Historisk arkiv

Offentleg sektor er ikkje farleg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Christian Tybring-Gjedde tar i eit innlegg i DN 3. oktober til orde for at offentleg sektor må rasjonaliserast og avbyråkratiserast. I kjent Frp-stil vert det tatt det til orde for avbyråkratisering. Det paradoksale er at partiet sin politikk vil føre til det motsette, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys i en replikk.

Christian Tybring-Gjedde tar i eit innlegg i DN 3. oktober til orde for at offentleg sektor må rasjonaliserast og avbyråkratiserast. Dagen etter la regjeringa fram vår plan for fornying av offentleg sektor. Vi har ein offensiv strategi for korleis offentleg sektor skal bli betre. Vi skal fornye for å gi innbyggjarane auka velferd og betre tenester med høg kvalitet.

I kjent Frp-stil vert det tatt det til orde for avbyråkratisering. Det paradoksale er at partiet sin politikk vil føre til det motsette. Å administrere stykkprisfinansiering og konkurranseutsetjing krev byråkrati vi ikkje har i dag. Vi ser det i Oslo, der Frp i byråd har bygd opp byråkratiske bestillarkontor i alle bydelane.

Tybring-Gjedde og eg er samde om at det må skje endringar i offentleg sektor. For meg er det viktig å få til endringar slik at vi møter innbyggjarane sine krav og forventningar på ein best mogleg måte. Samtidig gjer IKT-revolusjonen det naudsynt at det offentlege går føre og viser veg gjennom å utvikle nye sjølvbeteningsløysningar og ein brukarvennleg og døgnopen og elektronisk forvaltning. Klimautfordringane krev òg slik nytenking i forvaltninga.

Det er eit hav av forskjell mellom vårt og Frp sitt syn på offentleg sektor. For oss er det viktig at det offentlege arbeider smart og effektivt slik at ressursane vert brukt der dei trengs mest, i skulen, barnehagane og i omsorgssektoren. Difor treng vi ein sterk offentlig sektor, ikkje ei nedbygging for å finansiere skattelette til dei som har mest frå før.