Historisk arkiv

Noregs omdømme i Norden – Norden i Verda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innleiing av nordisk samarbeidsminister for Noreg, statsråd Heidi Grande Røys på seminaret Noreg i Norden, og Norden i verda? Seminaret er i høve den norske offentleggjeringa av Nordisk Statistisk Årbok, samt Nordisk Råds årlege sesjonsmøte.

Med atterhald om endringar under framføring.

 

Det er ei glede for meg å få delta på før-premieren for sesjonen i Nordisk Råd. Eg er bedt om å snakke om kven Noreg er – om Noregs omdømme, korleis Noreg tek seg ut i nordisk samanheng, og deretter vil eg fortelje litt om korleis vi innanfor det nordiske samarbeidet ser på profilering av Norden i ei globalisert verd.

Lat meg først ta utgangspunkt i Noreg og korleis vi oppfattar oss sjølve. Debatten dei siste åra viser at diskusjonane om sjølvbiletet vårt lett vert prega av to ytterpunkt.

Det eine gjer oss mindre enn vi er. Vi er små, vi er rike og sjølvopptekne, til og med ”ekle” seier Kristin Clemet at vi er. Vi trur vi er noko, men har ingen autoritet og innverknad.

Det andre er prega av overmot. Vi gjenkjenner stikkord som i ein del samanhengar kan verte litt store: fredsnasjon, brubyggjar og spydspiss, generøsitet, ”det er typisk norsk å være god”, - og så Bjørndalen og alle dei der, sjølvsagt . Dessutan veit vi jo at Noreg er det beste landet å bu i. Det fortel rapporten frå UNDP kvar gong. 

Men kva meiner andre, korleis er eigentleg omdømmet vårt? Samsvarer det med korleis vi ønskjer å verte oppfatta? Utanriksdepartementet har i dei seinare åra jobba ein del nettopp med omdømme-spørsmålet, og undersøkingar viser at di lenger vekk ein kjem frå Noreg, di meir uklart vert biletet av Noreg. Mangel på omdømme har kanskje vore det mest karakteristiske. Dei som har eit bilete, forbind likevel som oftast landet med noko positivt, men diffust. Blant dei som kjenner landet betre er karakteristikkane: rettferd, ein demokratisk nasjon – og ikkje minst flott natur.

Og våre næraste, korleis ser dei på oss? Våre nordiske naboar kjenner oss sjølvsagt best. I ei gruppeundersøking, som vart gjennomført for nokre år sidan, seier dansken at Marve Fleksnes er eit godt eksempel på ein typisk nordmann. Svensken ser oss med sekk, og på tur -  ”dessutom så har dom olja”. Er det slik vi ønskjer at de skal sjå oss?

Heldigvis finst det fleire undersøkingar. Den siste eg kjenner til, Anholt Nation Brands Index frå første kvartal i år, viser at Noreg samla sett har eit godt omdømme. Omdømmeindeksen er webbasert og hentar inn svar frå 25 000 respondentar i 35 land. Noreg skårar høgt på godt styresett, og også som eit miljøorientert land. Aller best skårar vi på fred. (Dette passar då ganske godt med vårt eige sjølvbilete?!) Derimot er vi ikkje så gode på innovasjon om vi skal tru denne målinga.  Den viser, likevel som venta, at Sverige og Danmark er dei mest positive overfor Noreg. Og saman med Sverige og Danmark fekk Noreg høgaste score på styresett som også omfattar menneskerettar.

Ei av hovudtilrådingane i sluttrapporten frå Omdømmeutvalet frå mars 2006 var å opprette eit nasjonalt omdømmeforum for betre samordning av strategiar for omdømmearbeidet.  Forumet er leidd av utanriksministeren og består av deltakarar frå det offentlege, kultur- og næringslivet. Forumet skal medvirke til å identifisere geografiske og tematiske satsingsområde og skal vere med  å forankre omdømmearbeidet i det norske samfunnet. 

