Historisk arkiv

Fornying i offentleg sektor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys under Regjeringa sin innovasjonsverkstad i Førde.

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys under Regjeringa sin innovasjonsverkstad i Førde.

Med atterhald om endringar under framføring.


Fornyingsarbeidet i offentleg sektor:
- dreier seg jo om å finne betre måtar å løyse oppgåvene på,
- gi innbyggjarane betre tenester og
- sørgje for ei meir effektiv utnytting av ressursane i offentleg sektor.

Utan gode idear og innovasjon er det vanskeleg å få til det, og det er mitt utgangspunkt for å vere her i dag.

Min jobb er å vete kva vi skal med offentleg sektor, kva mål vi har, og sørgje for at vi tek i bruk dei løysingane som ser ut til å vere dei beste for å nå desse måla. Det betyr at eg må leggje forholda til rette for at tilsette og leiarar i offentlege verksemder kan vere innovative, og at gode idear, nye produkt eller betre organisasjonsformer vert tekne i bruk i offentleg sektor. Vi har nettopp lagt fram ein strategi for regjeringas arbeid med fornying av offentleg sektor, og det er utan tvil naudsynt med innovasjon for å realisere måla i strategien.

Det er sjølvsagt vanskeleg å ta i bruk nye og betre løysingar viss dei ikkje finst. Mange av ideane og produkta vi tek i bruk frå offentleg sektor kjem frå privat sektor. Det betyr ikkje at vi, som somme av forgjengarane mine har ønskt, ukritisk kan importere løysingar frå næringslivet inn i offentleg sektor. Private verksemder skal konkurrere og tilpasse seg i ein marknad. Offentleg sektor har eit anna føremål, og dermed må læra tilpassast føremålet.

Eg skal løfte fram fire former for innovasjonsprosessar i relasjonen mellom offentleg sektor og næringslivet:

  • Innovasjon gjennom læring
  • Innovasjon gjennom samarbeid
  • Innovasjon gjennom utvikling av felles grensesnitt
  • Innovasjon gjennom friksjon

Innovasjon gjennom læring
For meg er det ikkje viktig kven som utviklar gode innovasjonar. Det kan like godt skje i ei privat bedrift som i ein offentleg etat. Det som er viktig er at vi er i stand til å lære av kvarandre, og sjå kva innovasjonar som kan overførast mellom ulike verksemder, uavhengig av om de er private eller offentlege. 

Det er lett å finne døme på at nye produkt og idear frå privat sektor er tekne i bruk i det offentlege. Nesten alt vi brukar av produkt og utstyr er jo utvikla i privat sektor. Likevel trur eg at offentleg sektor kan bli flinkare til òg å ta i bruk teknikkar og arbeidsprosessar frå næringslivet. Det som er avgjerande er å prøve ut ulike løysingar på offentleg sektors eigne premissar.

Eit lite døme på korleis offentleg sektor har lånt frå privat sektor: Mange av dykk har sikkert opplevd å få ei påminning per sms dagen før de skal til tannlegen, bilverkstaden eller ein annan privat tenesteytar. På fleire norske sjukehus har dei no byrja å bruke same teknikken. Pasientane får ei påminning på sms nokre dagar før dei skal inn til ei avtalt undersøking. Det krev ikkje mykje ressursar, men hjelper folk å hugse avtalen og medvirkar til færre ubrukte legetimar.

Det er heller ikkje så vanskeleg å finne døme på at innovasjonar frå offentleg sektor er tekne i bruk i privat sektor. Bruk av Internett er eit godt døme. Nettet vart utvikla for å tene forsvaret, og seinare også universiteta, på tvers av landegrensene. I dag er dette ein sjølvsagt reiskap i private verksemder.

I Regjeringas strategi for fornying av offentleg sektor, legg vi òg stor vekt på at offentleg sektor skal gå føre, vere eit førebilete, òg for private verksemder. Vi ynskjer at offentlege verksemder skal vere så gode på slike område at det inspirerer private verksemder til å følgje etter.

Døme på dette er

  • miljø og samfunnsansvar i offentlege innkjøp
  • mangfald blant dei tilsette og i tenesteytinga
  • etiske retningslinjer for Oljefondet

Vi trur til dømes at private verksemder etter kvart vil ta etter regjeringas satsing på etiske retningslinjer for Oljefondet. Ved å etablere slike retningslinjer, som inneber at vi må trekkje oss ut av selskap som er involverte i meir tvilsam verksemd, gir vi signal om at det let seg gjere å forvalte store verdiar, og på same tid ta omsyn til anna enn rein avkasting.

Så kan ein spørje seg om dette har noko å seie for andre enn oss sjølve. Til det er svaret at det har det. Det skapte store overskrifter i USA då vi trekte oss ut av Wal-Mart, den store amerikanske kjøpesenterkjeda, fordi vi meinte at den etiske standarden i selskapet ikkje var god nok. Debatten som følgde dreidde seg ikkje berre om Wal-Mart, men òg det faktum at vanlege folks pensjons- og aksjefond no eig nesten 50% av alle aksjar i USA. Måten vi forvaltar oljefondet på kan derfor få stor innverknad langt ut over vår eiga sjølvkjensle.

