Opningstale under Innkjøpardagene 2006
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, 1. juni 2006
Tale/innlegg | Dato: 01.06.2006
Av: Tidligere fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys
Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, 1. juni 2006.
Gode konferansedeltakarar –
Velkommen til Innkjøpardagane 2006! Og takk for invitasjonen til å opne denne aller fyrste konferansen i regi av Offentleg handel og Forum for offentlige innkjøp.
Som ansvarleg for innkjøpsregelverket synest eg det er positivt at ein arrangerer slike møteplassar for å gi innkjøparar i offentleg sektor fagleg påfyll. De gjer ein viktig jobb med å forvalte fellesskapets knappe ressursar.
Denne regjeringa vil at offentleg sektor skal spele ei hovudrolle for velferd, sosial tryggleik og verdiskaping. Vi skal sikre innbyggjarane gode tenester, valfridom og medverknad. Regjeringa ynskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor. Vi har høge ambisjonar både når det gjeld kvalitet og omfang. Vi må bli betre i alle ledd, òg innanfor innkjøp.
Om konkurransepolitikken
Eg vil starte med å innleie litt om konkurransepolitikken generelt. Som de sikkert veit så har denne regjeringa eit anna syn på privatisering og konkurranseutsetjing av offentleg sektor enn den førre regjeringa hadde. For oss er konkurranse eit verkemiddel og ikkje eit mål i seg sjølv. Det er viktig for Regjeringa at konkurransen skal verke innanfor dei rammene som vert sette av andre politiske mål, og at konkurranse ikkje skal nyttast i marknader der konkurransen ikkje verkar godt. Vi ønskjer ikkje å bruke konkurranse og marknadsløysingar for offentlege tenester innanfor viktige velferdsområde som utdanning, helse og omsorg. Bruk av konkurranse og anbod kan her føre til auka byråkrati, høge kostnader og mindre langsiktig planlegging og politikk. Dette er faktorar som alle må vere med i ei reell vurdering av den økonomiske nytten vi har av slike verkemiddel knytte til velferdstenestene.
Men konkurranse er eit viktig virkemiddel på andre område. Konkurransepolitikken skal medverke til auka konkurranseevne for næringslivet, saman med eit langsiktig eigarskap, forsking og utvikling, innovasjon, læring og kompetanseutvikling og dessutan stordriftsfordelar som òg er reelle faktorar bak teknologisk og dermed økonomisk utvikling. Verksemder i privat sektor må vere førebudde på å konkurrere internasjonalt og med utanlandske aktørar som etablerer seg her i landet. Då er det ein føresetnad at ein er vand med å konkurrere òg på den nasjonale marknaden.
Nye innkjøpsreglar
Regelverket for offentlege innkjøp er ein viktig del av konkurransepolitikken. Det offentlege gjer innkjøp for over 250 milliardar kroner kvart år, noko som utgjer vel 15 % av BNP. Då er det samfunnsøkonomisk viktig å stimulere til gode og effektive offentlege innkjøp. Innkjøpsreglane var difor noko av det første eg greip fatt i som statsråd. Dei skal sikre at det offentlege er ein profesjonell aktør i møte med privat næringsliv. Dei er òg naudsynte for å sikre at offentlege innkjøp skjer på ein måte tener andre viktig samfunnsomsyn.
Regjeringa har no gjort framlegg om endringar i Lov om offentlige innkjøp som blir handsama av Stortinget i morgon. Regjeringa har òg vedteke ny forskrift om offentlege innkjøp.
Eg vil nytte dette høvet til å gå gjennom dei viktigaste endringane i lova og forskrifta og dei omsyna som ligg bak.
Sanksjonar
Etter mi meining er reglane om offentlege kjøp eitt av fleire tiltak som kan førebyggje kameraderi og korrupsjon. Det står ikkje i lova i dag at ho er eit verkemiddel for å hindre korrupsjonsliknande innkjøpspraksis. For å sende eit klart signal om at krav til etisk framferd er viktig ved offentlege innkjøp, har eg gjort framlegg om ei tilføying i føremålsføresegna til lova; om at reglane skal gi folk tillit til at offentlege innkjøp skjer på ein måte som gagnar samfunnet.
Det viktigaste punktet i framlegget er som de kanskje er kjende med, ein heimel til å gje gebyr ved ulovlege direkte innkjøp. Riksrevisjonen har avdekt at mange kjøp av varer og tenester skjer i strid med reglane. Eg vil peike på at det kan vere ulike årsaker til desse brota, som for eksempel manglande kunnskap. Det er derfor viktig at leiarar i offentlege verksemder satsar på kompetanseheving. Vi veit at KS arbeider med å betre oppfølginga og forståinga av reglane i kommunane. I tillegg har departementet mitt akkurat starta arbeidet med ein ny rettleiar til regelverket. Departementet vil òg greie ut behovet for å styrkje tilbodet om rådgjeving. Dette er tiltak som vil medverke til at regelverket vert etterlevd i større grad.
