Historisk arkiv

Inga knebling av Tilsynet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

I Dagens Næringslivs 24. mai 2007 vert eg skulda for å ha ”knebla” Konkurransetilsynet i samband med Europakommisjonens behandling av fusjonen mellom Statoil og Hydro. Dette er sjølvsagt feil. Tvert om har saka vorte handsama på ein korrekt måte, der Konkurransetilsynet har vore inne i saka på vanleg måte.

Det er EU-Kommisjonen som er kompetent konkurransemyndigheit i denne saka, og ikkje norske konkurransestyresmakter.
EU-Kommisjonen avslutta saka allereie i startfasen fordi den ikkje fann negative verknader på konkurransen.

I Kommisjonens sakshandsaming kan norske styresmakter uttale seg. Konkurransetilsynet har ikkje ei sjølvstendig rolle i slike prosessar, men utfører oppgåver på vegner av Noreg, og er underlagt meg. Då fusjonen vart meldt til Kommisjonen, var spørsmålet om Noreg skulle gi merknader i den innleiande fasen. Eg  bad  tilsynet komme med si sjølvstendige vurdering  og fekk den. Men det er sjølvsagt slik at når ein skal uttale seg på vegner av Noreg til saker som er til handsaming i EU-Kommisjonen, må det verte ei politisk vurdering av ulike omsyn som  avgjer om, og i tilfelle korleis, ein skal spele inn norske synspunkt. Dette er heilt normalt og ikkje ”utan sidestykke” slik det vert framstilt i DN.

Når det gjeld offentlegheit, har både brevet frå mitt departement til Konkurransetilsynet og Konkurransetilsynet sine merknader til departementet heile tida gått fram av postjournalen til departementet.  Departementet har ikkje fått spørsmål om innsyn i dokumenta før 24. mai, og då vart det gitt innsyn. Det er derfor ikkje slik som DN hevdar, at eg ikkje ynskte at brevet vart offentleg kjent. Tvert imot!