Historisk arkiv

Frå plan til praksis

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Ein heilskapleg IKT-politikk på tvers av forvaltninga, innbyggjarar og næringsliv

Åpningsforedrag av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på IBM Software Day 2007.

Åpningsforedrag av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på IBM Software Day 2007.

Med atterhald om endringar under framføring. Sjå lyssark her (PDF)

  
Godtfolk!

Det er eitt år sidan eg orienterte dykk om prinsippa for ein raudgrøn IKT-politikk. 

Seks veker seinare la regjeringa fram stortingsmelding nr.17. ” Eit informasjonssamfunn for alle”, den første heilskaplege stortingsmelding om IKT-politikken. Meldinga vart handsama av Stortinget våren 2007 og fekk brei tilslutning.

Det siste året har vore prega av hektisk aktivitet på det IT-politiske området - her har det vore mykje praksis og lite prat.

  • Tre dagar etter at meldinga vart lagt fram vart innbyggjarportalen MiSide lansert. MiSide fikk nylig ein EU-pris som beste offentlige IT-teneste. Likevel må  MiSide utviklast og nye tenester komme til. Her er vi berre i starten
  • Vi har utarbeidd og sendt på høyring den fyrste referansekatalogen for opne standardar, og gjer no fyrste versjon ferdig.
  • For å styrkje  koordineringa og utviklinga av forvaltninga, etablerer vi no eit nytt direktorat for forvaltning og IKT
  • Vi har etablert det fyrste kompetansesenter for fri programvare.
  • Vi har sett ned ein personvernkommisjon som skal gi ein heilskapleg status knytt til utfordringane som teknologiutviklinga gir for personvernet og peike på korleis personvernet bør ivaretakast i framtida.

Miljø
I fjor snakka eg om å gå frå svart oljeøkonomi til grøn kunnskapsøkonomi. Dette har ikkje blitt mindre aktuelt i året er gått. Vår tids største utfordring er knytte til menneskeskapte klimaendringar.

Dei siste åra har for alvor vist oss kva konsekvensar utslepp av klimagassar har. Når pol-isen smeltar og kraftige orkanar fører til store materielle øydeleggingar og tap av menneskeliv, må vi ta signala på alvor. Vi må setje i verk tiltak som reduserer skadeverknadene og sørgje for at samfunnet kan utviklast i ei meir berekraftig retning.

Denne regjeringa tek miljøutfordringane på alvor!! Gjennom klimameldinga har vi sett som mål at Noreg skal overoppfylle Kyotoavtala: Vi skal skjerpe våre Kyotoforpliktingar fram til 2012 med 10 prosent! Fram til 2020 skal vi kutte utslippa av klimagassar tilsvarande 30 prosent av våre utslipp, og vi skal vere karbonnøytrale innan 2050.  Det vil sei at for kvart einaste tonn klimagassar som vert sleppe ut, skal det vere tilsvarande lågare utslipp ein annan stad. Dermed blir summen av utslipp null. Klimautfordringane må dermed gjennomsyre alle politikkområde og ikkje avgrensast til dei områda som miljøvernministeren rår over, eller kjøp av klimakvoter for den del.

Koplinga mellom klimautfordringa og IKT er eit tema som eg ser skulle vore adressert i stortingsmeldinga. Skulle meldinga vert lagt fram i dag, ville det vore sjølvsagt.

Men vi er sjølvsagt med, med eige kapittel i Regjeringa si Stortingsmelding nr 34, den såkalla klimameldinga. Der står det at Regjeringa vil:

Minimere klimagassutslippa frå drifta av statleg sektor, gjennom mellom anna:

  • å gi konkrete krav knytta til klima og energi for innkjøp innan bygg og eigedom, transport og bil, IKT-utstyr, med meir
  • å vidareføre og forsterke arbeidet med miljøleiingssystem i statlege verksemder
  • å fremje betre statistikk og indikatorar mellom anna til forbruk av energi til oppvarming i staten
  • fremje tiltak knytta til eGovernment, i bygg og for tilsette i staten
    Desse tiltaka er vi no i ferd med å konkretisere.

Eg er svært nøgd med at IT-bransjen har teke initiativ til prosjektet grøn IT. Dette samarbeidsprosjektet er eit godt døme på IKT-bransjen òg tar inn over seg klimautfordringa, og det er bra! IKT-næringa er ein del av klimautfordringa, men den er òg  ein del av løysninga.

Skal vi få til ei berekraftig utvikling i åra framover må vi framleis satse på og utvikle ny teknologi og nye IKT-løysingar. Teknologien mogeleggjer nye arbeidsformer, nye tenester og nye løysingar på gamle utfordringar.

