Historisk arkiv

Ein stat prega av mangfold

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Godtfolk!

Har vi diskriminering i offentleg sektor?

Berre det at spørsmålet blir stilt, gir oss ei ubehageleg kjensle.

Vi skal kjempe mot all diskriminering. Kjønnsdiskriminering har vi tatt tak i gjennom likestillingspolitikken, og aldersdiskriminering gjennom seniorpolitikken. Vi er ikkje i hamn med å få vekk negativ forskjellsbehandling på slike grunnlag, men her har vi mykje erfaring å trekkje på.

Bileta av ein blødande Ali i Sofienbergparken, som ikkje fekk den hjelpa han hadde krav på,  har brent seg inn på netthinnene hos alle. I samband med denne, og andre uheldige hendingar dei siste månadene, har det vorte sett fram til dels alvorlege påstandar om diskriminerande haldningar frå offentleg tilsette og verksemder.  Slike hendingar og reaksjonar reduserer tilliten til offentlege verksemder, og det kan vi ikkje leve med.

Difor må vi ta slike hendingar svært alvorleg. Alle menneske, utan omsyn til kjønn, alder, hudfarge eller etnisitet, skal få likeverdig handsaming og bli møtt med respekt og ei positiv haldning av alle offentlege instansar.
Regjeringa vil setje i gong ei brei og systematisk kartlegging av korleis den faktiske situasjonen er når det gjeld etnisk diskriminering frå myndigheitspersonar. I staten skal det vere nulltoleranse mot all diskriminering. Som arbeidsgivar i staten er det mitt og dykkar ansvar å følgje opp dette.

Kartlegginga vil mellom anna omfatte følgjande tiltak:
Alle departement skal skriftleg gjere greie for kva som vert gjort for å kjempe mot diskriminering innan statleg sektor, og for eventuell førekomst av etnisk diskriminering eller opplevd forskjellsbehandling ut øvd av statlege styresmakter.

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) vil utarbeide ein samla oversikt over det materialet departementa skaffar, og andre rapporter som ligg føre og som handlar omopplevd diskriminering.
   
LDO skal deretter på sjølvstendig grunnlag gjennomføre ytterlegare undersøkingar og kartleggingar. Ombodet kan òg med bakgrunn i sitt tilsynsansvar ta kontakt med utvalde etatar for å sjå nærare på kva som vert gjort mot diskriminering.

Nye data frå SSBs levekårsundersøking blant ikkje-vestlege innvandrar 2005-2006 om opplevd diskriminering vil ligge føre over nyttår. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet vil i løpet av oktober 2007 offentleggjere resultat frå eit representativt, landsdekkande utval av innvandrarbefolkninga om opplevd rasisme/forskjellsbehandling.

På kort sikt kan LDO, om det er trong for det, fremme forslag til strakstiltak. I dette arbeidet vil dei landsomfattande innvandrarorganisasjonane og arbeidstakarorganisasjonane verte tekne med på råd.

Arbeidet vil elles vere ein del av grunnlaget for ein ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering, som blir lagt fram  hausten 2008, saman med statsbudsjettet.

Kartlegging vil altså vise kva som faktisk skjer i møtet mellom innvandrarane og statlege verksemder

Noko veit vi allereie: Til dømes er det slik at  62 prosent av dei tilsette i fyrstelina melder frå om at dei ikkje har kompetanse til å møte etniske minoritetar. Det er òg  låg medvit på at det er i det organisatoriske apparatet og ikkje minst i personal- og kompetansepolitikken i verksemda ein må integrere ikkje-diskrimineringsperspektivet for å møte utfordringane.

Det har gjennom fleire år vore prøvd ut nokre tiltak som skal få statlege verksemder til å tilsetje fleire personar med innvandrarbakgrunn. Alle må kalle inn minst èin kvalifisert søkar med ikkje-vestleg  bakgrunn til jobbintervju. Det har gitt resultat –22 prosent har fått jobb.  Å oppmode innvandrarar til å søkje i jobbannonsar har vore eit anna tiltak.

La meg bruke Integreringsdirekoratet – IMDI, som døme. I 2006 vart det tilsett 29 personar i IMDI. 30 prosent av desse hadde innvandrarbakgrunn. Det handlar om å vere aktive i samband med utlysingar, vere medvitne på å innkalle innvandrarar til intervju og å vurdere søkjarar og sjå på kvalifikasjonane deira!

