege. Folk som bur i regionen, kan allereie oppleve verknadene av dei store klimaendringane og av miljøgiftene som hopar seg opp i Arktis. Frå norsk side arbeider vi for at det no skal gjerast ein samla nordisk innsats for at dei samfunnsmessige konsekvensane av klimaendringane vert kartlagde.

Den aukande interessa for utvinning av naturressursane i nordområda krev at vi samarbeider på tvers av sektorar og landegrenser for å løyse dei samansette miljøproblema. Eg meiner dei nordiske landa har eit ekstra ansvar for å ta opp miljøtruslane i desse områda også i internasjonale fora.

Den norske formannskapen har også medverka til at det vert nytta nordiske pengar til å stimulere til større bruk av lokaldemokratiet og lokal medverknad i arbeidet med å nå måla om ei berekraftig utvikling og i oppfølginga av FNs tusenårsevaluering. Av tiltak som vert planlagde er blant anna ein konkurranse der lokalsamfunna vert inviterte til å presentere korleis dei arbeider for å stanse tapet av biologisk mangfald.

På kulturområdet har formannskapen lagt vekt på å auke tilgangen for barn og unge til nordiske kunst- og kulturuttrykk. Det er spesielt viktig for å byggje opp om den nordiske språkforståinga og nordisk samkjensle.

I tråd med dette har formannskapen ført vidare arbeidet med å utvikle eit nordisk medieprogram, der produksjon av dataspel med kvalitetsinnhald er prioritert. Forbruket av dataspel i Norden har nådd eit nivå som tilsvarer andre medium, som film, TV og musikk. Men svært få dataspel har ei nordisk språk- eller kulturforankring. Dette sette formannskapen fokus på under Nordiske Mediedagar i Bergen i mai.

Noregs formannskapsprogram som heilskap speglar att noko av den store breidda i det nordiske samarbeidet, men tida tillet berre eit streiftog innanfor nokre viktige samarbeidsområde.

Grensehinder

Lat meg til slutt bruke litt tid på eit tema som eg veit Norden-foreiningane er opptekne av, nemlig arbeidet med å fjerne grensehinder.

Norrback-rapporten ”Nordboernes rettigheter” frå 2002 førte mellom anna til at tidlegare statsminister i Danmark, Poul Schlüter, vart utnemnd til særskild representant med oppdrag å få fortgang i avvikling av grensehindringar mellom dei nordiske landa. Han skulle særleg medverke til nødvendig politisk fokus gjennom direkte politiske kontaktar.

Den særskilde representanten gjekk av ved årsskiftet. Vurderinga var at det ikkje ville vere formålstenleg å vidareføre ein modell med éin særskilt representant for det samla grensehindersamarbeidet. Denne modellen synest å ha nådd sitt mettingspunkt.

Noreg har som formannskap søkt ei ny samarbeidsform som kan sørgje for den nødvendige politiske og administrative dynamikken i det nordiske samarbeidet om grensehindringar.

Og vi har komme fram til at ein skal etablere særskilde ”pådrivarordningar” i nokre få utvalde ministerråd der ein går djupare inn i problemområda. Ei slik ordning kan t.d. bestå av ein eller fleire personar utpeikte av fagministerrådet og med politisk og fagleg tyngde og innsikt på dette området. Dei skal medverke til å finne spesifikke løysingar på konkrete grensehindringar, og skal operere både direkte overfor det politiske nivået og til embetsverket. Dei mest relevante områda for pådrivarordningar ser ut til å vere næringsliv, sosial- og helse, finans- og skatte- og utdanningsområdet.

Dei ministrane det gjeld og deira embetskomitemedlemmer skal nå gjennom den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd arbeide for å etablere pådrivarordningar i dei aktuelle ministerråd.

Så, heilt til slutt: Det at Noreg i sitt formannskapsprogram har fokusert på nordområda, har medført at ein har lagt mange nordiske møte og konferansar til dei nordlege delane av Noreg. Dei nordiske statsministrane, utanriksministrane, forsvarsministrane og miljøvernministrane har hatt Svalbard som ramme for sine møte, og for vel ein månad sidan var vel 250 menneske samla i Bodø og Svolvær i samband med at dei nordiske ministrane for fiskeri, havbruk, næringsmiddel og skogbruk avvikla seminar og ministermøte, for berre å nemne nokre eksempel.

Bruk av møtestader i nord gir den norske formannskapen høve til å presentere nordområdeproblemstillingar på nært hald, og ikkje minst presentere ein vakker og naturskjønn landsdel.

Eg ønskjer til lykke med konferansen. Det er særs interessante tema som vert tekne opp i programmet.