Historisk arkiv

Verdas beste offentlige sektor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV), Aftenposten 3. april 2006.

Verdas beste offentlige sektor

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV), Aftenposten 3. april 2006.

Vi må bli betre. Det er inga bønn, den som ikkje evner å fornye seg, anten det gjeld offentleg eller privat verksemd, er dømd til å gå under. Noreg skal ha den beste offentlege sektor i verda.

Ein stivbeint og lite endringsvillig offentleg sektor er privatiseringsentusiastanes viktigaste støttespiller. Difor er fornyingsarbeidet så viktig. Regjeringa ynskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor, ikkje fordi det er eit mål i seg sjølv, men fordi vi meiner dette vil tene folk flest. Vi har høge ambisjonar både når det gjeld kvalitet og omfang.

Effektivisering er naudsynt
Samstundes må vi, av omsyn til framtidige generasjonar, halde dei offentlege utgiftene innanfor ramma av handlingsregelen. Det betyr at vi ikkje har ei krone å bruke i unødig administrasjon; ressursane må omsetjast til velferd. Fornying som både gjer effektiviseringsvinstar og betre tenestar er den einaste vegen å gå for å få endane til å møtast. Klarar vi til dømes å løyse oppgåvene i offentlig forvaltning og tenesteproduksjon ein prosent meir effektivt kvart år, utan å svekke kvaliteten, vil vi etter fire år ha frigjort om lag 15 milliardar kroner, som vi kvart år kan nytte til andre viktige velferdsformål. Det svarar til dømes til årsverkskostnadar for om lag 43 000 helse- og omsorgsarbeidarar.

Ikkje likskapsteikn
Tempoet i fornyinga av offentleg sektor skal ikkje seinkast. Men for regjeringa er det ikkje likskapsteikn mellom fornying og privatisering. Vi går mellom anna imot konkurranseutsetting og privatisering innanfor viktige velferdsområde som utdanning, helse og omsorg. Det er eit verdival vi er stolte av, og vi veit det forpliktar. Det medfører mellom anna at det offentlege vil fortsette å stå som einaste leverandør innan ein del tenesteområde. Då er det ekstra viktig at det offentlege tilbodet vert tilpassa endringar i behov, at vi tek i bruk nye moglegheiter og at vi jamleg har eit kritisk søkjelys på våre eigne prestasjonar gjennom å måle resultat og kvalitet.

Vi skal ha verdas beste offentlege sektor. For å oppnå det, vil vi legge særleg vekt på:

  • Brukarretting: organisere det offentlege tilbodet slik at det møter folk sine behov, og gjer kontakten med det offentlege enkel for innbyggjarar og næringsliv
  • Openheit: arbeide aktivt for å gi folk flest betre kunnskap om og innsikt i offentlege aktivitetar, ressursbruk, kvalitet og resultat
  • Effektivisering: løyse fellesskapsoppgåver meir effektivt for å frigjere ressursar til prioriterte oppgåver
  • Kvalitet: sikre at det offentlege tilbodet har høg kvalitet, og at dette kan målast systematisk
  • Medverknad: legge opp til brei og konstruktiv medverknad frå brukarane, tilsette og organisasjonane deira

Fornyinga av Skatteetaten er eit godt døme på vellukka fornying. Heile 1,25 millionar skatteytarar leverte i 2005 sjølvmeldinga på nett. Omlegginga frå papir til nett har spara både brukarar og det offentlege for tid og pengar som vi har kunna nytte til andre velferdsformål.

Openheit i fornyinga
Samstundes meinar brukarane at etaten gjer ein betre jobb: i 2004 hadde 84 prosent tillit til at saka deira vart handsama korrekt, mot 38 prosent i 1999. Resultata kjem frå brukarundersøkingar som ligg tilgjengeleg på Skatteetatens nettsider, eit godt døme på ei form for openheit vi ynskjer i prosessane. Fornyingar som denne vil vi arbeide fram fleire av.

