Historisk arkiv

Kompetansekampen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Vi har ikkje grunnlag for å seie at det er store vanskar med å rekruttere i statleg sektor, skriver fornyings- og arbeidsminister Heidi Grande Røys i Dagens Næringsliv 6. mars 2007.

Vi er ved starten på lønnsoppgjeret. I DN 22. februar tek leiar av Akademikarane, Christl Kvam, opp spørsmål om rekruttering av akademisk arbeidskraft. I DN 26. februar tek Erik Orskaug og Unio opp behovet for rekruttering av fleire tilsette i dei tunge velferdstenestene. Arbeidsmarknaden viser ein sterk vekst i sysselsettinga, det er eg glad for. Arbeidsløysa er på sitt lågaste nivå på nesten 20 år, er redusert for alle aldersgrupper, alle yrkesgrupper – og i alle fylke.

Det er feil å snakke om éin marknad for arbeidskraft, der offentleg og privat sektor konkurrerar. Sektorane etterspør ulike typar av arbeidskraft, og konkurransen er i røynda avgrensa om relativt få grupper som det er mangel på. Nokre er vanskelegare å rekruttere og halde på enn andre, til dømes ingeniørar. Andre er mindre konkurranseutsette. Mangel på ingeniørar er eit problem for heile arbeidslivet, og ikkje noko som berre gjeld offentleg sektor.

Vi har i dag ikkje grunnlag for å seie at det er store vanskar med å rekruttere i statleg sektor, sjølv om det kan gjelde for einskilde mindre grupper og ein del regionale forskjellar. Samstundes er det viktig å ta høgd for at biletet kan endre seg.
Faktum er at statleg sektor er den største mottakaren av akademisk arbeidskraft. Det er langt fleire tilsette med høgre akademisk utdanning her, enn både i privat og kommunal sektor. For regjeringa er det avgjerande at statlege arbeidsgjevarar kan føre ein personalpolitikk som gjer dei i stand til å rekruttere, utvikle og halde på kompetent arbeidskraft. No og i framtida.

– Vi må rekruttere nye medarbeidarar. Det er ei utfordring, særleg for yrkesgrupper som òg er ettertrakta i andre sektorar. Dei som no står på startstreken til arbeidslivet, vil ha fagleg og personleg utvikling, varierte arbeidsoppgåver, tilstrekkeleg handlingsrom, og balanse mellom karriere og privatliv.

– Vi må få fleire av dei mange hundre tusen som står utanfor arbeidslivet – innanfor. Det er inga meining i at dei mange som ynskjer å jobbe ikkje slepp til når både offentleg og privat sektor treng fleire hender i arbeid. Eit inkluderande arbeidsliv med plass for alle, er eit høgt prioritert mål for regjeringa. Vi ynskjer at alle som vil og kan – anten dei har nedsett funksjonsevne eller er innvandrarar – skal komme i arbeid.

– Vi må ta i bruk ressursane som seniorane representerar. Nokre tenkjer kanskje som ein tidlegare medarbeidar i mitt eige departement etter å ha gått av: «Det var kollegaene òg kjensla av å vere der det skjedde, eg sakna mest». Mange arbeidstakarar i dag, og eldre, lever ikkje bare av, men også for jobben. Det er på mange måtar eit paradoks at vi ikkje klarer å halde på godt vaksne som ynskjer å gjere ein innsats.

Vi er no godt igang med å planleggje forsøk med meir fleksibel arbeidstid for nokre grupper seniorar. 20 millionar kroner er avsett til dette i år. Parallelt med desse forsøka, vil vi analysere andre tema som kan vere relevante for å auke den effektive arbeidsstyrken. Vi treng alle dei hendene vi kan få tak i, for å finansiere viktige velferdsoppgåver.