Opning av Postens nye omadresseringsteneste på nett
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 01.10.2007
Av: Tidligere fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys
- Nye løysingar for identifisering må vere enkle, effektive og sikre, sa fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys då ho opna Postens nye omadresseringsteneste på nett.
Takk for invitasjonen til å vere med på å markere Postens nye innloggingsløysing for adresseendring på Internett.
Det har dei siste åra vore ein sterk auke i bruken av ulike innloggingsløysingar der ein vert beden om å stadfeste sin eigen identitet. Det har i denne samanhengen òg vore viktig å sikre seg mot at det vert utferda to identitetar (”dobbel ID”) til ein og same person eller at fleire personar kan nytte same identitet. Utviklinga av elektronisk handel og andre former for elektronisk kommunikasjon har òg opna for nye former for identitetstjuveri og bedrageri på nettet. Posten har jo sjølv erfart slike problem!
Dette har ført med seg at vi stadig oftare må kunne legitimere oss i forskjellige samanhengar, både visuelt og på nettet. Denne utviklinga har tvunge fram trong for nye løysingar for identifisering som tek vare på omsynet til personvernet og tryggleik for kvar einskild og samtidig gir oss ein tilstrekkeleg grad av effektivitet, tryggleik og tillit, og som er enkle for brukarane. Tre sentrale stikkord i denne samanhengen er: enkelt, effektivt og sikkert!
Dei fleste aktive brukarar av Internett – altså det store fleirtalet av befolkninga – er i dag eigarar av eit stadig aukande tal brukarnamn, passord, PIN-kodar, passordkalkulatorar, kodekort og andre hjelpemiddel for å kunne identifisere seg overfor ei netteneste. Dei fleste er klare over at dei må ta vare på, vere varsame med, og ikkje skrive ned, alle desse kodane. Dette er blitt ein meir og meir umogleg situasjon. Det offentlege er i så måte ikkje noko unnatak – fleire etatar utferdar passord og kodar som befolkninga må bruke for å få tilgang til informasjon, tinge kort og brosjyrar, levere sjølvmelding m.v.
Slik kan vi ikkje halde fram. Det er eit openbert behov for å rydde opp i kaoset. Eit første skritt vil vere ei meir einskapleg moglegheit for elektronisk identifisering i forhold til nokre sentrale offentlege tenester.
Mitt departement arbeider derfor i desse dagar med ein ny strategi for eID og e-signatur for offentleg sektor. Eg håpar og ønskjer at vi vil vi kunne leggje fram denne i haust ein gong. Strategiforslaget skal samkøyrast med framlegget frå Justisdepartementet om eit nasjonalt ID-kort.
Innbyggjarane og næringslivet ynskjer seg fleire sjølbetente løysingar på nettet. Utviklinga av ein felles eID-infrastruktur for kommunikasjon med, og i, offentleg sektor er ein føresetnad for å få fart på det elektroniske tenestetilbodet i offentleg sektor, for elektronisk handel og for trygg samhandling på Internett. Den er kritisk for vidareutvikling og utviding av tenestetilbodet i Miside, og den er viktig for den vidare utviklinga av Altinn. Ein felles eID er viktig for mange etatar for at dei skal kunne auke og forbetre tenestetilbodet sitt og for at fleire brukarar skal kunne nytte det.
Det er fleire gevinstar å hente ut ved felles, langsiktige eID-løysingar:
- Utvikling av nye tenester.
- Forenkling for innbyggjarar.
- Redusert kompleksitet og kostnader knytta til tryggingsløysingar.
- Offentlege verksemder får føreseielege vilkår.
Det er store gevinstar å hente på å samordne og vidareutvikle dei tekniske identifikasjonsløysingane som vert nytta i offentleg sektor i dag. Dette arbeidet er eit viktig element i fornyingsarbeidet. Dei tekniske løysingane i offentleg sektor må utviklast på ein slik måte at dei sikrar elektronisk samhandling i offentleg sektor på same tid som dei varetek privat sektor sitt behov for å kommunisere elektronisk med offentleg sektor. Vi vil derfor vurdere i kva grad og på kva måtar det er mogleg å gjenbruke element av etatsvise og private løysingar innanfor ramma av strategien. Dessutan vil vi gjere ei nærmare vurdering av korleis private eID-løysingar kan nyttast i samband med elektronisk kommunikasjon med offentleg sektor.
Sjølv om vi tek sikte på å få på plass ein ny strategi for bruk av eID og e-signatur i offentleg sektor i løpet av hausten, vil det ta tid før offentleg utsteda eID’ar kan rullast ut til brukarane. Det er i denne samanheng uhyre viktig at tenesteutviklinga i offentleg og privat sektor ikkje stoppar opp i påvente av at desse fellesløysingane kjem på plass.
Vi har eit felles ansvar for å styrkje informasjonstryggleiken i samfunnet. I dag er det mange måtar verksemder og dei ulike sektorane i samfunnet er avhengige av kvarandre når det gjeld bruk av IKT. Dette gjer det vanskeleg for den enkelte verksemd, spesielt dei små og mellomstore, å vurdere dei totale konsekvensane for samfunnet av manglande innsats knytt til informasjonstryggleik. Eg trur det er viktig å byggje ein tryggleikskultur der kvar einskild tek på seg ansvar og treffer tiltak for å styrkje personvernet og informasjonstryggleiken i samfunnet. Det er viktig at store bedrifter går føre i utviklinga av sikre nettløysingar. Derfor er eg glad for at Posten tek ansvar og viser veg når de legg opp til eit fleksibelt tryggleikssystem som alle kan dra nytte av.
Eg er og glad for at Posten tar inn sine tenester på Miside. Frå i dag av er adresseendring tilgjengeleg der, og Posten kjem med fleire tenester på Miside framover.
Eg vil ønskje Posten lykke til med det vidare i arbeidet med eID, informasjonstryggleiken og nye elektroniske tenester, og erklærer med dette Postens nye omadresseringsteneste på nett for opna.