Det synest å vere brei politisk semje om kva som er motivasjonen og måla for fornying av offentleg sektor. Men måla kan verte nådd med ulike verkemiddel. Vi ønskjer for det fyrste at fornyinga i større grad skal skje på lag med brukarane og dei tilsette i offentleg sektor. Når nye behov og moglegheiter oppstår, må vi saman ta ansvar for å fornye slik at vi får det beste ut av den iveren og den kunnskapen dei tilsette har.

Staten for dårleg
For det andre ynskjer vi å bli betre til å fylgje opp at alle omstillingane i offentleg sektor gir dei resultata vi planla. Riksrevisjonen peikte nyleg på at staten ofte har vore for dårleg til å fylgje opp om ein faktisk fikk dei resultata Stortinget hadde som føresetnad då det slutta seg til forslaga. Vi skal meir systematisk ’ta temperaturen’ undervegs i omstillingane. Kunnskap om ressursbruk, kvalitet og resultat skal nyttast til å korrigere kurs og tempo undervegs i omstillingane, der det trengs.

Viktigast: Folk i arbeid
For det tredje ønskjer vi at vinsten av fornyinga blir størst mogleg for samfunnet, ikkje berre for den einskilde offentlege verksemd. Det viktigaste for velferda i Noreg er at folk er i arbeid, at dei arbeider med dei oppgåvene som gir størst verdi for samfunnet, og at desse oppgåvene vert utført effektivt. For å få det til må vi omstille, men utan å skuve folk ut av arbeidslivet og over på stønadsordningar.

Så, kva konkret står for døra i fornyinga av offentleg sektor? Dei tiltaka som no står nærast i tid er det brei semje om og dei er allereie godt i gong. Her skal vi gjere den viktige jobben med å sikre kvaliteten og sjå til at resultata blir slik vi ynskjer.

Viktig steg i riktig retning
Til dømes skal vi samle Aetat og trygdeetaten og saman med kommunane etablere ein ny arbeids- og velferdsforvaltning. Det vil omfatte om lag 16 tusen tilsette og vere ein langt større ”fusjon” enn til dømes etableringa av DnBNOR eller SAS Braathens. Ny arbeids- og velferdsforvaltning vil vere eit viktig steg i riktig retning når det gjeld brukarretting og ein meir effektiv forvaltning. Viss færre blir kasteballar i systemet, og vi samstundes får fleire av dei 700 000 utanfor arbeidslivet frå ulike trygdeordningar i arbeid, vil den ha særs stor verdi både for den einskilde og for økonomien . Fullt trykk vil det òg vere på mellom anna effektiviseringa av forsvaret og kvalitetsforbetringa i grunnskuleopplæringa.

Regionreforma viktig
Vi vil òg utvikle nye tiltak. Regionreforma vil vere blant dei viktigaste fornyingsprosjekta. Fleire av omstillingane som har skjedd dei siste åra har hatt som mål å reindyrke roller. Eg vil stille spørsmål ved om ikkje dette har ført til ein meir fragmentert stat, noko òg Maktutredninga peika på. Utfordringa for Storting, regjering og departementa er å samordne ulike offentlige oppgåver og tiltak. Regjeringa har no starta arbeidet med å etablere eit fornya og styrka regionsnivå.

Elektroniske løysingar
Eit anna prioritert tiltak er å gjere offentlege tenester enklare tilgjengelig gjennom utvida opningstider og døgnopen elektronisk forvaltning. I 2005 hadde 85% av befolkninga tilgang til Internett. Stadig fleire vil forvente å finne elektroniske løysingar som alternativ i sitt møte med det offentlege tenestetilbodet. Eit viktig steg er brukarportalen Mi Side, som vil forenkle innbyggjarane sin kontakt med ei døgnopen, elektronisk forvaltning.

Fornyingsarbeidet skal gi meir velferd og mindre administrasjon. Det skal skje med utgangspunkt i brukarane sine behov og på lag med dei som skal setje fornyinga ut i live. Regjeringa vil skape verdas beste offentlege sektor gjennom ein dugnad saman med tilsette, frivillige lag og organisasjonar. På denne måten skal vårt fornyingsarbeid vere i verdsklasse.