Den registrerte arbeidsløysa for innvandrarbefolkninga er framleis meir enn tre gonger så høg som for den yrkesaktive befolkninga elles. Sjølv om situasjonen på arbeidsmarknaden generelt har vorte betre òg for innvandrarar, er det ikkje teikn til utjamning i tilhøvet mellom innvandrarar og arbeidsstokken elles, når det gjeld arbeidsløyse.

Staten er ein viktig arbeidsgjevar og har eit særleg ansvar for å vise veg i arbeidslivet. Når det vi har prøvd til no ikkje har virka godt nok, må vi prøve nye verkemiddel for å nå måla våre .

Kvotering er det fleire meiningar om, men regjeringa meinar tida er inne for å prøve kvotering for å få fleire innvandrarar ut av arbeidsløyse og inn på arbeidsmarknaden. Difor set vi frå nyttår i gang eit toårig forsøk med moderat kvotering av personar med innvandrarbakgrunn. Inntil 12  verksemder i statsforvaltninga skal vere med i forsøket. Når vi skal velje forsøksverksemder, legg vi vekt på å finne verksemder som er så store at dei har nok stillingar der ein treng den utdanning mange med innvandrarbakgrunn har, som økonomi, jus, medisin, økonomiske og administrative fag o.l. Vi legg òg vekt på å finne verksemder i ulike delar av landet.  Så langt er AID, UDI, Arbeidstilsynet og NAV med. Dei andre kjem på plass raskt.

Som ein del av førebuingane til forsøket skal forsøksverksemdene få tilbod om leiaropplæring. Vi planlegg òg eit eige informasjonsmateriell om kvoteringsordninga.

Når vi set i gong forsøksprosjektet legg vi vekt på å gi forsøksverksemdene, representantar for målgruppene og partane i arbeidslivet mykje og god informasjon. Dette er eit svært viktig prosjekt som må lukkast, slik at andre sektorar følgjer etter. No tek staten eit ansvar, vi går føre og prøver noko nytt.

Nedsett funksjonsevne
Så er det slik at  det òg er mogleg å kvotere personar med nedsett funksjonsevne!  Staten er nok gode til å formidle verdiane om mangfald og antidiskriminering, men vi er for dårlege til å leve etter dei i praksis. Vi må gå vår eigen rekrutteringspraksis nærare etter i saumane. Forstå meg rett, det vert gjort mykje bra, men sjølv om vi ser nokre positive resultat, går det for smått.

Som arbeidsgjevar er staten avhengig av å rekruttere og halde på arbeidstakarar i ein, for tida, svært stram arbeidsmarknad. Vi har ikkje råd til å la vere å bruke den ressursen som dei som er utestengde frå arbeidslivet utgjer. Endringar i korleis det norske samfunnet er sett saman, set nye krav til statleg forvaltning. Staten må ta tak i nye oppgåver, vi møter folk med ein heilt annan bakgrunn enn før og må difor utvide rekrutteringsgrunnlaget vårt. 

Mangfaldsperspektivet i arbeidslivet krev at ein snur tenkinga – frå å tenkje ”marginale og vanskelege grupper” til å tenkje ny kompetanse og nytt arbeidskraftpotensial.

Regjeringa har ein ambisiøs tiltaksplan for å få statlege arbeidsgjevarar til å rekruttere fleire med nedsett funksjonsevne. Men planen er ikkje verd papiret han er skrive på, om ikkje de – som er leiarane -  realiserer han. Ballen er hos dykk no!

Vi har spurt statlege arbeidsgjevarar om rekrutteringspraksisen deira og bedt dei rapportere om den fører til tilsetjingar av personar frå denne målgruppa. Tala er for dårlege:  Der talet skulle ha vore 5 prosent, var det 2,4 i 2005 og berre 1,2 i fjor.

