Historisk arkiv

dagen@ifi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Helsing frå fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på feringa av IFI-dagen 2007.

Med atterhald om endringar under framføring.

   
Kjære IFI-studentar og alle frammøtte,
Eg er glad for å vere her og vil feire med dykk at det er for femte gongen dette arrangementet går av stabelen. IFI-dagen er større og betre enn nokon gong.

Som de veit, skulle eg eigentleg opne arrangementet, men ein statsråd er ikkje alltid herre over sin eiga tid, og i dag kom det på noko anna.

Som IT-minister er det ei spesielt stor glede for meg å sjå at framtidas databransje har fantastiske ressursar å ta av. De representerer framtida for IT-bransjen og på same tid er de garantistar for ei vidare utvikling av eit kunnskapsintensivt og høgkompetent næringsliv i Noreg.

Nokon av dykk er kanskje mest oppteken av spennande fag i studiane, til dømes programmering. Samstundes trur eg at de er einige med meg i at høgkapasitets breiband skal vere tilgjengeleg for alle, at programvareutvikling skal kunne skje i eit ope og kreativt miljø, og at Internett består som den frie arenaen for kunnskapsutvikling og kreative meiningsbrytingar. Det er her teknikken møter politikken. Og IT-politikken vert utfordra av den teknologiske utviklinga.

Til og med kan undervisninga no heilt og halde gå føre seg på Internett. Eg har høyrt om studentklassar frå UiO som har halde eit seminar i Second Life, der studentar frå fleire universitet og høgskular deltok og der sosiologistudentar gjorde intervju og feltarbeid i denne virtuelle verda. Moglegheitene i framtida er grensesprengjande – og de kan sprengje desse grensene.
Eg vil medvirke med mitt for at de kan gjere dette.

Noreg er i verdstoppen når det gjeld tilgang til Internett  - våre rapportar syner at innan utgangen av 2007 vil nærare 99 % av husstandane få høve til å knytte seg til Internett via breiband. Likevel har vi ei utfordring når det gjeld å få folk til å knytte seg til Internett heime.

Men vi ser at når det gjeld bruken av Internett ligg Noreg absolutt i toppen – vi er først når det gjeld å bestille tenester og varer og det er berre Island som slår oss når det gjeld bruk av nettbank. Vi er på tredje plass i å bruke Internett til kultur og underhaldning, og til jobbsøking. Berre Island er det landet der ein større del av befolkninga enn i Noreg har laga si eiga heimeside på nettet.
Men det er framleis store utfordringar.  Vi er nede på 16. plass når det gjeld å bruke Internett til utdanning generelt. Her må de medvirke!

Vår visjon er at Noreg skal vere ein kunnskapsnasjon. Dette føreset forskingsbasert kunnskap i undervisninga, i samfunnsdebatten og i utviklinga av nye næringar. Kunnskap og innsikt har verdi i seg sjølv, er til nytte for ulike samfunnsmessige interesser og verdiar og gir grunnlag for eit levedyktig demokrati.

Det er utdannings- og forskingsinstitusjonar som IFI som vil kunne medvirke med kunnskap i samfunnsutviklinga og tilfredsstille behovet for kompetent arbeidskraft og teknologisk utvikling til eit berekraftig næringsliv. Derfor er arrangement som dette viktige – eg trur at dei kan stimulere fleire nye studentar til å ta IKT-utdanninga og vonleg få fleire av noverande studentar til å fordjupe seg i faget og kanskje ta ein doktorgrad.

Kanskje kan de utvikle like spennande konsept som den studentar i Irland har jobba med saman med IBM. Dei har utvikla forsøksløysingar som gjer det mogleg for blinde å ta seg fram i virtuelle verder som til døme Second Life. Kanskje kan ein av dykk jobbe med opne standardar for brukarprofilar i virtuelle verder, slik at ein kan flytte mellom ulike virtuelle verder, utan å måtte bygge opp ein ny profil kvar gong.
Skjult kjeldekode og monopolliknande tilstandar i programvaremarknaden hindrar vidareutvikling av programvare. Vi arbeider for at offentleg sektor bruker program baserte på fri programvare, og at utvikling av programvare basert på fri programvare vert stimulert i andre samanhengar.

Vi har allereie gjort ein hel del med dette:

  • Vi har etablert og finansiert eit Nasjonalt senter for fri programvare. 15. august opna dørene i Drammen, seinare opnar vi også i Tromsø.
  • Vi har utlyst 5 millionar kroner til pilotar og forsøk med opne standardar og fri programvare.
  • Vi har starta arbeidet med preferansepolitikk for fri programvare i offentleg sektor.
  • Vi har starta jobben med å sjå på statlege standardavtalar med tanke på bruk og gjenbruk av fri programvare.

Eg har store forventningar til dette arbeidet og vil gjerne at de som er oppe og alle andre i IT-miljøet medvirkar.

Informasjonsteknologi er meir enn teknikk – det er òg politikk. Når vi satsar på opne standardar og fri programvare, er det politikk. Då brukar vi politiske verkemidlar for å påvirke samfunnsutviklinga, for meir openheit, og fri flyt av informasjon. Når vi satsar store offentlege midlar på breibandsutbygging, i staden for å overlate ansvaret til marknaden åleine, er det politikk. Vi trenger meir politisk debatt om IT-utviklinga, ikkje mindre. Eg oppmodar dykk til å vere med  i denne debatten.

Eg ynskjer lykke til vidare med dette spennande arrangementet!
Gratulerer med dagen og lykke til med framtida!