Kva gjer regjeringa med 6-timarsdagen?
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 27.04.2007
Av: Tidligere fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys
- Hovudmålsetjinga med forsøka i staten er å teste ut i praksis om redusert arbeidstid for seniorar medverkar til å utsetje pensjoneringstidspunktet, sa fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på LO konferansen om sekstimarsdagen på Leangkollen.
Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på LO-konferanse for hovudtillitsvalde og hovudverneombod i bedrifter med 6-timars prosjekt.
Gjennom mange år har 6-timarsdagen blitt motarbeidd og latterleggjord. Det har vore vanskeleg å føre ein seriøs debatt om arbeidstid. Ein del forkjemparar for ein betre arbeidsdag kan etter kvart ha blitt nokså motlause. Det var derfor gledeleg at LO-kongressen i 2005 så tydeleg sette arbeidstid på dagsordenen, både med eit langsiktig mål om 6-timarsdag/30 timars veke og med eit ønske om å etablere forsøksordningar.
Kanskje vedtaket på LO-kongressen i mai 2005 inspirerte andre god krefter? 6-timersdagen òg eit gammalt SV krav, og når plattforma for den raud/grøne regjeringa vart forhandla fram på Soria Moria nokre få månader seinare vart følgjande setning teken inn: ”Regjeringen vil bidra til forsøk med 6-timersdag/arbeidstidsreformer i samarbeid med partene i arbeidslivet.” For første gong sette ei regjering 6-timarsdagen på dagsordenen. Og det er med svært god grunn vi har teke tak i dette. Eg går ut frå at vi i denne forsamlinga kan vere einige om at det er flott at det endeleg skjer noko.
Kor lang arbeidstida skal vere, korleis den skal organiserast og fordelast over livsløpet er ein nøkkelfaktor i korleis samfunnet fungerer. Tidsorganiseringa er styrande for kor godt og effektivt vi løyser produksjonsoppgåvene i arbeidslivet. Men den har også store konsekvensar for korleis vi handterer oppgåver i andre samanhengar, slik som i familien, i nabolaget, i organisasjonslivet og i fritida.
Det er sjølvsagt interessemotsetningar knytte til arbeidstida. Eg fekk utarbeidd ein studie: ”Kortare arbeidstid – Eit oversyn over diskusjonen om Arbeidstidsforkortingar i Noreg 1880-2006.” Den syner at arbeidsgivarane og høgresida alltid har vore imot redusert arbeidstid. Hadde dei hatt all makt dei siste 125 år, så hadde vi vel enno arbeidd 60 timar i veka utan ferie! Så trur eg dessutan det ikkje er tilfeldig at ingen har fremja forslag om å skru klokka tilbake når arbeidstakarane først har fått gjennomslag, anten det er for kortare arbeidstid, lågare pensjonsalder eller lengre ferie.
Debatten om arbeidstidsreformer viser at mange er interesserte i temaet. Det er bra. For min del er eg litt overraska over dei sterke reaksjonane, spesielt i forhold til å forsvare det beståande. Dette illustrerer kor knytte vi er til den arbeidstidsordninga vi har kjent gjennom lag tid. Den framstår som den einaste moglege, og alle andre variantar vert oppfatta som problematiske; ja nærmast umogleg å gjennomføre.
Diverre har vi ikkje så stort kunnskapsgrunnlag for debatt og avgjerder om arbeidstidsreformer. Det finst ein 20 år gammal analyse av arbeidstid i NOU 1987: 9 A ”Arbeidstidsreformer”. I tillegg finst nokre studiar av enkelte forsøk med arbeidstidsreduksjonar. Ei oversikt over forskinga i Europa som er utarbeidd for departementet, stadfester at kunnskapsgrunnlaget for debatt og vedtak om arbeidstid dessverre er lite. I dei få forsøka som er gjennomførte, har det vore vanskeleg å dokumentere og trekkje konklusjonar av verknadene. Det er krevjande å lage gode forsøk, få har delteke i forsøka, og datamaterialet har vore ufullstendig.
Ein viktig ambisjonen med prosjektet vårt om arbeidstid er å betre kunnskapsgrunnlaget vesentleg. Vi ynskjer oss ein heilt annan debatt om arbeidstid. Mytar og forelda innsikt må bytast ut med fakta og solid kunnskap om t.d. samanhengane mellom arbeidstid og sjukefråvær, pensjoneringsåtferd, produktivitet mm.
