Historisk arkiv

Personvern veg tungt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

For oss som er opptekne av personvern er poenget nettopp at tiltak som bidrar til andre politiske mål, som nedkjemping av kriminalitet, må vegast mot personvernet, skriv statsråd Grande Røys i Bergens Tidende.

For oss som er opptekne av personvern er poenget nettopp at tiltak som bidrar til andre politiske mål, som nedkjemping av kriminalitet, må vegast mot personvernet, skriv statsråd Grande Røys i Bergens Tidende.

BT 16. nov. 2007 meiner statsministeren ikkje er klår nok i prioriteringa av personvern og gjer eit nummer ut av at personvernet vert vege mot andre omsyn.  For oss som er opptekne av personvern, er det nettopp det som er poenget: Tiltak som bidrar til andre politiske mål, som nedkjemping av kriminalitet, må vegast mot personvernet. Problemet er snarare at denne avveginga ikkje alltid vert gjord – dermed taper personvernet.

Regjeringa har lagt fram fleire forslag som styrkjer personvernet, mellom anna forslag om forbod mot at helsepersonell skaffar seg tilgang til pasientopplysningar som dei ikkje skal nytte til behandling av pasientar. Forskriftsforslaget får brei tilslutning og er eit viktig personverntiltak.

Kroppscanning på norske flyplassar er ikkje vedteke i regjeringa. Etter den kritikken som er kommen mot scanninga, har Avinor bestemt seg for å utsetje tiltaka. Skal slike tiltak innførast permanent på norske lufthamner, vil dette måtte ha grunnlag i ein brei debatt der personvernomsyn skal og må vege tungt.

Personvernet er under stadig press, mellom anna ved at nye teknologiske løysingar gjer høvet til å behandle personopplysningar så uendeleg mykje større. Men teknologi kan òg fremje personvern. Dette er eitt av dei berande elementa i IKT-meldinga frå 2006.

Tekniske løysingar som sikrar den einskilde betre innsyn i kva for opplysningar som finst om ein sjølv, er eitt døme. Slikt innsyn er heilt avgjerande for at kvar einskild av oss skal kunne ivareta personvernet. Slikt innsyn er mogleg gjennom Miside.no. 

Datatilsynet har fått ekstra prosjektmidlar både i 2006 og 2007, særleg til informasjonstiltak retta mot barn og unge (www.dubestemmer.no). Kampanjen er nominert til ein europeisk personvernpris! Datatilsynet har òg hatt fokus på tiltak som skal setje norske verksemder betre i stand til å etterleve personvernregelverket – til beste for oss alle.

Personvernkommisjonen er altså berre eitt av mange tiltak på personvernområdet. Og regjeringa sit slett ikkje stille og ventar på arbeidet til kommisjonen. Men i likskap med BT, har vi store forventningar til det!