Skal vi klare dette, må alle medvirke. Det vil sei at bransjen òg tar eit miljøansvar. Leverandørar og kundar må ta ansvar for å utvikle, tilby og etterspørje IKT-løysingar som fører til eit betre miljø i framtida.

Vi må sørgje for at maskiner og anna utstyr er effektive med omsyn på straumforbruk, elles har vi berre erstatta eitt miljøproblem med eitt anna. Klimautfordringane tillet ikkje det, vi må skape bærekraftige løysingar. Det er ikkje nok å peike på andre og be dei ta ansvar. Vi må alle gjere det vi kan, som privatpersonar, arbeidstakarar, leiarar og statsrådar. Det er 20 år sida Gro Harlem Brundtland la fram FN-rapporten om vår felles framtid. Vi har ikkje tatt FN-rapportane på alvor desse 20 åra, no er det tid for handling.

Fornying av offentleg sektor
Frå å snakke om klimautfordringane er ikkje vegen lang til å snakke om arbeidet med å fornye offentleg sektor. I byrjinga av oktober la eg fram regjeringa si strategi for fornying av offentleg sektor. Ei rekkje tiltak som fornyar offentleg sektor, vil òg vere med og skape eit betre miljø. Men fornyingsstrategien er mykje meir.

I strategien har regjeringa slått fast at elektronisk kommunikasjon skal vere den primære kanalen for dialog mellom innbyggjarar og forvaltninga.

For at folk skal ha høve til å kommunisere elektronisk har tre område vore i fokus.

For det fyrste er vi no i ferd med å sluttføre arbeidet med å oppfylle lovnaden frå Soria Moria om breiband til alle innan utgangen av 2007. Teleplanrapporten fortel oss at rundt 99% av befolkninga vil ha tilgang til breiband ved slutten av dette året. Tilgang til breiband er ein føresetnad for at innbyggjarar og næringsliv kan kommunisere elektronisk med kvarandre og med offentleg sektor.

For det andre har vi som ambisjon at alle skal med i informasjonssamfunnet. Tilgang til og bruk av IKT, i eit samfunn som er i rask forandring, er eit verkemiddel for å oppretthalde det grunnleggjande prinsipp om informasjon, deltaking og inkludering. Regjeringa har hatt på høyring lovforslag om at det skal stillast krav om universell utforming av all ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi retta mot ålmenta. Vi har foreslått at dette skal gjelde frå 1.1.2011.

For det tredje har vi staka ut kursen mot ei døgnopen forvaltning. Stortingsmeldinga og fornyingsstrategien slår fast at IKT spelar ei sentral rolle og er eit avgjerande verkemiddel for å nå dei måla som regjeringa har for offentleg sektor.

Regjeringa vil stille klare krav til at alle verksemdene i langt større grad må samarbeide om å etablere fleire og betre døgnopne elektroniske tenester. Dette kan nok utfordre organisatoriske, juridiske og forvaltningsmessige prosessar i offentleg sektor, men det er naudsynt!

Korleis skal vi så utforme desse løysningane? Er portalar og MiSide svaret? Dei nye nettfenomena gir oss nokre utfordringar….

Nye nettfenomen
YouTube har 100 millionar nedlastingar kvar dag. MySpace har 350 000 nye medlemmer kvar dag. Wikipedia inneheld over 3 millionar artiklar som er produsert av innbyggarar over heile verda, på meir enn 100 språk. Ein ny blogg blir etablert på Internett kvart sekund. Vi har FACEBOOK og Second Life. Eg veit ikkje kva det neste som kjem er. Men dei vil komme, og eg trur vi i offentleg forvaltning kan lære nok av dei! Kan nokon av desse fenomena vere arenaer kor offentleg sektor engasjerar innbyggjarane i dialog om korleis nye tenester bør utformast?

Det eine ytterpunktet i debatten er dei som hevdar vi kan legge ned regjeringa.no og noreg.no allereie no, og la informasjonen komme på desse nye nettstadane. Den andre sida er å la dei nye nettfenomena sigle sin eigen sjø, og halde fram med portalar slik vi gjer no.  Eg skal ikkje trekke nokon konklusjon på dette tidspunkt, men det er sjølvsagt naudsynt at offentlege verksemder er merksame på korleis innbyggarane nyttar internett. Difor har vi løyvd ½ mill til Universitetet i Oslo for å få eit betre kunnskapsgrunnlag om bruken av desse nye fenomena og i kor stor grad desse har påverknad på politikkutforminga.

