IKT gir betre offentleg sektor
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 09.04.2007
Av: Tidligere fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys
Regjeringa har sett seg eit offensivt mål. Vi ynskjer at Noreg skal ha den beste offentlege sektor i heile verda, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i LO Aktuelt.
Regjeringa har sett seg eit offensivt mål. Vi ynskjer at Noreg skal ha den beste offentlege sektor i heile verda. Aktiv bruk av IKT og utvikling av nye digitale løysingar er eit viktig og avgjerande verkemiddel for å nå dei ambisiøse måla vi har sett oss.
Stortinget skal snart handsame stortingsmeldinga om IKT-politikken som Regjeringa la fram før jul. Vi er den fyrste regjering som har lagt fram ei heilskapleg stortingsmelding om IKT-politikken.
I meldinga viser vi kva rolle IKT spelar i økonomien og korleis ein skal nytte teknologien best mogleg, til dømes i fornyinga av offentleg sektor og slik medverke til å oppfylle våre visjonar. Offentleg forvaltning spelar ei sentral rolle i meldinga. På fleire område har regjeringa starta ein offensiv som gir betre tenester og ein enklare kvardag for innbyggjarane.
Vi skal byggje verdas beste offentlege sektor basert på den nordiske modellen. Dei viktigaste velferdstenestene vert utførte i offentleg regi. Då må vi fokusere på korleis vi kan fornye oss, slik at offentleg sektor leverer i tråd med innbyggjarane sine forventningar. Ein god offentleg sektor er eit viktig bolverk mot privatisering av sentrale velferdsoppgåver. Fagrørsla og Regjeringa står saman i dette arbeidet. Det gir oss styrke.
Elektroniske tenester skal bli ein fullverdig kanal inn mot offentleg sektor. Dette vil krevje ressursar til utvikling og etablering av elektroniske tenester. Regjeringa stiller krav til at verksemdene i langt større grad må samarbeide om å etablere fleire og betre elektroniske døgnopne tenester. Dette kan nok utfordre organisatoriske, juridiske og forvaltningsmessige prosessar i offentleg sektor, men det er naudsynt.
Vi ynskjer fleire interaktive løysingar, som til dømes flyttemeldinga. Utvikling av elektroniske sjølvbeteningsløysingar står sentralt i arbeidet. Derfor har vi etablert MiSide, der vi har samla alle dei viktigaste tenestene i éin portal for innbyggjaren, med ei felles innloggingsløysing. Vi ynskjer òg å få etablert ei fellesløysing for elektronisk identifikasjon som kan brukast mot alle offentlege e-tenester. Vi har nettopp sendt ut på høyring eit forslag til strategi frå ei arbeidsgruppe om elektronisk ID og e-signatur. Vi samlar oss til det beste for innbyggjarane. Det er dei offentleg sektor er til for.
Regjeringa har visjonar om ein offentleg sektor som tar innbyggjarane sine behov på alvor. Vi kan berre lukkast viss innbyggjarane våre har tilgang til teknologien og kompetanse til å ta den i bruk. Noreg ligg i verdstoppen med omsyn til utbreiing av IKT i samfunnet, men den norske digitale kvardagen er framleis ikkje ein kvardag for alle. Å inkludere dei som av ulike grunnar står utanfor informasjonssamfunnet har sjølvsagde gevinstar for den einskilde, men det er òg samfunnsøkonomisk lønnsamt å sørgje for at flest mogeleg deltek aktivt i informasjonsamfunnet.
Dei landa som fører ein politikk som tek i bruk moglegheitene og haustar gevinstane ved IKT og som samstundes evnar å inkludere alle, vil sannsynlegvis ha eit betre utgangspunkt for å oppnå betre velferd enn dei landa som ikkje tek tak i trongen for endring. Derfor går regjeringa føre, men vi kan ikkje gjere jobben aleine.
IKT-debatten må ikkje bli ein debatt berre for ekspertar og spesielt interesserte. Dette er ein sentral samfunnsdebatt som blir viktigare og viktigare. Fleire og fleire nyttar teknologien. I fjor leverte over to millionar nordmenn sjølvmeldinga si elektronisk. Dette er ei sak som bør interessere alle. Utdanningspolitikarane bør vere opptekne av digital kompetanse, mens næringspolitikarane bør vere opptekne av korleis vi kan byggje framtidas næringsliv. Alle bør vere opptekne av korleis vi kan skape ein grøn kunnskapsøkonomi kor kompetanse står sentralt. Dette gjeld i aller høgste grad òg for dei tilsette. Difor er eg glad for at fagrørsla òg tek dette på alvor, gjennom til dømes eForvaltningskonferansen som EL & IT og Fagforbundet var med å arrangere i midten av mars.
Sjølv om eg er ein entusiastisk IT-minister veit eg at digitalisering ikkje er svaret på alle utfordringar. I vårt arbeid med digitalisering av offentleg sektor er det ulike utfordringar vi må ta fatt i. Men vi kjem ikkje utanom at digitaliseringa er eit heilt sentralt verkemiddel for at vi skal klare å skaffe ”fleire hender” til omsorg, for unge og eldre, og som vil sikre effektiv handtering av oppgåver i velferdsstaten.
Difor er digitalisering og ein aktiv IKT-politikk eit viktig middel til å nå vår visjon om å skape verdas beste offentlege sektor.