Kunnskapen skal gi grunnlag for å kunne ta avgjerder om bruk av arbeidstid som verkemiddel for å få fleire i arbeid, og for å eventuelt å kunne leggje strategiar for langsiktige arbeidstidsreformer.
Ideelt sett kunne vi ønskje oss kunnskap om ei rekkje forhold, blant anna:
Korleis verkar ein reduksjon av den daglege eller vekentlege arbeidstida, eller andre arbeidstidsreformer? Korleis verkar arbeidstidsendringar for særskilte grupper (barnefamiliar, eldre, personar med høgt sjukefråvær osv)? Kva har arbeidstida å seie for sjukefråvær, produktivitet, kor nøgde kundane er, pensjoneringsalder, deltidstilsetjing, likestilling, trivsel for arbeidstakarane, fordelar og ulemper for arbeidsgivar osv? Er dagens tidsorganisering i arbeidslivet i takt med behova hos store befolkningsgrupper, behov som har endra seg over tid og som annleis i dag enn for 25, 50 eller 100 år sidan?
Det er ikkje mogleg å få svar på alle desse spørsmåla i avgrensa forsøk. For å få fram sikker kunnskap må vi derfor kombinere konkrete forsøk med analysar og forsking, og leggje til erfaringar frå andre land.
Forsøk med ulike arbeidstidsordningar har stor verdi. Det gir konkrete erfaringar på kvar enkelt arbeidsplass, og viser oss at alternative ordningar – med fordelar og ulemper - er mogleg. For dei forsøka regjeringa set i gang ønskjer vi, i tillegg, å kunne dokumentere viktige samanhengar.
For å ha et godt grunnlag for vidare arbeid bad vi om innspel frå fem forskingsmiljø. Eg skal ikkje gå i detalj om alle råda vi fekk, men forskarane var samstemde i at det er fagleg krevjande å få frem viktig samanhengar ved forsøk. Blant anna påpeikte forskarane at målsetjingane med forsøka må kunne etterprøvast og vere politikk-relevante. Ambisjonane må vere realistiske i forhold til kva forsøka kan få fram av kunnskap, og forsøka må omfatte mange arbeidstakarar og gå over ei viss tid.
Vi vurderte fleire alternative forsøk, blant anna knytte til sjukefråvær, småbarnsforeldre, turnus- og skiftordningar eller seniorforsøk.
Regjeringa bestemte seg for å satse på eitt stort forsøk framfor fleire mindre og skjøre forsøk. I statsbudsjettet for 2007 vart det vedteke å løyve 20 millionar kroner til forsøk med redusert arbeidstid for seniorar i staten. I spørjeundersøkingar svarer mange eldre arbeidstakarar at dei vil vente med å pensjonere seg dersom dei får redusert arbeidstid. Målet med forsøket er å teste ut i praksis om redusert arbeidstid medvirkar til å utsetje pensjoneringstidspunktet.
Vi valde å satse på seniorforsøk fordi dette er ei viktig gruppe når det gjeld arbeid. I staten finst allereie ordningar med noko redusert arbeidstid for seniorar. Forsøket er direkte relevant for eventuelt å utvikle ordninga. Eit viktig moment er òg at forsøket kan gjennomførast slik at det gir fagleg haldbare resultat. Eg vil dessutan leggje til at forsøket også er relevant i forhold til dei store utfordringane regjeringa og arbeidslivet elles står overfor i dag, nemleg å skaffe nok hender til å løyse dei oppgåvene vi må løyse, anten det er i omsorg eller byggjesektoren.
Vi har utvikla forsøket i nært og godt samarbeid med hovudsamanslutningane LO Stat, YS Stat, Akademikerne og Unio. Vi gjennomfører forsøka i Skatteetaten, Statens vegvesen og fylkesmannsembeta. Dette er store etatar med eit ytre apparat. I tillegg gjennomfører vi eit særskilt forsøk med redusert arbeidstid for prestar i Nidaros og i Borg bispedømme.
