Historisk arkiv

Samfunnsvitskapleg kompetanse i offentleg sektor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på landsmøtet til Samfunnsviterne.

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på landsmøtet til Samfunnsviterne.

Med atterhald om endringar under framføring.

   

Gode landsmøte,

Eg er invitert til å snakke om behovet for samfunnsvitskapleg kompetanse i offentleg sektor. Eg må vedgå at første gong eg såg invitasjonen, så tenkte eg: Sjølvsagt er det trong for samfunnsvitskapleg kompetanse i offentleg sektor. Eg skjønar ikkje heilt problemstillinga! Det ville vorte ei svært kort innleiing.

For tala sin tale jo ganske klar. I alle fall i statleg forvaltning; Først kom juristane, så kom økonomane. No er det samfunnsvitarane som togar inn i dei statlege kontora.

I 1976 var 38 prosent av dei tilsette i departementa juristar, i 1996 var talet nede i 22 prosent. Og det er i stor grad samfunnsvitarane som har erstatta dei.

Berre 4 prosent av dei tilsette i departementa var samfunnsvitarar i 1976. I 1996 hadde prosentdelen auka til heile 18, og dette er 10 år sida. Her er dei med sosialøkonomisk embetseksamen haldne utanfor.

Kandidatundersøkinga frå 2005 viser at av dei som vert uteksaminerte frå SV-fakulteta, går brorparten til statsforvaltninga eller underliggjande etatar. 6 av 10 SV- og HF-kandidatar frå Universitetet i Oslo arbeider i offentleg sektor. 40 prosent av dei arbeider i statsforvaltninga eller i underliggjande etatar. 

Dermed har eg vel svart på spørsmålet? Det er tydelegvis trong for samfunnsvitarar i offentleg sektor. La meg likevel fortsette og stille eit nytt spørsmål:

Kvifor er det trong for samfunnsvitarane?

Blant dei gode historiene som vert fortalde av fagfolk om fagfolk, kan denne illustrere spørsmålet:

To politikarar var oppe i ein ballong, men kom ut for eit forrykande uvêr og kom totalt ut av kurs. Etter kvart som det roa seg, dreiv dei over eit jorde der ein kar arbeidde. Den eine bøygde seg ut av ballongen og ropte:
”Kan du vere så snill og fortelje oss kvar vi er?”
Bonden såg opp på ballongen og svarte: ”De er i ein ballong.”
Då sa den eine politikaren til den andre: ”Han må vere økonom. Svaret er heilt presist, men totalt ubrukeleg!”

Det er ikkje poenget mitt å gjere narr av økonomane. Poenget er at svært ofte treng vi andre svar i tillegg til dei vi får av juristar og økonomar, medisinarar og teknologar.

Miljøpolitikken og miljøforskinga er eitt døme. Sjølvsagt treng vi naturvitskapen for å ha kunnskap om miljøverknader og miljøtiltak. Men vi ser at òg samfunnsvitskapane no vert kopla på miljøforskinga.

Vi treng kunnskap om avgjerdsprosessar, om internasjonal organisering, om sosiale og samfunnsmessige verknader av miljøendringane, og ikkje minst om sosiale og samfunnsmessige føresetnader for at dei ulike miljøtiltaka faktisk skal verke.
Men; Kunnskap om miljøendringar endrar ikkje samfunnet, det er det politikken som gjer.

I langt dei fleste politiske debattar i Noreg er vi faktisk ofte einige om kva som er målet, anten det er meir rettferd, ein betre og meir effektiv offentleg sektor eller auka likestilling mellom grupper. Den partipolitiske diskusjonen om klimameldinga er igjen eit døme.

Usemja og dei politiske dragkampane utspelar seg gjerne i skildringa av problemet og av samfunnet – korleis det eigentleg står til. Men først og fremst er vi ofte usamde om kva tiltak vi skal setje inn. Og i denne usemja ligg ulik oppfatning av korleis eit tiltak vil verke.

No skal det seiast at usemje om verkemidla kanskje eigentleg avdekkjer ei grunnleggjande usemje òg om dei overordna politiske måla. For bak usemja om verkemidla kan det liggje ei usemje om kva grupper som skal prioriterast – kva som er rettvist og kor langt politikken skal gå i å styre samfunnsutviklinga. 

Dei av dykk som har lese Soria Moria-erklæringa ser at denne regjeringa har store ambisjonar for forminga av samfunnet. Vi ynskjer ei forandring – på fleire område meinte vi at samfunnet var ute av kurs. Og for å nå våre politiske mål, må vi ha kunnskap om det samfunnet vi lever i. Vi må ha kunnskap om kva tiltak som er mest effektive, og ikkje minst kva for utilsikta samfunnseffektar eit tiltak kan ha.