Etter at Oljefondet selde seg ut av Wal-Mart har òg ting teke til å skje i dette selskapet. Wal-Mart har til dømes offentleggjort miljøkrav til sine leverandørar og sett konkrete mål for reduserte klimautslipp.

Òg norske aktørar har mykje å lære her. Ser vi på dei norske fonda i verdipapirforeininga, viser det seg at det berre er 12 av 457 som har ein spesialisert etisk profil. Det betyr at av dei 395 milliardar kroner som vert sparte i fond er berre 3,5 milliardar plasserte i etiske fond. Det er ikkje godt nok.


Innovasjon gjennom samarbeid
I tilegg til å lære av kvarandre må vi utvikle gode løysingar saman. Mykje innovasjon vert til gjennom ulike typar samarbeid mellom private og offentlege verksemder, m.a knytt til at offentleg sektor gjer innkjøp for godt over 275 milliardar kroner kvart år. Det utgjer ca 15 prosent av bruttonasjonalproduktet.

Uvikling, testing og implementering av legemiddel og nytt medisinsk utstyr i sjukehusa er eit nærliggjande døme. Som regel skjer slik utvikling gjennom tett samarbeid mellom sjukehusa og private verksemder. Dette er òg eit område der vi ser at offentlege innkjøp resulterer i mykje innovasjon.

Samarbeid mellom turistnæringa og offentleg sektor er heller ikkje uvanleg. I dette fylket – der natur og turisme utgjer ein viktig næringsveg, finn vi fleire døme på innovasjonssamarbeid mellom reiselivsnæringa og offentlege etatar. Samarbeidet mellom Turistforeininga og Statens vegvesen om dei historiske vegane er òg eit eksempel.

Utvikling av felles grensesnitt
Den tredje forma for innovasjon i relasjonen mellom offentleg sektor og næringslivet har eg kalla for utvikling av eit felles grensesnitt. I hovudtrekk handlar dette om utvikling av løysingar for elektronisk utveksling av informasjon og yting av tenester. Dette er eit område der det skjer mykje for tida – først og fremst fordi vi i dag har ny teknologi som gjer at vi kan lage slike grensesnitt på ein heilt annan måte enn tidlegare. Det beste dømet på ein slik innovasjonsprosess er utviklinga av Altinn, som skjer i nært samarbeid med brukarane, som først og fremst er næringslivet.

Eit anna døme på moglegheitene dette gir er når vi no fjernar kravet om førehandsgodkjenning av tannlegetenester med trygdedekning. Pasientane slepp dermed å betale full pris hos tannlegane for deretter å gå til eit NAV-kontor for å få stønad. I staden vil tannlegen få eit direkteoppgjer med det offentlege. I sum vil dette spare både pasientar, tannlegar og det offentlege for mykje unødvendig arbeid.


Innovasjon gjennom friksjon
Den fjerde forma for innovasjon i relasjonen mellom offentleg sektor og private aktørar er knytt til møte mellom private og det offentlege der ting ikkje heilt fungerer som dei skal. Døme på slike historiar kan vi lese om i avisene regelmessig, og då gjerne med overskrifter som ’nisselandet’ og ’heia Norge’. Men slike episodar er viktige informasjonskjelder til korleis vi kan gjere ting betre i offentleg sektor. Difor bør vi møte det positivt, når vi får rettmessig kritikk på ting som ikkje fungerer

Eit døme på at dette fører fram er at mange private aktørar har klaga på både komplisert og langtekkeleg sakshandsaming når det er bruk for arbeidskraft frå utlandet. Dette har vi no gripe tak i og det vert no gjort ei rekkje grep som skal sikre at dette skal verte enklare.  Regelverket og prosedyrane må ikkje vere så vanskelege at ein let vere å hente inn slik arbeidskraft eller vel å gjere svart i staden. I dag har vi 150 000 fleire sysselsette i Noreg enn då vi tok over i 2005. Av disse er 100 000 eit resultat av arbeidsinnvandring –klart vi treng å gjere denne prosessen enklare.

For oss er det viktig å sikre at regelverk og prosedyrar ikkje er så vanskelege at ein let vere å hente inn slik arbeidskraft eller vel å gjere dette på illegale måtar. Regjeringa tek difor no ei rekkje grep som skal gjera det enklare for bedriftene å rekruttera faglært arbeidskraft frå utlandet:

  • Oppmjuking av overgangsreglene for 10 av dei nyaste EØS-landa: I dag må arbeidstakarar frå desse landa ha tillating før dei kan begynne å arbeide. Vi foreslår no at desse kan begynne å arbeide allereie etter å ha levert søknad om slik tillating.
  • Auka avgjerdsmakt til politiet: I dag kan ikkje politiet gje løyve om fornya arbeidstillating - denne må handsamast i UDI. For å forkorte sakshandsamingstida foreslår vi at politiet kan fatte slike vedtak.
  • Oppmyking av rett til busettingstillating: Ein søkjer med tre års samanhengande opphald har i dag rett til busettingstillating. Regelverket vert i dag tolka slik at dersom søkjaren bytter arbeidsgjevar, startar tre års utrekninga på nytt. Vi foreslår at skifte av arbeidsgjevar ikkje påverkar denne utrekninga, på det vilkår at søkaren har arbeidd i Noreg i tre samanhengande år.

Lukke til med dagen, eg håpar å få mange gode idear og ikkje minst bli inspirert av det andre gjer!


Takk for meg!