Historisk arkiv

Må nok skuffe Legernes

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Dagens Næringsliv 9. januar 2007.

Må nok skuffe Legernes

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Dagens Næringsliv 9. januar 2007.

I innlegget sitt ”Legg ned Kofa” i DN 2. januar ber Siri Legernes meg om å leggje ned Kofa - Klagenemnda for offentlege anskaffelser. Eg må nok skuffe deg, Siri Legernes, å leggje ned Kofa er ikkje aktuelt! Som advokat Arnhild Dordi Gjønnes skriver i replikken sin i DN 5. januar, Kofa er og har vore ein suksess.

Når Legernes hevdar at sakshandsamingstida er så lang at brukarane hadde vore betre tent med at ordninga blir lagd ned, så teiknar ho eit bilete som verken brukarane eller eg kjenner igjen. Tvert i mot så er hovudkonklusjonen i evalueringsrapporten, der erfaringane til brukarane er samla, at Kofa har vore ei funksjonell handhevingsordning og eit godt supplement til domstolane.

Når Legernes vidare hevdar at svaret mitt på den lange sakshandsamingstida er å heve klagegebyret og skuve kostnadene over på næringslivet, så er det òg feil. Om ho hadde følgt betre med, så hadde Legernes visst at kapasitetsproblemet var noko av det fyrste eg tok fatt i som statsråd. Ved inngangen til 2006 hadde eit stort og aukande tal klagesaker, flytting til Bergen og full utskifting av sekretariatet i denne samanhengen, ført til at Kofa hadde ein uheldig restansesituasjon. Eg greip derfor raskt inn og auka budsjettet til Kofa frå 3,5 til 5,0 mill. kroner i 2006. Dette nivået er òg ført vidare i år.

Evalueringsrapporten stadfestar som sagt at ordninga har vore vellykka. Eg vil likevel gå nøye gjennom rapporten for å sjå om det er rom for å gjere ordninga enda betre.