Historisk arkiv

Likelønn meir enn lokale tillegg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Å få til endringar i samfunnsstrukturen vil vere det viktigaste vi kan gjere for å kome nærare målet om likelønn, saman med eit fokus på likelønn i tariffoppgjera, skriv statsråd Heidi Grande Røys i Likelønnsstafetten.

Å få til endringar i samfunnsstrukturen vil vere det viktigaste vi kan gjere for å kome nærare målet om likelønn, saman med eit fokus på likelønn i tariffoppgjera, skriv statsråd Heidi Grande Røys i Likelønnsstafetten.

Som politisk ansvarleg for det statlege arbeidsgjevarområdet tek eg i mot stafettpinnen i artikkelserien om likelønn med glede.

Eg fikk stafettpinnen av Christl Kvam i Akademikarane, som seier at staten som arbeidsgjevar er den verste fienden av likelønn fordi ein stor del av lønnstillegga i staten vert gjevne sentralt. For å underbygge dette trekkjer ho fram døme der kvinner har kome godt ut av lokale forhandlingar. Til dette kunne eg trekt fram dømet om at kvinner tener om lag 90% av menn si lønn i staten, medan kvinnelege funksjonærar i industrien tener om lag 78% av det menn tener. Trass i at dei har om lag all si lønn fastlagt lokalt slik Akademikarane meiner er den einaste rette vegen. Å diskutere eit komplekst tema med enkle døme er ikkje ei debattform som fører oss nærare likelønnsmålet.

Jorun Solheim frå ISF peikar på at dagens likelønnsproblem i hovudsak handlar om verdsetjing av kvinne- og mannsdominerte yrke og om ulike forventningar til kvinner og menn som arbeidstakarar. Dette er eit fruktbart perspektiv.  Solheim peikar òg på at høg kvinnedel i eit yrke òg kan fungere som legitimering av relativt låg lønn. LO-leiar Roar Flåthen er inne på det same når han trekkjer fram den kjønnsdelte arbeidsmarknaden og manglande likestilling på heimefronten.

Eg vil ikkje utelukke at det kan verte teke initiativ til å vurdere særskilte lyft av kvinnedominerte yrke. Denne vegen har vi prøvd i dei sentrale forhandlingane i det statlege tariffområdet, ved å plukke ut grupper med fleirtal av kvinner og gje særskilte tillegg til desse gruppene. Monalege lyft på denne måten kan likevel ikkje gjerast utan at rammene for lønnsoppgjera vert sprengde. Derfor må slike lyft sjåast i samanhang med ei omfordeling frå menn til kvinner innanfor same ramme. Her må òg organisasjonane på arbeidstakarsida spele med.
Norsk lov seier at: "kvinner og menn i samme virksomhet skal ha lik lønn for samme arbeid eller arbeid av lik verdi". Det er ikkje omfattande brot på norsk lov som er årsak til at kvinner tener mindre enn menn. Det er sjølve samfunnsstrukturen vi må gjere noko med. Vi må sjå på kvifor kvinner og menn vel ulike yrke og kvifor kvinner og menn vel å tilby si arbeidskraft ulikt. Er det slik at vi kvinner skyv bort karriere med ein større innsats enn mannen på heimefronten?

Å få til endringar i samfunnsstrukturen vil vere det viktigaste vi kan gjere for å kome nærare målet om likelønn, saman med eit fokus på likelønn i tariffoppgjera. Når menn og kvinner står likt i omsorgsansvaret i heimen, vil dei  kunne tilby si arbeidskraft på like vilkår utanfor heimen. Arbeidsgjevarar vil då vite at om dei tilset ein mann eller ei kvinne i ei leiarstilling, så er dei like fleksible.  Som forelder må du kunne vere heime over lengre tid med små born, eller ikkje kunne arbeide overtid ein kveld  på grunn av foreldremøte. Kanskje er ein grunn til at kvinner lett vel offentlig sektor som arbeidsplass at aksepten for denne typen fråvær er større der enn i privat sektor?  Truleg vil aksepten for den typen fråvær verte større i privat sektor når menn og kvinner stiller meir likt i omsorgsansvar heime. Då vil kvinner i større grad òg kunne velje privat sektor som arbeidsplass og slik bryte med ein del av den kjønnsdelte arbeidsmarknaden vi har i dag.

Eg vil gjerne sende stafettpinnen vidare til NHO-direktør Finn Bergesen jr.