Historisk arkiv

Regjeringa sine krav og forventningar til toppleiarane i staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på Statskonsult si konferanse ”Mangfoldsløftet” 16. mai 2006.

Regjeringa sine krav og forventningar til toppleiarane i staten

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på Statskonsult si konferanse ”Mangfoldsløftet” 16. mai 2006.

Takk for invitasjonen til denne konferansen om mangfald i staten som Statskonsult har invitert til.

Eg er glad for det høvet konferansen gir meg til å snakke direkte til dykk som leiarar i statleg sektor om tre saker som er viktig for denne regjeringa.

Eg vil seie noko om denne regjeringa sine krav til leiarar og leiarskap i staten. Det gir meg òg høve til å understreke det viktige målet om å få til eit inkluderande og ikkje-diskriminerande samfunn og arbeidsliv.

Eg vil òg sei noko om den heilt avgjerande rolle de som statlege leiarar har for å nå regjeringa sitt mål om å tilsette fleire personar med innvandrarbakgrunn i statleg sektor.

Lat meg gjere utgangspunktet heilt klårt:

Denne regjeringa vil ha eit samfunn, både eit storsamfunn og eit nærmiljø, som er for alle. Vi vil ikkje tole noko form for diskriminering på grunnlag av hudfarge, etnisk bakgrunn eller religion. Ikkje på noko anna grunnlag heller for den saka si skuld.

Nulltoleranse for diskriminering er både eit mål og eit overordna prinsipp for denne regjeringa.

Vi vil difor kjempe imot alle teikn til at det utviklar seg eit klassedelt samfunn i Noreg som er basert på at nokre grupper t.d. blir diskriminerte i utdanning eller i arbeidslivet.

Det er mange årsaker til å kjempe imot ein situasjon med A og B-lag i samfunnet. Ei årsak at vi ikkje vil ha ein situasjon i Noreg der t.d. skilnader mellom dei som er i jobb og dei som er på utsida av arbeidsmarknaden, gir grobotn for ein sosial uro med stor latent sprengkraft. Vi bør bli åtvara av erfaringar frå storbyane i USA, England og sist i Frankrike som syner kva som kan skje når denne sprengkrafta blir utløyst.

Denne konferansen er ein del av eit prosjekt som Statskonsult gjer på oppdrag frå mitt departement. Målet for prosjektet er å bidra til å få til ein statleg arbeidsmarknad prega av større mangfald. Heilt konkret må staten bli betre til å tilsette personar med ein annan bakgrunn enn den tradisjonelle norske, og leiarane som er lokale statlege arbeidsgjevarar er sjølvsagt heilt sentrale for å få dette til.

La meg seie nokre ord om kor viktig godt statleg leiarskap er for denne regjeringa.

Det har vore stor interesse for leiarskap i dei siste ti-femten åra, det er vel ingen som har tal på kor mange bøker og teoriar det er laga om leiarskap. Felles for mange av desse teoriane er at dei legg vekt på at det er avgjerande for ein organisasjon å ha leiarskap som verkeleg vil og kan leie.

La det ikkje vere tvil om at for denne regjeringa er leiarskap viktig, også i staten. Vi vil ha gode leiarar på alle nivå som syter for at etatane gjer ein god jobb i det daglege, og at dei samstundes er i stand til å fornye og utvikle seg kontinuerleg.

Men vi meiner og at det no er naudsynt å utvikle ein type leiarskap som er betre tilpassa dei vilkåra som er spesielle for offentleg sektor og som skil seg frå vilkåra i privat sektor. Som leiarar i offentleg sektor må vi arbeide med mål som ikkje alltid er konsistente og med ei botnline som ikkje alltid berre er økonomisk. Kor tilfredse brukarane er, rettferdig handsaming og god forvaltningsskikk er ofte like viktige resultat.

Vi vil og ha statlege etatar med ein organisasjonskultur og eit arbeidsmiljø som motiverer og engasjerer alle tilsette. Vi vil utvikle og styrka dei tilsette sin medverknad både direkte og gjennom deira organisasjonar.

Dei tilsette har altfor mange gode røynsler, idear, motivasjon og energi til at vi som arbeidsgivarar kan la vere å trekke dei aktivt inn i utviklinga og drifta av dei etatane vi er leiarar for.

Vi må finne kanalar og system for ein slik styrka og utvida medverknad, utan at ansvaret blir uklårt, det ligg alltid hos leiaren.

