Historisk arkiv

Forvaltningsmeldinga og fylkesmennene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på Fylkesmannsmøte 30. januar 2007

Forvaltningsmeldinga og fylkesmennene

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på Fylkesmannsmøte 30. januar 2007.

Kjære fylkesmenn!

Dette året vi no har gått inn i vil stille store krav til godt leiarskap i dei omstillingsprosessane som forvaltningsreforma vil innebere. Sjølv om reforma ikkje skal tre i kraft før om tre år, er det i det kommande året at den endelege oppgåvefordelinga blir vedteken av Stortinget og det blir avklara kva stillingar som skal overførast - og kva personar som skal endre sitt arbeidstilhøve. I det kommande halvanna året vil det òg bli klart kor mange og kor store regionar vi vil få, og dermed òg kva som blir den geografiske lokaliseringa av arbeidsplassane.

Gode omstillingar gjer krav på gode prosessar. Leiarskap har i aukande grad vorte eit spørsmål om leiing av endrings- og omstillingsprosessar – i så vel privat som offentleg sektor. Å leggje til rette for gode prosessar, i meininga god informasjon, involvering og motivering av tilsette, er eit leiaransvar. Eg vil i dette innlegget gjere klart kva eg forventar av dykk i dei prosessane som no skal gjennomførast i embeta. Eg vil òg komme inn på kva vi som fylkesmannens administrativt ansvarlege departement vil gjere for å støtte og leggje til rette for at desse prosessane skal bli best mogelege.

De er vel kjende med innhaldet i meldinga. Lat meg likevel bruke nokre minutt på å gå gjennom kva slag fylkesmannsembete vi vil ha i 2010.

Først av alt: Kjernen i fylkesmannen si rolle skal ligge fast. Fylkesmannen skal som fylkesmannsinstruksen seier ” vere Kongens og regjeringas representant i fylket, og skal arbeide for å følgje opp Stortingets og regjeringas vedtak, mål og retningsliner”.

Slanking er visst ein kjær folkesport no i januar, men lat meg gjere det heilt klart; det har aldri vore noko sjølvstendig politisk mål for regjeringa å ”slanke” fylkesmannsembetet eller strippe det for oppgåver.

Det viktigaste politiske målet med reforma er å styrke folkestyret og demokratiet på regionalt nivå. Men i forvaltningsskipinga står målet om lokalt og regionalt sjølvstyre ved sidan av andre ideal, som idealet om rettsstaten og idealet om velferdsstaten. Det er såleis eit viktig politisk mål at reforma òg sikrar effektiv iverksetjing av nasjonale mål som til dømes likeverdige tenestetilbod og rettstryggleik for den einskilde.

Det er med utgangspunkt i avvegingar mellom alle desse måla regjeringa har komme med konkrete framlegg til endringar i oppgåvefordelinga .

For fylkesmannen har altså konsekvensen vorte at sektoroppgåver vert overførd til nye regionar, men samstundes vil eg òg få understreke at meldinga inneheld klare markeringar av kva som skal vere stolpane i fylkesmannsorganisasjon. Fylkesmannen skal:

  1. Vere ein garantist for rettstryggleik på regionalt nivå, mellom anna ved å gjennomføre klage- tilsyns- og kontrolloppgåver.
  2. Vere regional sektorstyresmakt i høve til kommunane på viktige område som helse- og sosial, barnevern og barnehage, grunnskule og samfunnstryggleik, for å nemne nokre.
  3. Vere knutepunkt mellom stat og kommune, mellom anna gjennom ansvar for å samordne statlege verksemder regionalt, og for å samordne statlege styringssignal til kommunane. På sektorområde som vert overførd til dei nye regionane, må den regionale samordninga skje gjennom dei nye regionane.

Lat meg så peike på nokre generelle utfordringar ved omstillingar.

Tap av lojalitet og engasjement hos tilsette
I mange høve talar ein om at medarbeidarane ikkje er lojale under omstillingsprosessen og at dei misser engasjementet for jobben. Vi blir negativt innstilte til slike medarbeidarar.

Men kan vi likevel forstå dei? Ein medarbeidar får beskjed om er at jobben vert flytta til ein annan kant av landet – eller ein region for den saks skuld. Han har rett til å behalda jobben, men må då flytta. Kva med ektefellen sin jobb, borna på skulen, huset med gjeld og ein verdi som synker.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at medarbeidarar i slike situasjonar får tunge stunder. Men medarbeidarane skal møtast med respekt og forståing – ikkje definerast som eit problem. Like lite skal vi dyrke frustrasjonane. Det er vi som arbeidsgjevarar som har ansvar for å medverke til motivasjon og tryggheit òg i slike situasjonar.

