Historisk arkiv

Personvernet i ei brytningstid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Overalt rundt oss skjer det ei stadig meir omfattande registrering og intensiv bruk av personopplysningar. Derfor treng vi debatt og meir kunnskap om kva for utfordringar personvernet står overfor i dagens høgteknologiske samfunn, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i årets personvernrapport.

Overalt rundt oss skjer det ei stadig meir omfattande registrering og intensiv bruk av personopplysningar. Derfor treng vi debatt og meir kunnskap om kva for utfordringar personvernet står overfor i dagens høgteknologiske samfunn. Samtidig kan vi heller ikkje sitje passivt og vente på at framtida innhentar oss. Derfor har regjeringa ein aktiv politikk på personvernområdet.

Den store personvernundersøkinga viste at svært få tenkjer særleg over at det vert samla inn opplysningar om oss, eller vi bryr oss faktisk ikkje om det. Det er stor tiltru til at behandlinga av personopplysningar i offentlege organ og private verksemder faktisk går føre seg på ein ordentleg måte. Samtidig er det lita forståing for at kvar enkelt sjølv må ta eit aktivt ansvar når det gjeld å ta vare på personvernet for seg sjølv og andre. Det er kanskje ikkje så rart. For det er vanskeleg for den enkelte å sjå kva risiko som finst for innsamling og misbruk av personopplysningar. Undersøkinga viste at dei fleste av oss må verte meir bevisste på, og få betre kunnskapar om elektroniske spor og personvern. Folk må i større grad få hjelp til å kunne ta ansvar for sitt eige personvern og vise respekt for andre sitt. Vi skal hjelpe dei.

I Stortingsmeldinga ”Eit informasjonssamfunn for alle” (St.meld. nr. 17 2006-2007) peikar regjeringa på den sårbare stillinga personvernet har komme i. Der kjem regjeringa òg med konkrete forslag til kva som kan og bør gjerast for å betre situasjonen. Mykje er gjort allereie.

Regjeringa auka i fjor budsjettet til Datatilsynet med 2 millionar kroner for å auke merksemda og spreie kunnskap om personvern, rettar og plikter. Vi ynskte å gjere dei unge meir bevisste på bruk av personopplysningar om seg sjølve og andre på Internett, og å skape refleksjon og diskusjon. I samarbeid med Utdanningsdirektoratet og Teknologirådet utvikla Datatilsynet ein eigen nettstad; «www.dubestemmer.no». Materiell er sendt ut til alle ungdomsskular og vidaregåande skular. Lageret vert tømt og nytt materiell er trykt opp. Tilbakemeldingane frå skulane er at det er eit stort udekt behov for informasjon om temaet. Skulane har tinga undervisningsopplegg ikkje berre til den målgruppa det vart spissa inn mot, men faktisk til heile ungdomsskulen og alle klassar i vidaregåande skule.

Tankelaus bruk av chattekanalar på Internett kan få kan få store og uheldige konsekvensar for unge menneske. Berre eit feil tastetrykk er nok før svært personlege opplysningar eller bilete av deg ligg opent tilgjengeleg på nettet. Mange har angra blodig på ein augneblinks tankeløyse. Mange fleire enn skuleungdom kan lære av informasjonen og filmane som ligg på nettsidene www.dubestemmer.no.

Regjeringa opprettar no ein personvernkommisjon. Vi treng openheit og debatt for å auke medvitet rundt personvern. I dagens informasjonssamfunn blir personvernet utfordra på ein ny måte. Derfor meiner regjeringa det er behov for å vurdere om den nye teknologien som omgir oss, fører til at vi må endre oppfatningane våre om personvern og datatryggleik.

På grunn av dei mangearta personvernutfordringane vi står overfor i dag, og vil komme til å stå overfor i tida framover, er det behov for ein heilskapleg status over disse utfordringane. I tillegg til ein gjennomgang av personverntruslar må òg lovgiving og andre verkemiddel for å vareta personvernet kartleggjast, evaluerast og sjåast i samanheng. Personvernspørsmål er sektorovergripande og det er ei utfordring å sørgje for at ulike sektorvise reformer ikkje fører til at det samla overvakingsnivået blir for stort. Så håpar vi sjølvsagt òg at kommisjonen sitt arbeid vil føre til ordskifte i det offentlege rom. Noreg treng ein brei offentleg debatt om personvernet.

Ei viktig spørsmål knytt til personvernet, er retten til å vere anonym. Skal vi ha ein lovfesta rett til å ferdast anonymt eller må vi godta at nokon alltid veit kvar vi har vore og når vi var der? Det bør diskuterast kva forholdet skal vere mellom å oppretthalde tryggleiken i samfunnet gjennom overvaking og retten vår til privatliv og anonymitet. Mange kryssande omsyn skal ivaretakast og balansegangen vil bli vanskeleg å finne. Regjeringa meiner det framleis må vere tilbod om anonyme løysingar i samanhengar der det ikkje er nødvendig å identifisere seg.

Personvernkommisjonen må ta på alvor at vi alle gjennom fleire daglege handlingar etterlet oss registrerte og logga elektroniske spor. Ny teknologi har vorte tilgjengeleg for privatpersonar som òg kan nytte desse til å overvake andre. Allmenn tilgang til Internett og tekniske nyvinningar som mobiltelefoni med kamera fører til at personvernet også vert utfordra av naboar og vener. Folk tek i bruk nye og betre elektroniske tenester, tilsynelatande utan ei grundig vurdering av at det aukar registreringa av personopplysningar med dei utfordringar dette kan ha for personvernet. Arbeidet til kommisjonen skal gi oss eit godt grunnlag for å vurdere konkrete forslag til korleis vi skal ta vare på personvernet, anten det gjeld å ta i bruk ny teknologi eller korleis dagens verkemiddel kan brukast endå meir effektivt.

Vi lever i eit informasjonssamfunn med dei moglegheiter det fører med seg. Vi har likevel eit ansvar for å hjelpe innbyggjarane til å tenkje på og ta omsyn til vernet av sin eigen person når dei reiser, handlar, køyrer gjennom bomringen, søkjer på nettet eller brukar mobiltelefonen. Vi tek ansvaret og skal hjelpe til. Det er først når du opplever at dine personopplysningar blir misbrukt, at du tenkjer deg om. Men då kan det vere for seint.