Forvaltninga skal ikkje berre gjere ting rett, de skal òg gjere dei rette tinga. Sjølv om forvaltninga framleis skal vere regelstyrt, skal vi òg vere målstyrte og resultatmedvitne. Reglar verkar alltid i ein sosial og samfunnsmessig samanheng. Verknader kan avvike frå intensjonen. Summen av mange reglar kan undergrave føremålet.

Offentleg sektor er avhengig av å oppretthalde og styrkje legitimiteten sin hos innbyggjarane. Samfunnsvitarar har innsikt i kva som påverkar meiningsdanninga blant folk. De kan fortelje oss mykje om korleis offentleg sektor kan tene demokratiet og samfunnet.

Samfunnsvitskap er ikkje politikk. Men politikk er samfunnsvitskap. Politikk handlar om å forme framtida – og det handlar om det grunnleggjande politiske spørsmålet: Kven skal få kva? Det handlar om fordeling og makt. Altså om dei grunnleggjande problemstillingane i samfunnsvitskapane.

Framveksten av velferdsstaten har i stor grad bygd på samfunnsvitskapleg kunnskap: Nedbygging av sosial ulikskap, bygging av samfunnsinstitusjonar, fordeling av makt og innverknad, ivaretaking av minoritetsrettar. Dette hadde ikkje vore mogleg utan kunnskap om samfunnseffektar og -samanhengar.

Samfunnsvitarar har lært å handtere store datamengder, analysere kompliserte samanhengar, og til å gjere heilskaplege vurderingar. Dette er eit naudsynt supplement til dei meir profesjonsbaserte og sektororienterte faga, anten det dreier seg om teknologiske eller naturvitskaplege fag.

Samfunnsvitskap er altså ikkje politikk, men, som eg sa, politikken er heilt avhengig av samfunnsvitskapen. For meg som er fornyingsminister, står dette klart for meg.

To av denne regjeringas største reformer er NAV-reforma og det vi kallar forvaltningsreforma, altså arbeidsdelinga mellom forvaltningsnivåa.

Mine nordiske kollegaer spør stadig om NAV-reforma. Det er ei av dei største reformene i Noreg, og ingen andre land har gjort noko tilsvarande. Prinsippet om å sjå arbeid, sosialsektoren og trygd i samanheng og å slå desse sektorane organisatorisk saman, var eit politisk vedtak.

Deretter var vi heilt avhengige av utgreiingar i eigne departement, men òg frå utanforståande med solid samfunnsfagleg bakgrunn, som kunne hjelpe oss vidare i realiseringa av det politiske vedtaket.

Sjølvsagt dreier mykje seg om jus og om økonomi. Men vi må lene oss tungt til samfunnsvitskapane: Til organisasjonsteori, kunnskap om arbeidsmiljø, kultur, leiing, kommunikasjon. Dei gode politiske løysingane byggjer på tverrfagleg kunnskap.

Samfunnsvitarane er avgjerande for gode avgjerdsprosessar, for at sakene skal bli godt opplyste – ja, rett og slett for at vi skal vite kva vi gjer. Politisk handling utan slik kunnskap vert symbolpolitikk. I verste fall oppnår vi det motsette av det intensjonen var.

I forvaltningsreforma ligg det eit klart politisk ynskje om å styrkje det regionale nivået. Men når vi no er i gang med å realisere dette målet, må vi igjen støtte oss på ei tverrfagleg samfunnsvitskapleg tilnærming. Det dreier seg om organisering – om kva for problem som best kan løysast kvar og kva saksområde som bør sjåast i samanheng.

Allereie på 70-talet formulerte Graham T. Allison sanninga om at ”Where you stand depends on where you sit”.

Det er inga overrasking for nokon at fylkespolitikarane og KS har eit noko anna syn på kva for ansvarsområde som kan flyttast til regionane, enn det dei aktuelle fagdepartementa har.
Sjølvsagt er vår oppfatning av verda avhengig av kvar vi ser ho frå. Det gjeld vel òg samfunnsvitarane, vil eg tru.

Likevel har de eit fag, ein tilnærmingsmåte, som kan hjelpe oss til å sjå utover og forbi slike forhold. Eg opplever dagleg i mitt arbeid som fornyingsminister at samfunnsvitarane i departementet mitt medverkar til at vi som avgjerdstakarar kan sjå dei prinsipielle linjene i ei sak – at vi vert gjort merksame på kva konsekvensar ei avgjerd vil kunne få for andre saker. Dykkar jobb er å åtvare – men òg å finne gode og over tid haldbare løysingar når dei politiske måla er formulerte.

