Historisk arkiv

Sleivete kritikk frå Høgre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Debattinnlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Dagens Næringsliv 14. mars 2006

Sleivete kritikk frå Høgre

Debattinnlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Dagens Næringsliv 14. mars 2006.

Regelverket for offentlege innkjøp er viktig, og var noko av det første eg greip fatt i som statsråd. Torbjørn Hansens (H) påstand i DN 8. mars om at eg ”havarerer” innkjøpspolitikken, er sleivete. Regelverket vedrører ulike interesser, og det er store brytningar mellom desse.

Fordelane ved å innføre pliktig kunngjøring av kjøp under 500 000 kroner, må vurderast opp mot dei administrative kostnadene og behovet for forenkling. Under FADs høring var eit klart fleirtal av høringsinstansane (92 av 134) mot innføring av ei slik plikt. Motstanden skuldast ikkje kunngjeringsplikta i seg sjølv, men at konsekvensane vil vere auka ressursbruk og byråkratisering. Asplan Viaks rapport foreslo å heve terskelverdien til 500 000 kroner nettopp på bakgrunn av kostnadsstrukturen i innkjøpsprosessane. Om to år vil eg syte for ei evaluering av korleis denne terskelverdien har verka. Dette vil gi meg eit betre grunnlag enn no for å fastsette grensa for pliktig kunngjering. I mellomtida vil det bli lagt til rette for frivillige kunngjeringar for kjøp under 500 000 kroner.

Det er viktig å ha eit regelverk som førebyggjer kameraderi og korrupsjon. Regjeringas vedtak om pliktig protokoll for alle kjøp over 100 000 kroner vil medverke til at konkurransekravet vert følgt òg ved små innkjøp. I samband med revisjonen av regelverket vil eg om kort tid ta stilling til spørsmålet om innføring av sanksjonar. KOFA er elles i år tilført auka ressursar.