Historisk arkiv

Ikkje bråstopp i fornyingsarbeidet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Høgres leder Erna Solberg kjem med 25 forslag til det ho kallar modernisering i DN 4. september. Det slår meg at det kanskje er på tide at Høgre moderniserer sin eigen politikk, skriv statsråd Grande Røys i ein replikk i Dagens Næringsliv 10. september.

Erna Solberg kjem i DN 4/9 med 25 forslag til det ho kallar modernisering. Etter å ha lese forslaga slår det meg at det kanskje er på tide at Solberg og Høgre moderniserer sin eigen politikk.

Den raud-grøne regjeringa har starta eit arbeid med å fornye offentleg sektor. Høgres forslag tyder på at det framleis er privatisering, konkurranseutsetjing og meir skattelette som er løysinga. Vi står for ein annan politikk. Vi ønskjer meir velferd og betre tenester til innbyggjarane. At kommunebudsjetta er auka med 14,5 milliardar kroner er det beste eksemplet på korleis politikken vår fungerer.

Ein del av forslaga til Solberg sprengjer opne dører eller er gammalmodige og heimelaga. Det blir litt som Donald Duck som får ein fiks ide om å heve skip med ping-pong ballar. Kanskje er det Høgre som treng modernisering?

Ta forslaget om ei påskjønning til tilsette som kjem med forslag om forenkling. Ei slik ordning hadde vi tidlegare, men den vart avvikla av den regjeringa Solberg sjølv satt i. Vår personalpolitikk legg stor vekt på å motivere alle tilsette til å vere med på å utvikle og forbetre tenestene, utan at ein treng ekstra premiering for dette. Vi vil ikkje utvikle ein kultur der offentleg tilsette berre har fokus på dei oppgåvene som vert premierte, mens andre viktige oppgåver vert liggjande.

Om nokre veker legg eg fram regjeringas fornyingsstrategi om korleis offentleg sektor skal fornyast og utviklast vidare.