Ikkje lettare å overprøve
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 22.10.2007
Av: Tidligere fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys
VG hadde søndag 14. oktober ein leiar der avisa påstår at regjeringa vil gjere det lettare å overprøve Konkurransetilsynet. Dette er feil. Eg må derfor forklare forslaget på nytt, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i VG 22. oktober.
VG hadde søndag 14. oktober ein leiar der avisa påstår at regjeringa vil gjere det lettare å overprøve Konkurransetilsynet. Dette er feil. Eg må derfor forklare forslaget på nytt, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i VG 22. oktober.
I dag må FAD avslutte klagesaksbehandlinga knytt til konkrete, faglege vurderingar og oppretthalde Konkurransetilsynets vedtak om å forby ein fusjon før regjeringa kan behandle saka etter § 21 og tillate det same ervervet. Det er både ressurs- og tidkrevjande når det er klart at regjeringa vil vurdere å tillate fusjonen ut frå andre viktige samfunnsomsyn enn konkurranse. Forslaget inneber ikkje at terskelen for inngrep mot konkurranseskadelege fusjonar og oppkjøp vert lågare enn i dag, eller at det skal verte enklare å setje til side omsynet til konkurransen. Det er framleis eit vilkårslaust krav i lova at saka skal vere av prinsipiell eller stor samfunnsmessig betydning, og vedtaket kan berre gjerast i statsråd. Det er såleis heilt gale når VG påstår at det skal verte lettare å overprøve Konkurransetilsynet. Det er sjølve saksbehandlinga som vil verte forenkla i slike tilfelle.
I den grad forslaget vil ha nokon verknader ut over det eg har gjort greie for over, så vil det vere at regjeringa får betre tid til å vurdere om andre viktige samfunnsomsyn skal gå føre omsynet til konkurransen og i tilfelle å grunngi kvifor det er slik. Det vil gjere det endå tydelegare at Konkurransetilsynet sine faglege vurderingar ikkje vert setne til side, men at omgjeringa av vedtaket skuldast ei politisk vurdering. Vi vil få eit betre grunnlag for ein diskusjon om regjeringas konkurransepolitikk og samanhengen mellom konkurransepolitikken og andre viktige samfunnsomsyn.