Eg hevdar ikkje at samfunnsvitskapen er verdifri. Men samfunnsvitskapen ser saker frå ein annan vinkel enn andre faggrupper. Samfunnsvitskapen leiter etter andre kjenneteikn og andre effektar. Det i seg sjølv handlar òg om verdiar.

Det viktigaste fornyingsarbeidet i offentleg sektor går føre seg kvar dag – ikkje berre gjennom dei store og politisk profilerte reformene. Det er dei små forbetringane av arbeidsprosessane, dei interne omorganiseringane, omlegging av styringsstrukturar og samhandlingsmønster.

Leiing, tillitsvalde og tilsette i dei einskilde verksemdene, i direktorata og i kommunane vert dagleg utfordra på å gjere jobben meir effektivt og å dekkje brukarane sine behov på ein betre måte.

I regjeringa sin fornyingsstrategi som eg la fram i samband med statsbudsjettet, har vi sett opp nokre viktige prinsipp for fornyingsarbeidet og for offentleg sektor, mellom anna:

  • Offentleg sektor skal gå føre:
    Offentleg sektor skal vere ein ansvarleg forbrukar, vi skal ha høg etisk standard, ein mangfaldig arbeidsstyrke og gå føre i å tilpasse tenestene til eit mangfaldig folk.
      
  • Vi skal ha meir deltaking og medverknad:
    Innbyggjarane skal komme til orde, kunnskap om offentleg sektor skal vere tilgjengeleg for alle.
       
  • Noreg skal på nett:
    Det er eit offentleg ansvar å syte for til at alle som ynskjer det, er i stand til å bruke dei digitale løysingane i offentleg sektor.
       
  • Det skal vere enkelt og greitt for innbyggjarane:
    Når vi samhandlar med innbyggjarane, skal det vere lett for dei å forstå kva saka gjeld, kva vedtaket inneber i praksis og kvar dei kan finne meir informasjon og kvar og korleis dei kan klage. Språk er eit sentralt stikkord i denne samanheng, dei som får eit brev eller har kontakt med det offentlege på annan måte må kunne skjønne kva vi skriv og seier!
      
  • Det skal bli betre for dei som treng det mest:
    Dei som treng eit samansett velferdstilbod, skal få ein enklare kvardag. Det er vi som skal samordne oss, ikkje dei.
       
  • Vi skal leggje til rette for verdiskaping:
    Det skal bli enklare og mindre kostnadskrevjande for næringslivet å følgje offentleg regelverk. Det skal vere enkelt å opptre ryddig og ansvarleg.
      
  • Vi skal ha kvalitet og effektivitet:
    Vi må bruke ressursane på dei rette tinga og vi skal dokumentere kva tenester som vert ytte.  Vi skal bruke den beste teknologien og dei beste arbeidsmetodane.


Prinsippa har vi vedteke – no skal dei gjennomførast. Og dei skal gjennomførast ute – i kvar einskild verksemd, på kvar einskild arbeidsplass. Då treng vi innsikt og kunnskap om arbeidsprosessar og organisering, om avgjerdsprosessar og kultur. Vi treng alle dei tilsette med samfunnsvitskapleg trening og evne til å sjå kompliserte problemstillingar frå ulike innfallsvinklar, som kan peike på alternative løysingar, og som kan seie noko om korleis dei kan komme til å verke.

Det er nok ikkje berre politikarar som av og til opplever det som å vere i ein ballong – alle avgjerdstakarar gjer av og til det – både i privat og offentleg sektor.

Historia eg fortalde i starten, opererer òg i ein annan versjon. Den startar på same måte, men på spørsmålet om kvar dei to karane er, svarer landarbeidaren:
”De er på 72 grader nord, 43 grader aust.
Då konkluderer karane:
”Han må vere ingeniør. Svaret er heilt presist, men totalt ubrukeleg.”
Men no svarer landarbeidaren:
”Og du må vere direktør. Du har komme hit ved hjelp av ingenting anna enn varm luft, du har rota deg bort, du har fått eit presist svar som du ikkje forstår. Og no held du meg ansvarleg for dine problem!”

Vi treng det presise svaret. Men svært ofte treng vi meir; Utfyllande informasjon – noko som kan seie oss meir, både om kvar vi er, men ikkje minst om vegen ut. Det er lett å gjere feil – anten fordi ein eigentleg ikkje kjenner problemet eller fordi ein ikkje veit korleis medisinen verkar.

Så får det heller vere at svara ikkje alltid er like presise som dei økonomane, medisinarane eller ingeniørane gir. Samfunnsvitarar gir oss i alle fall svar med stor bruksverdi.  Og kanskje svar som minnar oss om kor krevjande det kan vere å omsetje politiske ynskje til faktiske realitetar.

Eg ønskjer dykk lykke til med landsmøtet!