Historisk arkiv

Offentleg sektor skal gå føre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

- Offentleg sektor skal vise veg og gå føre. Den må opptre på rett måte og vere eit førebilete skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i LO Aktuelt.

Offentleg sektor skal vise veg og gå føre. Den må opptre på rett måte og vere eit førebilete skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i LO Aktuelt nr. 17, 2007.

Regjeringa har store ambisjonar for offentleg sektor. Vi treng ein sterk og effektiv offentleg sektor for å styrkje, fornye og utvikle velferdssamfunnet vidare. Folk må kunne stole på dei offentlege løysingane.

Målet regjeringa har for å fornye offentleg sektor, er å skape meir og betre velferd. Står vi fast på gamle løysingar som ikkje verkar, blir velferda svekt. Tilliten til fellesskapsløysingane blir redusert. Dersom oppgåver blir dårleg utførte, eller ikkje samsvarer med behova, skal vi ta kraftfulle grep for å sikre at oppgåvene blir løyste på ein god måte. Også oppgåver som blir utførte godt, skal utviklast vidare og bli betre. På den måten kan vi auke velferda og skape ein betre offentleg sektor.

Fornyingsstrategien vart lagt fram 4. oktober og gir hovudretninga i regjeringa sitt arbeid med fornying i offentleg sektor. Den omtalar verdigrunnlaget og sentrale prinsipp for arbeidet. Den syner at regjeringa satsar på fellesskapsløysingane. Strategien skal sikre at ideal som likskap og rettferd blir følgde opp i praktisk politikk. Medan den førre regjeringa var oppteken av ressursutfordring og brukarval, løftar vi fram miljøutfordringa og brukarmedverknad. Vi flyttar oss frå fristilling, delegering og desentralisering til styring, samarbeid og samordning. Privat sektor er ikkje lenger eit ideal. Offentleg sektor skal gå føre og vise veg.

Offentleg sektor skal ha ein mangfaldig arbeidsstyrke og offentleg sektor skal gå føre for å sikre dette. Yrkesdeltakinga i Noreg er rekordhøg – og om lag 10 prosent høgare enn i EU og OECD-området. Likevel er det mange som har problem med å komme seg inn på arbeidsmarknaden. Mangfaldsperspektivet handlar både om å sjå arbeidskraftpotensial og om at mangfald er ein verdi i seg sjølv. Med dette utgangspunktet ønskjer regjeringa at offentleg sektor skal gå føre i arbeidet med å tilsetje arbeidstakarar som slit med å komme inn i arbeidslivet, som til dømes innvandrarar, seniorar og funksjonshemma.

Regjeringa vil etablere eit toårig forsøk med moderat kvotering for personar med innvandrarbakgrunn i statleg forvaltning, med tilhøyrande leiaropplæring og tilpassa informasjonsmateriell. Forsøk med redusert arbeidstid for utvalde tilsette over 62 år i staten er sett i gang.

Statleg tilsette, arbeidstakarorganisasjonane og tillitsvalde har ei viktig oppgåve når det gjeld å vere med på å utvikle offentleg sektor. Fornying må vere ein kontinuerleg prosess i praktisk talt alle sektorar. Vi må aldri stoppe opp. Samfunnet endrar seg og vi må leite etter betre måtar å løyse oppgåvene på.