Historisk arkiv

Tull om 6-timersdagen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Dagbladet 6. oktober 2006.

I ein stort oppslått artikkel 3. oktober hevder Dagbladet at det går føre seg ein dekkoperasjon i departementet: ”Et internt notat avslører hvordan departementet har utarbeidet en bortforklaringstaktikk for å snakke bort SVs og LOs drøm om en gang å få til et vellykket forsøk på sekstimersdagen.” Dagbladets påstandar er rett og slett berre tull.

Tull om 6-timersdagen

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Dagbladet 6. oktober 2006.

I ein stort oppslått artikkel 3. oktober hevder Dagbladet at det går føre seg ein dekkoperasjon i departementet: ”Et internt notat avslører hvordan departementet har utarbeidet en bortforklaringstaktikk for å snakke bort SVs og LOs drøm om en gang å få til et vellykket forsøk på sekstimersdagen.” I ein minileiar 4. oktober følgjes artikkelen opp med å påstå at fornyingsministeren ønskjer å fjerne ”6-timers dagen” frå det politiske vokabularet, og at dette skal være et ledd i ein nedprioritering. Dagbladets påstandar er rett og slett berre tull.

Notatet frå februar som Dagbladet viser til er ein del av eit arbeid i ei intern prosjektgruppe med ansvar for å førebu forsøk med og analyser av redusert arbeidstid. Notat er berre distribuert til prosjektgruppa og vart aldri lagt fram for politisk leiing. Dette vart da òg Dagbladet gjort uttrykkelig merksam på då dei kontakta departementet om saka sist måndag.

Notatet dreier seg ikkje om innhaldet i arbeidstidsreforma, men om omgrepet ”6-timers dag”. Når omgrepet ”6-timers dag” brukast aleine oppfattar mange det heilt bokstaveleg, dvs at vårt prosjekt berre handlar om å jobbe 6-timer pr dag, og ikkje andre former for redusert arbeidstid. Så seint som måndag i denne veka fekk vi spørsmål frå ein journalist om vi ikkje òg kunne vere interessert redusert arbeidstid i veka, dvs 30 timers uke. Svaret er naturlegvis –ja, vi vil sjå på ulike modellar.

Omgrepet ”6-timers dag” er og vil vere eit sentralt omgrep. Eg bruker det ofte sjølv, noe som viser kor meiningslaust det er å hevda at eg vil fjerne det frå det politiske vokabularet. Innhaldet i omgrepet må sjølvsagt forklarast nærare. Notatet er dermed ikkje anna enn ei påpeking av at vi i vår kommunikasjon bør nytte så dekkjande omgrep som mogleg, eksempelvis slik det er gjort i Soria Moria-plattforma der det står ”6-timers dag/arbeidstidsreformer”.

Elles vil eg understreke at vi i arbeidet med å få betre kunnskap om verknadene av redusert arbeidstid for ulike tema (sjukefråvær, småbarnsfamiliar, seniorar osv) sjølvsagt både må drive forsøk og gjere analyser. Dette representerer absolutt ingen nedprioritering av ”6-timersdagen”.

Korleis Dagbladet kan få denne saka til å verte ein konspirasjon mot SV og LO er heilt uforståeleg, men syner vel kor merkeleg resultatet kan verte når eit harmløyst internt notat skal tolkas av utanforståande som trur dei har kome over noko "hemmelig".