Historisk arkiv

Steng venteromma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Aftenposten 25. august 2006

Steng venteromma

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Aftenposten 25. august 2006.

Abelia ved adm.dir. Paul Chaffey og forskingspolitisk rådgjevar Kyrre Lekve, spør i Aftenposten 6. august om eg vil medvirke til digitalisering av det offentlege Noreg, og sette fart i digital kommunikasjon frå brukar til det offentlege.

Offentleg sektor satsar tungt på å ta i bruk IKT på ein god og effektiv måte, jf. den overordna handlingsplanen eNorge 2009. Mot slutten av året vil regjeringa legge fram ei stortingsmelding om IKT, der vi vil invitere til brei drøfting av aktuelle vegval. Den vil også vise at offentleg sektor skal satse meir på elektronisk interaksjon og samhandling med privat sektor, slik Abelia ynskjer.

Abelia peikar på at offentlege verksemder i liten grad gjev innbyggjarane tilbod om å utføre offentlege tenester sjølv over nettet. Det gjer vi noko med! Som IT- og fornyingsminister er eg svært opptatt av at offentleg sektor må møte dette behovet. Det er i tråd med eNorge-planen og vil også vere eit viktig tema i IKT-meldinga.

Abelia hevdar at "De berørte offentlige organer tjener ikke noe på å effektivisere og gå over til smartere løsninger. Dessuten er det ofte slik i det offentlige at en krone spart er en krone inndratt. Effektive avdelinger får mindre penger neste år." Eg er ikkje heilt samd i denne påstanden. Offentlege verksemder må heile tida balansere sitt tenestetilbod mot deira ressursar, og må difor legge stor vekt på effektivisering og betre tenester. Innsparingar ein stad blir vurdert flytta inn i nye og betre velferdstilbod for innbyggjarane på andre naudsynte felt. Det er ikkje slik at effektive avdelingar automatisk får mindre pengar neste år.

Elles er Abelia opptatt av at pasientbehandlinga hos legane må bli meir digitalisert og effektiv. Helse- og omsorgssektoren satsar mykje på å ta i bruk IKT, eit arbeid som etterkvart vil gje betre og raskare pasientbehandling. Eg vil her m.a. visa til at regjeringa snart vil legge fram ein 4-årig nasjonal helseplan, som også omfattar bruk av IKT.