Historisk arkiv

Av klage blir ein klok

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Tidlegare konkurransedirektør Einar Hope reiser med utgangspunkt i forslaget mitt om endringar i konkurranselova § 21, to spørsmål vedrørande klageordninga i konkurransesaker. Men ikkje noko av det han er uroa for har noko med mitt forslag å gjere, skriv statsråd Grande Røys i Dagens Næringsliv.

Tidlegare konkurransedirektør Einar Hope reiser med utgangspunkt i forslaget mitt om endringar i konkurranselova § 21, to spørsmål vedrørande klageordninga i konkurransesaker. Men ikkje noko av det han er uroa for har noko med mitt forslag å gjere. Eg har likevel trong for å kommentere synspunkta til Hope.

Etter mitt syn er det ein viktig del av styringa med konkurransepolitikken at departementet, og ikkje ei uavhengig nemnd, er klageorgan for avgjerdene til Konkurransetilsynet. Det er mellom anna klagene som gir departementet eit godt innsyn i korleis tilsynet utøver konkurransepolitikken. Det er òg klagene som er departementet sitt utgangspunkt når det skal vurdere om eit vedtak skal omgjerast fordi viktige prinsipielle eller samfunnsmessige omsyn tilseier det. Det siste er særleg viktig fordi regjeringa gjennom denne ordninga kan føre ein heilskapleg politikk der konkurransepolitikk vert vege opp mot andre viktige samfunnsomsyn.

Hope er òg uroa for at kriteria for omgjering, at saka er av prinsipiell eller stor samfunnsmessig verdi, kan føre til vilkårlege avgjerder. Eg er einig at desse kriteria dreier seg om skjønn. Det er då òg meininga. I Ot.prp. nr 6 om ny konkurranselov omtaler regjeringa Bondevik II dette slik: ”Departementet legger vekt på at bestemmelsene (Omgjøringsadgangen i §§ 13 og 21) skal være fleksible og at regjeringen således vil stå forholdsvis fritt ved anvendelsen av disse.” Eg minner òg om at heile Stortinget var einig om at det var naudsynt å ha ein politisk sikringsventil der Kongen i statsråd med grunngjeving i desse kriteria kunne gjere om Konkurransetilsynets vedtak.