Men medvitne og overlagte brot vil no få konsekvensar. Regjeringa sitt framlegg om sanksjonar ved brot på kunngjeringsplikta er ei oppfølging av ei arbeidsgruppe som har sett på slike regelbrot. Føremålet er å sikre at innkjøparane i større grad rettar seg etter regelverket og å hindre korrupsjonsliknande praksis. Framlegget inneber at innkjøp som skjer utan konkurranse, i strid med regelverket, kan verte straffa med eit gebyr på inntil 15 prosent av innkjøpsverdien. Kompetansen til å gje pålegg om gebyr skal leggjast til Klagenemnda for offentlige innkjøp.
Terskelverdien
I Soria Moria-erklæringa har Regjeringa uttalt at ein ynskjer å auke terskelverdien for offentlege innkjøp opp mot EU-nivå. Bondevik-regjeringa endra rett før dei gjekk av terskelverdien frå 200.000 til 500.000. Bakgrunnen var ein rapport frå Asplan Viak som såg nærare på konsekvensane av den nasjonale delen av innkjøpsreglane. Eg meiner at den nye grensa må få verke ei stund før vi gjer nye endringar, og Regjeringa vedtok derfor å vidareføre den nasjonale terskelverdien på 500.000 kroner for å kunngjere konkurransar om innkjøpa. Om to år skal vi gjennomføre ei evaluering av korleis denne terskelverdien har verka. I den samanhengen vil vi òg ta ein ny runde med vurdering av spørsmålet om innføring av ein forenkla kunngjeringsplikt.
Nærmare om forenkla kunngjering og kravet til konkurranse
Det er viktig for næringslivet, spesielt for små og mellomstore bedrifter, at det blir gjennomført opne innkjøpsprosessar som sikrar bedriftene marknadstilgjenge. Men fordelane ved å innføre pliktig kunngjering av kjøp under terskelverdiane må vurderast opp mot dei administrative kostnadene det har, og trongen for forenkling. Under FAD si høyring om ein forenkla kunngjeringsplikt for innkjøp over 100.000 kroner var eit klart fleirtal av høyringsinstansane mot innføring av ei slik plikt. Motstanden skuldast ikkje kunngjeringsplikta i seg sjølv, men at konsekvensane vil vere auka ressursbruk og byråkratisering. Asplan Viak sin rapport foreslo å heve terskelverdien til 500 000 kroner nettopp på bakgrunn av kostnadsstrukturen i innkjøpsprosessane.
Eg vil også minne om at det vert arbeidt med å leggje til rette Databasen for offentlege innkjøp (Doffin) for frivillig kunngjering av mindre innkjøp, og oppmodar alle innkjøparar i offentleg sektor til å nytte dette høvet der det vil vere fornuftig, sett i forhold til storleiken av kjøpet og den vara eller tenesta ein skal kjøpe.
I den nye forskrifta blir det også teke inn ein regel om ei enkel protokollplikt for innkjøp over 100 000 kroner. Denne plikta, der det vert nedteikna dei faktiske forhold rund innkjøpet, tek omsyn til prinsippet om at innkjøp må kunne etterprøvast, og vil medverke til at konkurransekravet vert følgt òg ved små innkjøp. Det er utarbeidd eit enkelt protokollskjema som dekkjer krava til innhaldet i ein protokoll. Skjemaet vert lagt ut på heimesidene til departementet og er valfritt å nytte.
Etter mi meining vil alle disse tiltaka medverke til å sikre konkurranse om mindre innkjøp, endå om det ikkje vert innført ei obligatorisk kunngjeringsplikt.
Stortinget har også til behandling eit forslag til ny offentleglov med tilhøyrande forskrifter, der det er foreslått å endre reglane, slik at ein får auka innsyn i samband med offentlege innkjøp. I tillegg til reglane om offentlege innkjøp, vil dette vere eit viktig bidrag til å sikre at offentlege innkjøp vert gjennomsiktige og kan etterprøvast.
Då den nasjonale terskelverdien vart heva, fall kravet til innlevering av HMS-eigenerklæring og skatteattest bort for innkjøp mellom 200 000 og 500 000 kroner. Generelt er det positivt med ein reduksjon av dokumentasjonsbøra hos leverandørane, men ei fjerning av desse krava kan gje ein ikkje ønskt konkurransefordel for useriøse verksemder. For å støtte opp under seriøse leverandørar er det difor i den nye forskrifta stilt eit krav om innlevering av skatteattest frå alle tilbydarane ved kontraktar over 100 000 kroner.