Det er naturlegvis, og heldigvis, forskjellar mellom dei nordiske landa. Ser vi på kartet så er det iaugefallande. Eller sjå på denne overheaden. Noreg vert ofte trekt fram for sin fabelaktige natur og sine enorme ressursar, men også for at vi er så eigenrådige, jfr. EU-medlemskap. Lat meg nemne eit område der Noreg har utvikla ein tydeleg politikk dei siste åra, nemleg regjeringas aktive satsing på nordområda med dei energi- og miljøutfordringar som ligg der. Dette har openbert styrkt interessa for Noreg og skjerpa den norske profilen både i EU og Russland, men særleg i dei nordiske nabolanda.

Men det er likevel det som er likt mellom dei nordiske landa som er dominerande, - særleg sett utanfrå. Trass i ulik tilnærming til ei rekkje spørsmål, små og store, og trass i regjeringar med ulik farge, er det uomtvisteleg at dei byggjer på dei same verdiar, felles kulturarv og tradisjonar. Den nordiske samfunnsmodellen er tufta på felles kjerneverdiar. Velferdsmodellen er kjenneteikna ved si berekraft og auka verdiskaping, låg inflasjon og moderat arbeidsløyse, ikkje minst låg friksjon i arbeidslivet og gode velferdsordningar.

Undersøkinga som eg nettopp nemnde, viser at i ei stadig meir globalisert verd er det aukande konkurranse om merksemda. Alle nordiske land står overfor den same utfordringa: di lenger ut i verda vi kjem di dårlegare kjende er vi. Nokre merkevarer som mobilen, legoklossane og Solskjær er naturlegvis unntak. Dei nordiske landa har behov for å posisjonere seg sterkare internasjonalt og framstå med ein meir gjenkjenneleg profil tufta på dei verdiane vi står for. I ei meir integrert verd der grensene stadig får mindre å seie, må dei nordiske landa  ta vare på sine tradisjonelle verdiar og sine interesser samtidig som dei finn sin plass i ei verd som vår foreldregenerasjon neppe ville kjenne seg att i.

Sidan fjorårets sesjon i Nordisk Råd har samarbeidet mellom dei nordiske landa i stor grad handla om korleis Norden skal møte utfordringane vi står overfor i ei globalisert verd. Vårt langvarige og tradisjonsrike samarbeid i Nordisk Ministerråd og mellom parlamentarikarane i Nordisk Råd legg eit godt grunnlag for å fremje felles initiativ i møte med dei store utfordringane og også til å synleggjere vår solidaritet med andre. Med ein likearta og avansert ståstad når det gjeld kunnskap, kompetanse, kreativitet og kulturarv, har dei nordiske landa saman store moglegheiter til å medvirke med gode løysingar.

På sitt sommarmøte i juni i år samla statsministrane seg om eit ambisiøst initiativ for å styrkje og fornye det nordiske samarbeidet.  Tradisjonelle velferdsfaktorar som kultur, utdanning og like eins sosial- og helsesektorane skal framleis vere grunnpilarar. Dette er det viktig å halde fast ved. Men i aukande grad vert samarbeidet dreidd mot prioriterte tema som klima, energi og miljø, og kunnskap og forsking. Som eksempel på aktuelle konkrete samarbeidsområde kan eg nemne dei globale klimaforhandlingane, nye energiløysingar, koordinering og programmering av nasjonale forskingsinnsatsar og ei styrking av nordiske innovasjonsmiljø.

Det er mi oppgåve som samarbeidsminister, med mine nordiske kollegaer, å konkretisere og vidareføre desse intensjonane i Nordisk Ministerråd.

Og eg er overtydd om at:
saman kan vi møte utfordringane og styrkje velferdsmodellen;
saman vil våre felles verdiar gi større slagkraft i ei globalisert verd; og                   
saman kan vi ikkje berre løfte oss sjølve, men òg stå solidarisk med andre.

Gjennom eit tett nordisk samarbeid vil vi medvirke til ei konstruktiv utvikling av den nordiske velferdsmodellen med alle sine positive kjenneteikn. Og ei viktig prioritering, som også statsministrane var opptekne av på sitt møte, vert å skjerpe profileringa av Norden ute, det vil seie å styrkje nordisk omdømme.

Omdømme er ikkje noko ein bestemmer seg for, ikkje eingong statsministrar kan det, det er noko som vert til gjennom tillit over lang tid.

Eg gler meg til å jobbe med dette i tida framover.