Forsøket i dei tre store etatane vert lagt opp slik at tilsette som er 62 år eller eldre i 2007 får tilbod om 20 % redusert arbeidstid. Dette er eit tilbod, og det vil vere frivillig om den enkelte tilsette ønskjer å delta i forsøket. Vi ønskjer at det er færrast mogleg føringar for korleis reduksjonen i arbeidstid skal kunne takast ut (dagleg, kvar veke, årleg, fleksibelt el). Vi ser gjerne at det er høve for den enkelte til å tilpasse seg slik det passar vedkommande best, sjølvsagt innanfor dei behov verksemda har og det som er praktisk mogleg for arbeidsgivar. Analyser av korleis seniorane faktisk tilpassar seg vil i seg sjølv gi nyttig informasjon.
Forsøket skal gjennomførast gjennom ein to-års periode, med start 01.08.2007 og avslutning 01.08.2009.
Alle tilsette som deltek i forsøket får full lønnsmessig kompensasjon, dvs dei får same lønn sjølv om arbeidstida vert redusert med 20%. Etatane vert kompenserte for tapte arbeidstimar (dvs lønn pluss arbeidsgivaravgift) slik at arbeidsoppgåvene kan løysast som planlagd utan auka bruk av overtid eller auka belastning på andre tilsette.
Forsøket skal gjennomførast som eit tilnærma eksperiment, dvs at enkelte avdelingar/kontor innanfor det ytre apparatet til dei aktuelle statlege etatane vert valde ut til å delta i forsøket, medan dei resterande avdelingane/kontora skal fungere som kontrollgrupper. Totalt vil truleg om lag 350 personar delta i forsøket ved oppstart. Fleire av desse vil falle frå etter kvart (pensjonering osb). Kanskje vil drygt 200 personar delta gjennom heile forsøket. Dette er tilfredstillande i forhold til å gjennomføre eit fagleg solid forsøk.
Forsøka må dokumenterast og evaluerast for at dei skal gi nyttig ny kunnskap. Eit forskingsmiljø vert gitt i oppdrag å følgje aktiviteten med analysar og dokumentasjon både ved oppstart, under og etter forsøka. Blant anna skal det gjennomførast spørjeundersøkingar blant dei tilsette både før og i løpet av forsøksperioden. Truleg er to år for kort tid til å sjå den fulle effekten av forsøket. Det vil derfor bli gjort ei litt enklare evaluering av typen: Epilog tre år etter avslutninga av forsøket.
Parallelt med forsøket legg vi opp til å få gjennomført fleire forskings- og analyseprosjekt. Seniorforsøket vil gi solid innsikt i pensjoneringsåtferda i staten, men vi har mange andre emne der vi har behov for systematisert kunnskap.
Somme reagerer kraftig på stikkord som ”6-timarsdagen”, og ser for seg ein katastrofe for norsk nærings- og arbeidsliv. Høgre og NHO ropar ut store milliardbeløp. Men eg minner om at ingen har foreslått å setje i verk omfattande arbeidstidsreformer over natta i norsk arbeidsliv. Og, eg har til gode å å sjå forslag om det motsette; auke arbeidstida eller korte inn ferien til folk. Det er nok ikkje tilfeldig….
Kva det vil koste om vi reduserer den alminnelege arbeidstida på noko sikt, er eit sentralt spørsmål. Vi bør ikkje føre debatten på basis av tilfeldige tal, som er rekna ut av høgresida på ein serviett under ein betre middag.
For å få ei profesjonell vurdering av dette har eg bede Statisk sentralbyrå om å lage ein analyse av makroøkonomiske konsekvensar av redusert arbeidstid. Dette burde vere av ganske stor interesse, jf òg LO-kongressens langsiktige mål om 6-timarsdag/30-timarsveke. Vi får ein studie av samanhengen mellom redusert arbeidstid og viktige økonomiske storleikar som brutto nasjonalprodukt, privat konsum, disponibel realinntekt, sysselsetjing osv. Sjølvsagt vil det vere klare avgrensingar ved slike langsiktige analysar, men dei gir i alle fall ein indikasjon på omfanget av verknadene.
Vi har òg tinga eit omfattande talmateriale frå Statistisk sentralbyrå knytta til arbeidstid og arbeidstidsmønster, i alt 9 store og små utgreiingar. Til dømes får vi ei utgreiing om arbeidstid blant foreldre med barn mellom 2-17 år, ei utgreiing av korleis arbeidstida er fordelt på skift- turnusarbeid, kvelds/nattarbeid og laurdags/søndagsarbeid, og i tillegg ei oversikt over norsk arbeidstid sett i eit internasjonalt perspektiv.