Tap av ”leiarkraft”
I situasjonar der ein eller fleire personar opplever sin tryggleik for arbeidet truga, kan leiinga sin autoritet bli utfordra. Spesielt skjer dette når handteringa ikkje vert oppfatta som rettferdig. Dette uansett kor riktig den politiske grunngjevinga er. Det er ei utfordring for den einskilde toppleiar å gjennomføre endringar som vert bestemt utanfrå og som den einskilde toppleiaren i og for seg òg kan vere i mot. Ein toppleiar som ikkje meistrar ein slik situasjon kan innebere at omstillinga vert mislukka, men òg til at organisasjon umiddelbart vert mindre produktiv.

Organisasjonen mister fokus på dei løpande oppgåvene som skal løysast. Dette er ei utfordring som særleg er knytt til endringar som går over tid, der usikkerheita er vedvarande. Fylkesmennene har alt gjort meg kjent med at de er redde for at nøkkelmedarbeidarar no kanskje vil søkje seg bort frå usikkerheit - over til andre jobbar og at dette kan gje embeta utfordringar framover.

Kva er så mine forventningar til dykk?

Høg kvalitet

  • At de gjennomfører omstillinga på ein måte som tar vare på medarbeidarane på ein god måte i tida fram til reforma trer i kraft.
  • De skal syte for god medverknad for dei einskilde medarbeidarane og organisasjonane deira
  • At det 1.januar 2010 er ein veldriven og ryddig oppgåveportefølje som vert overført fylkeskommunen saman med motiverte medarbeidarar.
  • Embeta skal i heile omstillingsperioden ha god måloppnåing i høve til krava i tildelingsbrevet og embetsoppdraget.

Vise leiarskap

  • De har, og skal ta, ansvar for alle medarbeidarane i perioden fram til 2010, òg dei som endringa ikkje vedkjem direkte.
  • De skal bidra til at omstillinga vert eit gode både for den einskilde, embeta og for dei nye regionane.
  • Vi skal ikkje, og har heller ikkje tid til å kose med misnøye dersom nokon ikkje likar endringa.

Stol på fylkesmannen
Eg stiller store krav til kvalitet hjå Fylkesmennene. Dette gjer eg fordi eg kjenner dykk, og veit at de leverer og representerer verdiane i den norske forvaltninga på ein utmerka måte.

De har erfaring frå ei rad liknande omstillingsprosessar og undersøkingar viser at kommunane har stor tillit til og samarbeider godt fylkesmannen. Dei er òg nøgde med fylkesmannen si regionale rolle. Slik skal det framleis vere.

Som arbeidsgjevar i staten har eg ansvaret for å koordinere kontakten med arbeidstakarorganisasjonane og KS, som har rolla som arbeidsgjevarpart for dei som blir tilsett i dei nye regionane. I fyrste omgang tar eg sikte på å inngå ei intensjonsavtale som skal skissere prosess og definere partane som skal delta i gjennomføringa. Denne avtala skal FAD inngå med KS og arbeidstakarane sine hovudorganisasjonar. Sjølv om fylkesordførarane sine reaksjonar på reforma har vore blanda, ventar eg at alle stiller opp og medverkar positivt når reforma skal gjennomførast.

Eg har tidlegare sagt at mitt departement skal arrangere samlingar rundt om i landet der vi saman skal førebu omstillingsprosessen. Opplegget for konferansen kjem vi nærare inn på seinare i dag. I den fasen vi nå står i er det viktig at hovudinnhaldet i samlingane knyter seg til involvering, medverknad og leiaransvar.

Medverknad
Eg meinar at organisasjonane sin positive medverknad og innsats er avgjerande for å oppnå gode resultat. Vi legg difor stor vekt på å trekke dei tillitsvalde inn i desse samlingane. Det gjeld både på lokalt og på sentralt nivå.

Mitt departement vil støtte Fylkesmannen i arbeidet med å klargjere konsekvensane for arbeids- og personaltilhøve så langt dei er kjende, og vi vil informere om rammevilkår for personalpolitiske verkemiddel som kan nyttast i omstillingsprosessar.

Avslutning
Vi veit enno ikkje kor store dei faktiske endringane vert, men vi skal vere førebudde, og ilag skal vi gjennomføre ei god omstilling.