Oppfølginga av denne tiltaksplanen og delmål to i IA-avtalen vil difor vere eit sentralt tema på dei møta vi no skal gjennomføre i alle fylka. Der vil FAD møte arbeidslivssenter og lokale leiarar for einskilde statlege verksemder. Departementet skal hauste erfaringar og kartleggje om det er trong for fleire initiativ, dei statlege  arbeidsgivarane vil bli utfordra til å endre rekrutteringspraksis. Møta skal gjennomførast i samarbeid med hovudsamanslutningane i staten. Diskusjonane i møta vil basere seg på resultata statlege verksemder i fylket har oppnådd i høve til alle dei tre delmåla.

I tillegg til dei regionale møta, ser vi  at mange statlege verksemder ikkje har kjennskap til ordningar som finst i dag, og som kan gjere det enklare å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne. FAD skal difor gjere naudsynt informasjon om dette betre tilgjengeleg . Det gjeld særleg tenester frå NAV.

Så har vi jo trainee-programmet vårt, for høgt utdanna personar med nedsett funksjonsevne. FAD har initiert to program i sentralforvaltninga tidlegare. Det tredje starta i sentralforvaltninga i mai 2007, og har same målgruppe som dei to tidlegare: Kandidatane skal ha høg utdanning (på mastergradnivå eller liknande), men kandidatane skal òg ha nedsett funksjonsevne.

Programmet starta opp i mai med 14 kandidatar og programmet strekkjer seg over eit år. Enno er ikkje alle departement med, men det må dei! 126 personar søkte seg til programmet i år ! Ei gullgruve av ressursar!

FAD skal evaluere tiltaksplanen og vil òg vurdere om det er trong for å gjere ordninga meir permanent.

Eg veit ikkje om  problemet er negative haldningar hos arbeidsgjevarane, eller kva det er –men vi treng aktive haldningar og handlingar for å få gjort noko med det!

Mitt møte med Eilin Reinaas, Forbundsleiar i Norges Handikapforbund (NHF) –førskulelæraren som hadde søkt over 200 jobbar!!! I ei tid med stor mangel på førskulelærarar!

 Kan hende vi tenkjer for konvensjonelt i eit pluralistisk samfunn som endrar seg raskt. Vi må heile tida halde fokus på inkludering, slik at vi ikkje går glipp av kompetanse eller stenger grupper ute. 


Korleis møter vi så som leiarar dei utfordringane som staten står framfor? Korleis kan vi leie og samarbeide for å  fornye, inkludere, gi rettstryggleik og lik handsaming?

For å finne gode – og kanskje nokre nye - svar på desse spørsmåla har vi sett i gang arbeidet med ei leiarplattform for staten. I dette arbeidet treng vi ein dialog der de fortel oss kva de treng av støtte for å setje politikken ut i livet og for å gjere ein god jobb.

Spørjeundersøkinga frå mitt departement som de svara på tidlegare i haust og som det vil bli presentert funn frå seinare i dag, er ein lekk i den dialogen, referansegruppa som er vald, ein annan - som slike møter som vi har i dag er det. 

 

Så er vi midt i det spennande arbeidet med å lage det nye direktoratet. Regjeringa treng eit verkty i fornyinga av offentleg sektor, difor vart Statskonsult nedlagt frå 1. juli i år. Og frå 1. januar neste år skal eit nytt Direktorat for forvaltning og IKT ta opp arbeidet. Tidlegare Statskonsult, Noreg.no på Leikanger og e-handelssekretariatet blir slått saman, og i tillegg flyttar vi ut oppgåver og folk frå FAD. Det er no ein prosess i gang for å meisle ut nærare korleis det nye direktoratet skal organiserast, og kva det skal gjere. I mellomtida, i haust, vidarefører ein interimsorganisasjon dei kontraktar og andre forpliktingar som Statskonsult hadde igjen før omdanninga.

Det nye direktoratet skal gje statlege verksemder eit langt betre fagleg støtteapparat på område som personal- og leiarpolitikk, IKT-politikk og innkjøp. Det vil gje eit betre grunnlag for å ta hand om felles overgripande forvaltningspolitiske problem .Dette er viktig, og eg er glad for at mange av departementa har komme med positive reaksjonar på opprettinga av nytt direktorat.

Men positive signal er ikkje nok! Skal direktoratet bli det verktyet som regjeringa og departementsfellesskapet treng, må de bruke det aktivt. Berre gjennom samarbeid og konkrete prosjekt kan dette bli bra. Meldinga til dykk er difor: Still krav og still opp!

Lukke til, og takk for meg!