Historisk arkiv

Høgre og konkurranselova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Aftenposten 19. januar 2007.

Høgre og konkurranselova

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Aftenposten 19. januar 2007.

Stortingsrepresentant Thorbjørn Hansen uttaler i eit intervju i Aftenposten onsdag 17. januar at det er absurd og frekt å påstå at ei høgreregjering ville ha overkøyrt Konkurransetilsynet i fusjonen mellom Gilde og Prior. Dette er oppsiktsvekkjande. I konkurranselova er det slått fast at departementet som ankeinstans skal gjere ei konkurransefagleg vurdering. I denne saka vart tilsynet sitt vedtak altså endra fordi departementet hadde eit anna konkurransefagleg syn enn Konkurransetilsynet. Då skal departementet etter loven endre tilsynets vedtak. Har Hansen enno ikkje oppfatta dette grunnleggjande forholdet ved konkurranselova? Eller meiner han at Høgre ville teke politiske omsyn i den konkurransefaglege vurderinga? I så fall ville Hansen og Høgre handle i strid med norsk konkurranselovgiving, noko som ville bidra til å undergrave lova. Og det ønskjer vel ikkje Høgre?