Prøving gjev rettstryggleik
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 11.01.2007
Av: Tidligere fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys
Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Aftenposten 11. januar 2007.
Prøving gjev rettstryggleik
Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Aftenposten 11. januar 2007.
Aftenposten kritiserer meg på leiarplass i gårsdagens avis for omgjeringar av Konkurransetilsynets vedtak i konkurransesaker. Det er særleg unntaksføresegnene i konkurranselova eg skal ha nytta meg hyppig av. "Grande Røys har . . . vist at hun ikke nøler med å bruke denne unntaksparagrafen hver gang hun, etter intens jakt, ikke greier å finne faglige mangler ved Konkurransetilsynets avgjørelser. Hun er tilsynelatende blitt så vant til dette at hun tror det er lovens normale system."
Etter den nye konkurranselova er tilsynet sine vedtak endra tre gonger. I saka om National Oilwell og Varco meinte departementet at marknaden for boreutstyr til oljeriggar var ein verdsmarknad, medan tilsynet meinte den var avgrensa til Nordsjøen. Denne fusjonen vart behandla av ei rekkje andre konkurransemyndigheiter verda rundt, og ingen fann grunnlag for inngrep. Dette var ei reint fagleg avgjerd.
Òg i fusjonen mellom Gilde og Prior enda departementet opp med ein annan konklusjon enn tilsynet. Dersom Aftenposten hadde lese vedtaket, ville avisa sett at departementet i denne saka hadde vore på `intens jakt` etter faglege argument for å oppretthalde tilsynet sitt vedtak.
Det er berre i saka om Priors oppkjøp av Nordgården regjeringa har omgjort tilsynets vedtak som følgje av ei politisk avveging mellom konkurranseomsyn og andre samfunnsomsyn.
Det er elles ingen dramatikk i at nokre av avgjerdene tilsynet har fatta er omgjorde på fagleg grunnlag. Systemet i forvaltningslova er at tilsynets avgjerder kan prøvast av eit overordna organ. Då må
sjølvsagt også departementet gjere ei reell prøving. Også i andre land og i EU resulterer dette i at vedtak vert omgjorde. Det er ein viktig garanti for rettstryggleik.
Til slutt eit par ord om intervjuet Aftenposten hadde med meg i gårsdagens avis under tittelen "Greit at tilsynet glemmer landbruket". Eg streka under to gonger i intervjuet at Konkurransetilsynet skal gripe inn i alle saker - òg landbrukssaker - dersom dei meiner Konkurranselova ikkje vert følgd. Då er det sterkt av Aftenposten å bruke ein slik tittel.