Historisk arkiv

Av klage blir ein klok – eit siste klukk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Replikk i Dagens Næringsliv av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys om dei foreslåtte endringane i konkurranselova.

Replikk i Dagens Næringsliv av fornyings- og administrasjonsminster Heidi Grande Røys om dei foreslåtte endringane i konkurranselova.

Tidlegare konkurransedirektør Einar Hope er i sin kommentar i DN 7. november 2007 framleis uroa over at ein endring av konkurranselova skal føre til at departementet ikkje får eit godt innsyn i korleis konkurransetilsynet handhevar konkurransepolitikken. ”Korleis kan departementet få eit slik innsyn, når saker av prinsipiell eller stor samfunnsmessig art ikkje skal bli vurdert også etter faktum i saka og tilsynet sin rettsbruk og faglege konkurranseanalyse,” spør han.

La meg understreke at forslaget ikkje utelukkar ein konkurransefagleg klagehandsaming. Det er såleis ikkje noko i vegen for å avvente departementet sin endelege avgjerd i klagesaka, til dømes der tilsynet sitt vedtak reiser vanskelege konkurransefaglege spørsmål. Men førmålet med forslaget er nettopp å effektivisere sakshandsaminga i dei sakene der det ikkje er trong for å avklare slike spørsmål. Årsaka til dette er at det er avgjerande for partane i ei føretakssamanslutning at det ikkje trekk ut med ein avklaring i saka. Forslaget vil såleis spare ressursar både hos departementet og for partane i føretakssamanslutninga, samstundes som omsynet bak den gjeldande ordninga vert ivaretatt. Ein annan fordel ved forslaget er at det vil gje regjeringa betre tid til å vurdere og grunngje kvifor andre viktige samfunnsomsyn vert lagt sterkare vekt på enn konkurranse, og såleis vil grunnlaget for den politiske overprøvinga bli tydlegare enn i dag. Dette vil vere ei betring i høve til gjeldande ordning og føre til ein styrking av omsynet til konkurransen og ikkje det omvendte.