Ny Opera i Bjørvika
Det har skjedd omfattande endringar i forvaltninga dei siste åra. Auka grad av fristilling og utskiljing, marknadstenkinga har fått ei dominerande rolle, statlege verksemder er mindre detaljstyrt og vi har fått auka vekt på revisjon, kontroll og tilsyn.
Vi har 431 kommunar og 341 statlege etatar med eit sjølvstendig avgjerdsansvar for IT. 

I tillegg finnast det i kvar kommune 80-100 forskjellige fagsystem. Løysingar som ofte blir ”lokalt” utvikla, og utan at det blir stilt nokon felles krav. Dette er ein naturleg konsekvens av den fragmenteringa som har skjedd.

Det har i (for) lang tid vore overlate til den einskilde å ta viktige teknologiske vegval som kan ha store konsekvensar for omgjevnadane. Skal vi låne eit eksempel frå plan- og byggjeprosessane i Noreg har vi på IKT-området overlate til den einskilde verksemda både å vere både byggherre, arealplanleggar og godkjennande styresmakt!

Kva har så dette med operaen å gjere?

Jau, i 2008 vil vi opne landets nye opera i Bjørvika. Den vil vere resultat av lange og grundige planprosessar og vil over tid danne midtpunktet i bydelen Bjørvika. Operaen har ei kostnadsramme på 4 milliardar kronar. Mange av dykk har kanskje fått med seg  debatten som har vore knytta til bygginga av operaen og byutviklinga i Bjørvika ?

Offentleg sektor brukar ein stad mellom 2 og 4 operabudsjett kvart år knytta til IKT samla sett. Dette skjer utan at det er særlig stor diskusjon om korleis pengane skal nyttast best mogeleg. Heller ikkje om det er nokon sentrale retningsliner som investeringane skal skje innanfor. Dette gjer vi noko med!

Døgnåpen forvaltning
I arbeidet med IKT-meldinga vart det tydeleg at offentleg sektor i større og større har grad orientert seg mot IKT som det viktigaste verkemiddelet for å effektivisere tenesteyting og myndigheitsutøving.

Ein av dei store utfordringane i åra som kjem blir å trekkje ein fragmentert offentleg sektor i ei felles retning slik at den for brukarar står fram  som meir heilskapleg, samordna og effektiv!!

For at vi skal nå målet om å tilby fleire tenester på nett er det viktige at det frå sentralt hald blir etablert overordna nasjonale rammar for  IKT-løysingar med auka fokus på samarbeid på tvers.  Eg vil her ha fokus på tre område der det skjer viktige ting:

  • Arkitektur
  • Felleskomponentar og
  • Standardisering

Det er på høg tid å etablere ein overordna IKT-arkitektur for offentleg sektor som skal setje rammevilkåra for IKT-utviklinga. Ein slik overordna IKT-arkitektur vil skape ei meir koordinert utvikling av offentleg IKT-infrastruktur og offentlege tenester, samt skape tydelege grenseflatar og ansvarstilhøve for IKT –og tenesteutviklinga. Avanserte elektroniske tenester og samhandling på tvers av verksemdgrenser krev at alle offentlege verksemder legg det same målbiletet og arkitekturprinsipp til grunn for IKT-utviklinga si.

Likevel er det ikkje tilstrekkeleg  med eit felles arkitektur-målbilete. Eit målbilete har ikkje nokon verdi seg sjølv med mindre den blir fylt med konkret innhald som synleggjer korleis samhandling bør skje. Skal vi kunne samle oss om å tilby avanserte tenester som omfattar fleire etatar og forvaltningsnivå, er det viktig at offentlege verksemder tek utgangspunkt i og samarbeider om felles informasjonsprosessar. Ei effektiv elektronisk tenesteyting stopper i mange tilfelle ikkje ved verksemdsgrensa, men held fram frå ei offentlig eining til ei anna.

Det andre området er knytt til felleskomponentar på IKT-området. Tal frå SSB viser at 40 % av norske kommunar oppgir mangel på felles offentlege IKT-løysingar som ei hovudutfordring i realiseringa av elektronisk forvaltning.

FAD har i oppfølginga si av stortingsmeldinga nedsett ei arbeidsgruppe for å følgje opp behovet for ein overordna IKT-arkitektur og felleskomponentar. Gruppa er samansett av IKT-leiarar frå offentlege verksemder og blir leia av IKT-direktøren i NAV. Gruppa er i tillegg til å foreslå arkitekturprinsipp og felleskomponentar bedne om å sjå på arbeidsprosessar i offentleg sektor og komme med forslag til eit forvaltningsregime for ein overordna IKT-arkitektur. Gruppa skal levere forslaget sitt til FAD ved årsskifte.