Elektroniske middel
Den nye forskrifta legg òg til rette for meir moderne innkjøpsprosessar og sidestiller elektroniske innkjøp med dei som er gjorde med tradisjonelle metodar. Alle innkjøp vil no kunne gjerast ved bruk av elektroniske middel. Effektivisering av innkjøp ved bruk av elektroniske forretningsprosessar og e-handel er ein viktig del av fornyinga av offentleg sektor. Auka lojalitet til inngåtte avtaler, og betre grunnlag for å inngå nye, gir store prisgevinstar. Gjennom elektroniske innkjøp og forretningsprosessar får vi enklare og sikrare innkjøpsprosessar, som vil lette kvardagen for dei mange innkjøpsansvarlige i kommunale og statlege verksemder. Det gir mindre administrasjon, redusert tidsbruk og betre kvalitet i innkjøpsprosessen både for det offentlege og for leverandørane. Eg vil nytte dette høvet til å streke under at innkjøp og medviten ressursbruk i kommunar og statsforvaltning fyrst og fremst er eit leiaransvar. Difor er det viktig at leiarar no går aktivt inn for å ta e-handel i bruk i eiga verksemd, og prioriterer kompetansetiltak for dei som får ansvaret for innkjøpsverksemda. Det er ingen grunn til å vente med å setje i gang det arbeidet som er naudsynt for å få dette til.
Universell utforming og sosiale omsyn
Regjeringa vil leggje til rette for gjennomføring av universell utforming ved offentlege innkjøp, og har gjort framlegg om ei lovbestemt plikt for offentlege innkjøparar til å ta omsyn til universell utforming under planlegginga av innkjøp. I omgrepet universell utforming ligg det ein ambisjon om at alle produkt, tenester og bygningar skal planleggjast slik at dei kan bli brukte av så mange som mogleg, uavhengig av eventuell funksjonshemming.
I forskrifta blir praksis frå EF-domstolen om at det er lov å stille særlege vilkår om sosiale omsyn i samband med oppfyllinga av ein kontrakt slått fast, og innkjøparar vert gjevne høve til å avgrense konkurransen til verksemder der fleirtalet av dei sysselsette er funksjonshemma.
Ideelle organisasjonar
I 2004 vart det innført eit mellombels unntak som opna for at innkjøparar kan gå direkte i forhandlingar med ideelle organisasjonar ved kjøp av helse- og sosialtenester. Bakgrunnen var risikoen for at krava til open konkurranse ikkje tok nok vare på omsynet til det ynskte samfunnsengasjementet frå ideelle organisasjonar. Regjeringa vil styrkje arbeidet med å leggje til rette for at frivillig sektor kan vidareutvikla sin funksjon i å løyse samfunnsoppgåver, og at sjukehus som frivillige organisasjonar eig og driv, skal sikrast gode vilkår gjennom avtalar med det offentlege. Dette er verksemder som på mange måtar er det offentlege sin forlengde arm når det gjeld å løyse menneskelege og sosiale oppgåver i samfunnet. Vi har difor bestemt å vidareføre unntaket.
Miljø og etiske omsyn
Regjeringa meiner at det offentlege har eit særlig ansvar for å gå føre som ansvarleg forbrukar og etterspørje miljøvennlege varer og varer som er tilverka med høge etiske og sosiale standardar.
Mange offentlege verksemder ønskjer å ta eit samfunnsansvar og stille krav om at produkta dei kjøper er produserte under etisk forsvarlege forhold, men veit ikkje korleis dei skal gjere det. Departementet vil derfor i rettleiaren omtale moglegheitene for å stille slike krav og gje råd i utforminga av dei.
Lova har allereie eit krav om at innkjøparar i det offentlege skal ta omsyn til dei konksekvensane innkjøpet har på miljøet, og norske offentlege innkjøparar ligg heilt i tet i Europa når det gjeld å gjere miljømedvitne innkjøp. For å fremje dette omsynet ytterlegare, er det nye regelverket endå betre lagt til rette for å gjere grøne innkjøp. Mellom anna opnar forskrifta for bruk av miljømerke for å dokumentere krava til produkta.
Departementet har ambisjonar om at dei nye forskriftene skal tre i kraft 1. juli, men det er stor uvisse knytt til tidspunktet, då innkjøpsdirektiva ikkje er ferdigbehandla i EØS-systemet enno.
Avslutning
Oppsummert: Regjeringa ynskjer ein sterk offentleg sektor som forvaltar ressursane til beste for fellesskapet og så effektivt som mogleg. Som innkjøparar i offentleg sektor er det òg dykkar ansvar å sjå til at folk opplever at dei får gode tenester og nok tenester. Innkjøpa er ein viktig verdiskapar for alle verksemder, òg dei offentlege. Innkjøp som profesjon krev høg kompetanse og eit samarbeid på tvers av ulike fagområde. Eg håper at de får eit godt fagleg utbytte av desse to dagane slik at de blir i stand til å ta i bruk og utnytte dei moglegheitene som ligg i innkjøpsregelverket til å skape verdiar både i eigen organisasjon og for samfunnet.
Lukke til med konferansen!