Historisk arkiv

Er framtidas val elektronisk?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Skal vi sikre demokratiet legitimitet i framtida må vi vere viljuge til å tenkje nytt. Om fire år får vi sannsynlegvis forsøk med elektronisk val i Noreg. Framtida er elektronisk også når det gjeld val, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i Dagbladet på valgdagen 10. september.

For mange er dagens valhandling prega av høgtid. Det å gå til valurna og fritt kunne stemme på dei du meiner er best til å styre din kommune og ditt fylke er ein sentral del av demokratiet vårt. Skal vi sikre demokratiet legitimitet i framtida må vi vere viljuge til å tenkje nytt. Om fire år får vi sannsynlegvis forsøk med elektronisk val i Noreg. Framtida er elektronisk også når det gjeld val.

Trenden dei siste åra er klar. Valdeltakinga går ned. For fire år sidan sat meir enn kvar fjerde veljar heime. Elektronisk røysting kan vere eit verkemiddel for å gjere det enklare for innbyggjarane å delta i valet. Det kan skje på fleire måtar. Anten ved at ein i vallokalet røystar via nettet eller at ein røystar på nettet heime. Regjeringa arbeider for at det om fire år skal skje forsøk med elektronisk røysting.

I vår gjennomførte Estland val der det var mogleg å røyste over nettet – 40 000 gjorde det. Når Estland klarer det, kvifor ikkje Noreg?

Elektroniske sjølvbeteningsløysingar blir meir og meir vanleg, og Noreg skal vere i front når det gjeld å ta i bruk ny teknologi på alle område. Etableringa av MiSide, Altinn og levering av sjølvmeldinga er eksempel på det. Mange av oss styrer vår eigen økonomi via nettet, så kvifor ikkje stemme òg?

Det er mange argument for å ta skrittet ut og gjere det mogeleg å røyste på nettet. Det gir betre tilgang for funksjonshemma, nordmenn i utlandet og folk i distrikta. Det vil òg kunne gi eit raskare og meir nøyaktig valoppgjer. Sjølv om det ikkje gir innsparingar med det same, kan det gi lågare kostnader knytte til bemanningsbehov i stemmelokala og til oppteljing, men òg redusere behovet for trykking av vallistene på papir.

Eg har høyrt og sett alle innvendingane mot elektronisk val. Det er gode argument både for og mot. La meg her kort kommentere dei vanlegaste:

Valet fungerer jo i dag, så kvifor endre det?

Når valdeltakinga over tid har gått ned, må vi tørre å tenkje nytt. Kva kan vi gjere for at fleire vil røyste? Elektronisk val kan vere eit viktig bidrag blant fleire for å få til det, men eg trur ikkje dette er det einaste saliggjerande.

Det er jo ikkje sikkert valdeltakinga vil auke?

Nei, vi vet ikkje om valdeltakinga går opp. Særleg unge menneske sit heime i dag. Eg er viljug til å prøve noko nytt som kan bidra til at fleire røystar. Å sikre auka oppslutning om demokratiet er for viktig til å la dette vere uprøvd.

Det høgtidelige med valet forsvinn?

Ja, det er kanskje mindre høgtidelig å røyste på ein skjerm i forhold til å leggje ei stemme i ei urne med riksvåpenet utanpå. Men det viktigaste med valet er og blir at flest mogeleg av oss er med på å bestemme korleis samfunnet skal utformast.

Dette sikrar ikkje lenger hemmeleg val og folk kan verte pressa til å røyste i tråd med kva familien, venner eller andre ønskjer eller det kan opne for kjøp og sal av stemmer?

Dette er ei viktig innvending som må takast på alvor. I dag skal valhandlinga skje ved at ein er aleine i avlukket. Ingen skal vite kva du stemmer på. Ved røysting på nettet i stua kan nokon ”hengje over deg” for å sjekke at du stemmer ”riktig”. Dette kan løysast ved at det er lov til å angre og stemme på nytt. Til slutt kan jo alle gå i vallokalet og stemme på nettet der utan press utanfrå. Det igjen kan bety at folk røystar etter humøret kvar einaste dag og ein ikkje lenger tek eit gjennomtenkt val.

Elektronisk val er meir usikkert ved at teknisk svikt eller datainnbrot kan føre til kollaps og feil valresultat og dermed svekkje veljarane sin tillit til valprosessen.

Skal vi innføre elektronisk val er det ein ufråvikeleg føresetnad at det vert lagt til grunn strenge krav til tryggleik. Vi må gjere dette på ein måte som ikkje svekkjer veljarane sin tillit til systemet. Derfor må alle tekniske løysingar vere grundig prøvde ut og testa gong etter gong. Vi kan ikkje gjere dette utan at tilliten til systemet er bygd skikkeleg opp. Her må vi gjere ein stor jobb før forsøk kan starte, men når andre klarer det, kan vi òg.

Dataval kan føre til eit skilje mellom dei som beherskar teknologien og dei som ikkje gjer det.

Digitale klasseskilje er ei utfordring allereie i dag. Dette er òg ei problemstilling vi må sjå nærmare på, men som kan løysast ved at dei som ønskjer det får assistanse i stemmelokalet. Dette gjer ein jo alt i dag for dei som ønskjer det. Å framleis kunne røyste på gamlemåten vil måtte vere et alternativ, endå om vi prøver noko nytt. Sjølv om dei fleste leverer sjølvmeldinga på SMS eller nettet, er det somme som vel å gjere det på den måten dei alltid har gjort.

Eg trur demokratiet styrkjer seg ved fornying. Vi må gjere det vi kan for å gjere det enklare for folk å stemme. Elektronisk val vil komme, men i dag håpar eg flest mogleg går til stemmelokalet og legg si stemme i valurna. Godt val!