Historisk arkiv

Tale av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys ved overlevering av Pilestredet Park til Oslo kommune, 23. mai 2006.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Tale av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys ved overlevering av Pilestredet Park til Oslo kommune, 23. mai 2006.

Kjære forsamling

Nokre gongar har eg lurt på kva som skal til for å kalle eit bustadprosjekt noko med "park", "hage", "bryggje", "terrasse", "strand" eller liknande. For meg som kjem frå ein del av landet som ikkje akkurat er prega av det urbane, kan det til tider vere både morosamt og interessant å sjå korleis desse omgrepa vert brukte i marknadsføring av utbyggingsprosjekt der verken "parken" eller "brygga" verkar særleg framståande.

Det får meg til å tenkje på no avdøde SV-politikar Per Eggum Mauseth. Eg trur ikkje eg tek munnen for full når eg seier at han var ein markant og respektert politikar i Oslo, som var særdeles oppteken av bustadpolitikk og byutvikling. Han hadde lite til overs for prosjekt som skulle gjere seg lekre for styresmaktene i byen gjennom fancy namnebruk. Men han hadde eit skarpt auge for kva som skulle til for å skape gode bustadmiljø. Eg trur han hadde likt og vore her i dag, og sett at det faktisk er ein skikkeleg park i Pilestredet Park. Her gir det meining å bruke omgrepet park – utan hermeteikn.

I Pilestredet Park er det ikkje berre ein park, det er fleire parkar og fellesområde som inviterer bebuarar og andre i strøket ut i det fri. Med bilane under jorda blir det også lettare å høyre fuglekvitter, midt i tjukkaste Oslo. Gamle tre er tatt vare på. Og nye er komme til. Vann renn gjennom området. Det er blitt ein urban oase, for å halde oss til "marknadsføringsspråk".

Bustader som vert selde i nærområdet har i ei god stund allereie blitt annonsert som "nær Pilestredet Park". Betre attest er det vanskeleg å få. Dei som står bak prosjektet Pilestredet Park kan vere sikre på at dei har skapt noko attraktivt.

Pilestredet Park har blitt eit prosjekt av nasjonal verdi, som òg har vekt internasjonal interesse. Ein har nått miljømålsetjingar få trudde var mogeleg. I denne samanhengen trur eg at kombinasjonen av statleg eigarskap, kommunale reguleringskrav, ein styrd salsprosess, samarbeid med entreprenørar og byggjenæring for øvrig har gitt eit veldig godt resultat. Men utan framsynte fagfolk i stat og kommune, så hadde ikkje dette blitt slik. Når vi politikarar no solar oss litt i glansen, så må vi huske på at initiativa og ideane som regel kjem frå andre enn oss.

Det vi politikarar kan vere tilfredse med i Pilestredet Park, er at vi over fleire år har halde fast på at dette skal vi gjennomføre etter intensjonane om å skape eit miljøretta byutviklingsprosjekt. Dette gjeld for ulike politiske parti både i bystyret, byrådet, på Stortinget og i regjering. Vi veit at slik tverrpolitisk semje og utholdenheit ikkje kan takast for gitt, for å seie det litt forsiktig.

Eg vil nytte høvet til å takke alle som har ytt. Sjølv om det framleis blir bygd her, ser vi tydeleg korleis området blir. Parken og andre uteområde blir no overlatt til bebuarane og byen sine innbyggjarar.

På staten sine vegne takkar eg Oslo kommune for samarbeidet. Takk også til arkitektar, entreprenørar, konsulentar og andre som har vore delaktige. Og takk til "mi eiga" verksemd Statsbygg, som leiar for prosjektet.

Eg håper og trur områda blir til glede for alle som skal bu her, og for alle andre som måtte ønskje å bruke dei.

Lukke til!


Se også: Pil plantet i Pilestredet Park