Det tredje området for å få til elektronisk samhandling er standardisering. Eit viktig virkemiddel for å få til betre samspel er bruk av opne standardar, slik at vi kan utveksle data og informasjon mellom ulike system, uavhengig av programvareleverandør. Opne standardar hindrar innlåsing til einskilde leverandørar av IKT-system, og sikrar soleis ein meir open konkurranse. Vi sendte i vår ut standardiseringsrådets forslag til fyrste versjon av referansekatalogen for IT-standardar i offentleg sektor. Der har rådet foreslått dei fyrste standardane som skal inn i katalogen.

Vidare meiner eg at vi berre er i starten av arbeidet med openheit. Opne standardar og fri programvare er to sider ved openheit som vil bli viktige i åra som kjem. I tillegg ser vi at ope innhald og opne tenester breier meir og meir om seg. Òg offentleg sektor viser teikn til å modnast i forhold til denne utviklinga. Regjeringa arbeider mot at offentlege sektor ikkje skal etterspørje vegg-til-vegg løysingar, men løysingar som spelar saman med ein variabel programvare-portefølje. Dei leverandørane som ikkje har fokus mot å tilby produkt som kan integrere løysingar frå andre leverandørar på ein god måte risikerer å bli ståande igjen på plattforma når toget går.

Wikinomics
Eg vil trekkje frem eit døme frå privat sektor til inspirasjon for at samspel og openheit nyttar. I boka Wikinomics gjev forfattaren Don Tapscott eit døme på fordelar med deling og openheit.
Goldcorp, var eit gullgruveselskap som brukte 10 millionar dollar på nye prosjekter som for å finne meir gull. Investeringa gav ein rekkje interessante data og resultat, men ikkje noko meir gull. Så gjorde dei noko  som var veldig uventa, dei publiserte heile databasen på Internett saman med ei vinst på ein halv million dollar til dei som kunne peike på kor selskapet kunne finne meir gull. Forslag frå heile verda strøyma inn til selskapet.  Resultata av denne handlinga var fantastisk Meir enn 80% av dei innsendte forslaga resulterte i nye funn av gull.

Fellesskap og openheit er to stikkord på det eg til no har snakka om. La meg derfor avslutningsvis komme tilbake til det eg starta med, og som er eit tredje stikkord:

Bærekraft
Vi må bli meir medvitne på at dei IKT-løysingane som vert utvikla medvirkar til ei bærekraftig utvikling. Dagens IT hadde den 20. september ein artikkel som fortalde at fire av fem IT-sjefar ikkje var opptekne av straumforbruket til serverrommet. Fire av fem!!! Dette er ei altfor passiv haldning. Rapporter frå USA visar at straumforbruket til å drifte servere i USA samla sett overstig straumforbruket til enkelte delstatar.

Forfattaren Nicholas Carr, som skreiv boka ”Does IT matter?”, presenterer på sin blogg overslag som viser at ein einskild avatar i Second Life brukar ca 1750 kilowatt timar årleg for å vere til stades der. Samstundes veit vi at straumforbruket pr innbyggjar i ein rekkje utviklingsland er langt lågare enn dette. Ser vi samla på alle utviklingsland, ligg gjennomsnittleg straumbruk på 1015 kilowatt timar årleg pr innbyggjarar.

Så til ei anna side av bærekraft:
Det har òg altfor lenge vore slik at ny programvare driv etterspurnaden etter ny maskinvare. Det må ikkje vere slik at vi må skifte pc kvart år, annakvart år, for å ta i bruk den nyaste programvara!  Vi veit at dei fleste kun brukar ein liten prosentdel av den totale funksjonalitet som vert tilbydd i ulike programvarer.

Fri programvare har den eigenskapen ved seg at det er brukarane og standardar som driv utvikling av løysingar. Dette resulterer ofte i meir nedstrippa og kompakt programvare. Denne igjen krev mindre maskinkapasitet. Eg trur at dette er eit eksempel til etterfølging for programvareindustrien. Når vi veit at bygginga av ein enkelt PC tilsvarer utslipp av eit halvt tonn CO2 seier det seg sjølv at vi ikkje kan fortsette berre å etterspørje ny maskinvare heile tida.

Godtfolk!
I fjor avslutta eg med å be om å bli invitert på vitjing til dei ulike bransjeverksemdene. Mitt ynskje for 2008 er konferansar og prosjekt for IT-bransjen som i langt større grad adresserar utfordringane rundt IKT, klima og miljø!

Takk for merksemda. Lykke til med konferansen!