Arbeids- og inkluderingsministeren opna dagen i dag med å syne kor viktig det er at folk med ein annan etnisk bakgrunn enn den norske ikkje blir ståande utanfor arbeidsmarknaden.

Eg skal ikkje gjenta alt det han sa, men berre gjenta nokre stikkord. Det er naudsynt at fleire med innvandrarbakgrunn blir tilsett fordi:

  • Det handlar om rettferd for den einskilde. Som eg sa vil vi ikkje tole noko slag negativ forskjellsbehandling pga etnisk bakgrunn
  • Arbeid er heilt sentralt for å få til inkludering og integrering. Arbeid gir både økonomisk tryggleik og eit fagleg og sosialt fellesskap.
  • Det er økonomisk naudsynt for det norske samfunnet. Vi har ikkje råd til å la den ressursen innvandrarane er, stå utanfor arbeidslivet. Dette blir meir og meir kritisk framover etterkvart som arbeidskraft truleg blir mangelvare i Noreg.
  • Den statlege arbeidsstokken må mykje betre spegle av det norske samfunnet.

Når Noreg ikkje lenger er eit ein-kulturelt land, kan heller ikkje statlig forvaltning vere det.

Det er ikkje lett å sjå av samansettinga av arbeidsstokken i statleg forvalting at 8 prosent av innbyggjarane i landet er førstegenerasjons innvandrar, og at 22 prosent av innbyggjarane i Oslo har slik bakgrunn. Vi må komme nærare at arbeidsstokken i statleg forvaltning liknar meir på samansetjinga av folket elles.

Og vi vil at de som leiarar i statleg sektor tar på dykk ansvaret for å forbetre denne situasjonen, og at de offensivt tar leiinga i personal- og rekrutteringspolitikken i eigen etat for å auke mangfaldet. Eg seier ikkje at det er enkelt, det finnes språkproblem, utdanningsproblem og kulturproblem, men det er ei prioritert oppgåve.

Som leiarar er de spesielt kvalifiserte og røynde med å handtere vanskelege problem, og eg ber dykk gå laus på desse problema med den same energien og kreativiteten som de har gått laus på andre vanskelege utfordringar. Denne konferansen og andre liknande kan og gi idear. Statskonsult og deira nettverk kan gi råd.

Korleis er so tala for statleg forvaltning ?

Det er stor skilnad mellom departementsområda når det gjeld kor mange tilsette med ikkje-vestleg bakgrunn som er tilsett der. I 4.kvartal 2004 hadde 7,6% av dei tilsette i KRD-området ikkje-vestleg bakgrunn og snittet for departementsområda var 2,3 %. Det er til dels gode forklaringar på kvifor det er slik. Dei einskilde departementsområda har t.d. forskjellige oppgåver og difor forskjellige krav til kompetanse og erfaring, men eg meiner ingen kan seie seg tilfredse med desse tala.

I statleg sektor har vi frå 2004 hatt ei ordning med at arbeidsgjevarane skal innkalle minst ein kvalifisert søkjar med innvandrarbakgrunn til jobbintervju. FAD er nøgd med at vi har denne ordninga. Så vidt vi veit er det ikkje noko tilsvararande i privat sektor eller kommunal sektor.

I fjor gjorde mitt departement ei kartlegging av nokre sider ved denne ordninga. M.a. var vi interesserte i om det er rett som det ofte blir sagt, at innvandrar, særleg dei med ikkje-vestleg bakgrunn, har problem med i det heile teke å bli kalla inn til jobbintervju. Grunnen kan vere at eit framand namn eller ei ukjend utdanning gjer at arbeidsgjevaren legg bort søknaden.

Tal frå vår kartlegging tyder på at det kan vere noko i denne oppfatninga. Vi har ikkje tal for kor mange totalt som var inne til jobbintervju i samband med dei nesten 7000 utlysingane av arbeid i statleg sektor siste året, men over 1500 av dei som blei kalla inn til intervju hadde ikkje-vestleg bakgrunn. Nesten 30 prosent av dei med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn som var til intervju, fekk jobben. Vi meiner dette er eit bra tal.

Finns det ein strukturell årsak til diskriminering?

Ingen har klaga på norske statlege arbeidsgjevarar for å ha diskriminerande haldningar til innvandrarar. Og eg håpar og trur sjølvsagt at det ikkje er der problemet ligg.

