Historisk arkiv

Vi må trå varsamt i effektiviseringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Aftenposten 25. april.

Vi må trå varsamt i effektiviseringa

Av Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Aftenposten 25. april.

Asghar Ali og Shoaib Sultan gjev i Aftenposten 18.april interessante kommentarar til kronikken min Verdas beste offentlege sektor frå 3. april. Mellom anna peikar dei på nokre fallgruver ein bør unngå i fornyingsarbeidet: Vi må trå varsamt i effektviseringa for å ikkje skvise ein allereie pressa offentleg sektor, vi bør finne områder med såkalla synergieffektar, og vi må ta omsyn til at ikkje alle i Noreg kan bruke elektroniske løysingar.

Effektivisering treng ikkje bety at dei tilsette skal springe fortare eller at tilbodet skal bli dårlegare. For å ta nokre døme: I dag er det berre om lag 41 % av elevane på yrkesfag i vidaregåande skule som gjennomfører på normal tid, og 43 % har slutta eller er ikkje ferdige etter fem år. Gjer vi desse tala betre, er det viktig og riktig fornying. I 2030 vil det vere 318 000 personar over 80 år i Noreg. Det er viktig økonomisk og for den einskilde at vi då finn rette miksen mellom å bu heime, å få familieomsorg, å bu i omsorgbustad, eller på institusjon. Nok eit døme: Ein stor del av sakene på trygdekontora er nokså enkle saker som kan løysast meir effektivt med IKT, til dømes refusjon av ulike utgifter. Klarer vi det, vil dei tilsette få meir tid til det viktigaste dei gjer: å gi eit godt velferdstilbod og hjelpe folk i arbeid.

Synergieffektar kan vere viktige, slik forfattarane peikar på med den nye arbeids- og velferdsforvaltninga som døme. Eg vil òg nemne det offentlege utvalet som no arbeidar med forslag til å forenkle innkrevjinga i det offentlege. I dag er det ikkje god nok samordning mellom meir enn 800 ulike instansar som har avgjerdsmakt til å krevje inn med tvang. Det er ikkje god ressursbruk, og det er uoversiktleg for skuldnarane.

IKT løyser ikkje alle problem, og personvernet må ivaretakast på ein god måte.