Vi vil òg vurdere andre analysar eller studiar som kan medvirke til ein meir konstruktiv debatt. Eit felt som kunne vere særleg interessant er turnus, gjerne i helse- og omsorgssektoren. Mange jobbar turnus, både i privat og offentleg sektor. Arbeidsforskingsinstituttet har laga eit notat for departementet med spennande synspunkt på korleis forsøk med turnus kan organiserast. Arbeidsforskingsinstituttet åtvarar mot bastante meiningar om turnusordningane og peiker på at fleire kommunar har fått nyttige erfaringar ved å jobbe systematisk for å betre turnusordningane. Eg har òg fått gode innspel frå LO Stat og Unio, som ynskjer at det blir sett i verk forsøk med redusert arbeidstid for dei som jobbar turnus i helsesektoren. Kanskje kunne KS eller Navo, saman med arbeidstakarsida, utvikle eitt eller fleire forsøk? Regjeringa kan òg medvirke, til dømes ved å dekkje utgifter til planlegging, evaluering o.l.
Somme har enkle og sterke oppfatningar om tidsorganisering, ofte at alt må vere som før. Men desse oppfatningane vil dei neppe kunne hevde lenge. Vi ser no spennande døme på at verksemder, både i privat og offentleg sektor, prøver ut nye former for organisering av arbeidstida. Dei vinn erfaringar og justerer opplegget. Spesielt interessant er det når private bedrifter prøver nye arbeidstidsordningar. Føremålet frå bedriftene si side kan vere å få god utnytting av kostbare produksjonsanlegg, betre service til kundane, eller å få dyktige fagfolk til å stå i jobb lenger før pensjonering. Det blir ikkje lett å hevde at nyskaping med arbeidstidsordningar er umogleg eller svært vanskeleg, når bedrifter set i gang med nettopp slike forsøk. Her har eg lyst til å trekkje fram TINE Midt Noreg som eit godt døme. På meieriet på Heimdal skal alle tilsette ha sekstimars dag det neste året. Meierisjef Jan Eiler Wessel grunngir dette slik overfor Klassekampen:
”Målsettingen med prosjektet er å øke livskvaliteten til de ansatte, og med det mener vi økt trivsel både på jobben og hjemme. Og med bedre livskvalitet håper vi å redusere sykefraværet, sier meierisjefen. I TINE skal alle beholde lønna, produksjonen effektiviseres, maskinene drives mer sammenhengende, det skal jobbes smartere og de ansatte skal få kortere pauser.” Eg synes TINE er offensive og eg vil følgje deira forsøk med stor interesse og håpar fleire bedrifter vil følgje etter.
Til slutt: Åttetimarsdagen vart faktisk innført i 1919! Sidan har det skjedd store endringar i samla arbeidstid. Det er innført laurdagsfri, lengre ferie, lågare pensjonsalder, omsorgspermisjonar o.a. Kravet om sekstimarsdag kom for fleire tiår sidan. Men enno er den vanlege arbeidsdagen om lag åtte timar lang. Vi bør nytte 90-årsjubileet for åttetimarsdagen til å tenkje nytt om arbeidstida. Somme vil kanskje gå inn for redusert arbeidstid for alle. Somme vil kanskje prioritere bestemte grupper, mens andre vil hevde at det beste er om arbeidstida vert tilpassa behova til kvar enkelt. Andre igjen, vil hyle om at ingenting er mogleg, slik dei alltid har gjort!
Ein ting er sikkert: Den raud/grøne regjeringa vil sørgje for vesentleg betre kunnskap om arbeidstida. Saman med forsøka organiserte innan LO-systemet kan dette gi oss overraskande resultat som utfordrar etablerte sanningar og avdekkjer mytar. Eg vonar derfor at vi alle kan gå inn i debatten, analysane og forsøka med eit ope sinn. Ingen bør vere engsteleg for at vi får meir fakta og meir kunnskap på bordet. Dei som fryktar ny kunnskap, vil sjeldan bringe verda framover. Så får framtida vise kva vi endar opp med.