Eg veit at Ronald Craig ved Universitetet i Oslo har snakka til konferansen tidligare i dag om si doktoravhandling om diskriminering og moglege årsaker til forskjellsbehandling og umedveten diskriminering.

I FAD finn vi det særleg interessant at han peiker på at det ligg nokre strukturar og system som ser nøytrale ut, men som gjer at vi utan å ville det kan diskriminere nokre grupper og personar.

Er det verkeleg slik at jobbomtalar, annonsetekstar, kompetansekrav, jobbintervjua eller innstillings- og tilsettingsprosedyrane i staten er laga for middelaldrande, kvite nordmenn med utdanning og praksis frå Noreg, og at andre difor lett fell ut?

Det same var jo aktuelle tema på 70-talet då kvinnene peika på at mange forhold på arbeidsmarknaden og på jobbene ikkje var så kjønnsnøytrale som det var vanleg å tru. Eg synest Craig sine funn og framlegg er interessante og fortener å bli fulgt opp

Mangfald er naudsynt for betre tenester og staten må konkurrere om arbeidskrafta

I starten av innlegget mitt refererte eg nokre viktige grunnar til at vi ikkje kan ha ein situasjon der arbeidsløysa blant innvandrarar er meir enn tre gonger så høg som for andre i Noreg.

Statleg etatar leiter heile tida etter tiltak som kan gjere at dei gir betre tenester til brukarane. Eit slikt tiltak som er for lite nytta er større mangfald i arbeidsstokken, slik at behova og vurderingane til nye grupper kjem inn i dei vurderingane som etaten gjer av eigne prioriteringar, eige tenestetilbod osb. Eg er overtydd om at tenesteytinga blir betre av mangfald .

Ein annan grunn til mangfald, som etterkvart blir viktig for dykk som leiarar, er at det truleg går mot ein situasjon der det blir meir kamp om arbeidskrafta.

Kommunane har begynt å konkurrere om t.d. førskulelærarar, Mesta er oppe i ein hard konkurranse om ingeniørar og anna kvalifisert arbeidskraft, det er ikkje alltid lett for skatteetaten å halde på juridisk spisskompetanse.

I ein slik situasjon må arbeidsgjevarane, òg dei statlege, konkurrere om å rekruttere og halde på den arbeidskrafta dei treng. Det blir truleg ikkje lenger slik framover at det kjem 50 eller fleire gode søknader til stillingar i departement eller direktorat. Arbeidsgjevarane kan ikkje lenger velje og vrake mellom kvalifiserte kandidatar.

Kva gjer vi som leiarar og arbeidsgjevarar i ein slik situasjon ?

Eit tiltak er at vi må få alle kvalifiserte folk i arbeid, t.d. kan ikkje innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller alder vere noko hinder for tilsetting. Vi må venje oss til at ikkje alle kan gi 100% frå første augeblikk. Nokre av oss treng ei eller anna form for tilpassing og støtte i kortare eller lengre periodar av eit yrkesliv.

Til slutt ein liten illustrasjon på at mangel på arbeidskraft er ei global utfordring og at forvaltninga i andre land og førebur seg til å konkurrere om kompetanse framover.

Mitt departement har gjennom nokre år hatt eit fagleg samarbeid med eit søsterdepartement i Kina. Det har veksla gjennom åra kva Ministeriet for personell, som det heiter, har vore interessert i.

Samarbeidet har vore innan t.d. utvikling av offentleg leiarskap i Noreg, kompetanseutvikling, norske system for lønsfastsetting i staten, staten si rolle i distriktsutbygging o.a.

Men når det no kjem ein stor delegasjon til FAD i juni, vil dei lære om korleis arbeidsgjevarane i Noreg, både private og offentlege har laga system og tiltak for å rekruttere og halde på tilsette med attraktiv utdanning.

Staten i Kina kan ikkje lengre plukke dei beste folka til si verksemd, men må konkurrere med ein privat sektor som ofte kan gi både betre løn og betre forhold.

Altså nett den framtidige situasjonen vi snakkar om i Noreg. Ei av dei tinga FAD vil orientere kinesarane om, er vårt arbeid med eit inkluderande arbeidsliv og målet om mangfald i statleg arbeidsmarknad.

Oppsummert, som leiarar i staten og difor ansvarleg for den statlege arbeidsgjevarfunksjonen ventar eg av dykk at de tar leiinga i arbeidet med å nå måla om eit inkluderande arbeidsliv og mangfald i statleg arbeidsliv.

Ikkje meir, ikkje mindre.

Takk.